Torsdag
23/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Eit solid stykke handverk


Tok ansvar: Hans Kilen laga denne kyrkjeporten i 1953. På eige initiativ har smeden pussa opp portane slik at dei på ny kan skine ved Kviteseid kyrkjegard.

Smeden Hans Kilen har pussa opp to kyrkjeportar frå Kviteseid kyrkje. Den eine laga far hans, Kittil Kilen, i 1927, den andre porten laga han sjølv i 1953. Denne sommaren kjem portane på plass att etter ei solid opprusting.




Me er tilbake før sveiseapparatets tid då smeden i Kviteseid, Kittil Kilen, handbora, smidde og klinka saman kyrkjeporten som sidan den tid har stått ved kyrkjegarden tett på Risingskotvegen ovanfor kyrkja i Kviteseid.
– Eg har tenkt på at eg burde pusse opp portane i mange år. Porten blei laga i 1927, eg har finne årstalet far min slo inn i porten her, fortel Hans Kilen og viser tydelege bokstavar og tal frå handa til ein dyktig handverkar.
Hans er godt i gang med arbeidet for å ruste opp den gamle kyrkjeporten då VTB tek turen innom verkstaden han etablerte i bygda i 1983.

Eige initiativ
Kyrkjetenar i Kviteseid, Jan Gunnar Haugen, fortel at det var Hans som kom med forslaget om å pusse opp dei gamle kyrkjeportane ved Kviteseid kyrkje.
– Det var kjempeflott at Hans tok initiativet til å pusse opp portane, og det er sjølvsagt ekstra spesielt sidan det var far hans som laga den eine porten, seier Haugen takksam.
Den store, flotte porten Kittil Kilen laga er eit stykke kunst i seg sjølv.
– Her stod far min med handborr, og kvart feste er klinka fast for hand. Akkurat nå driv eg å lagar nye roser til porten. Dei som far min laga var rusta, mosegrodd og øydelagt. Nå har eg klypt ut og fila til nye roser i rustfritt stål, så dei burde halde ei god stund, smiler smeden.
Han er oppteken av å nytte den same teknikken som far hans bruka.
– Det er viktig å ikkje forandre på det, meiner Hans.
Han er stolt av det flotte arbeidet faren Kittil gjorde i 1927.
– Porten er godt laga, og svært nøyaktig. Det er utruleg at han er så flott som han eigentleg er. Han har stått ute i vêr og vind heilt sidan han var ny, seier Hans og meiner porten er unik.
– Eg veit ikkje om ein liknande port, seier han.
Solnedgang
Men Hans tok på seg enno eit opprustingsprosjekt då han fyrst tok turen til kyrkjegarden. For der stod også ein kyrkjeport han sjølv laga i 1953.
Porten blei teikna av soknepresten i bygda på denne tida, Olav Bjørgum.
– Han teikna porten som illustrerer ein solnedgang og fjellsilhuetten ein ser frå kyrkja og ut over fjorden. Solstrålane ligg ned på fjella, forklarar Hans.
Kyrkjetenaren fortel at denne porten skal få plass på den nye kyrkjegarden, på nedsida av vegen.

Ikkje i bruk
Hans trur ikkje porten med solnedgangen har vore i bruk på 20-25 år. Han minnest at han stod inntil veggen på bårehuset.
– Han har blitt køyrd på og blitt litt krokut. Eg måtte rette han opp, lage nye feste og nye stolpar med justering som skal halde den nyopprusta porten på plass. På sidestolpane har eg også laga same kross-symbolet som var på låsen til porten, fortel Kilen-smeden.
Kyrkjetenaren er svært nøgd med arbeidet Hans utfører.
– Det er kunst og eit imponerande handverk, seier han.
Ved Kviteseid kyrkje finn ein også ein tredje port laga av ein Kilen-smed. Denne porten blei også laga på 50-talet av bror til Hans, Rolf Kilen. Porten er plassert tett på vegen i inngangen til kyrkja.

Mange kyrkjelege oppdrag
Hans har også laga portar til kyrkja i Brunkeberg og kapellet i Kilen.
– Så oppgåvene har vore mange og varierte opp gjennom tida, seier Hans.
Han nemner alt frå å leggje tak på kyrkja i Fjågesund, til ulik produksjon av kunstsmiing og til å lage mange stålamper.
– Ja, det var slik det starta, seier Hans.
Han var ikkje gamle karen då han blei med far sin i smia.

Lampa
Som 14-åring var han godt i gang med arbeidet i smia, og for ei tid sidan blei det funne ei gamal smidd stålampe.
– Ho låg på loftet på Granlien, eg meiner dette må vere ei av dei fyrste lampene eg laga, seier Hans.
I tillegg til oppdraget med å ruste opp dei gamle kyrkjeportane held smeden framleis på litt i smia.
– Det blir nokon ljoskroner og beslag innimellom anna småtteri, seier han.

Snart klare
Nå er portane kome til neste stasjon hos Haugerød og Nilsen i Brunkeberg.
– Der blir dei sandblåste og lakkera. Me håpar å få dei på plass ved kyrkjegarden i Kviteseid i sommar, og Hans må vere med meg, slik at me får dei skikkeleg på plass, seier kyrkjetenar Haugen.


Artikkelen er publisert 28/04-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild