|
Fredag 24/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Saman om å få bygda vidare
 Dialog: Nissedalordførar Halvor Homme var godt nøgd med frammøtet og dialogen på Felle-møtet.
|
Politikarane i Nissedal har vore på dialogmøte med fellsingane, og blir gjerne med på å få Felle vidare. Oppmodinga er å bruke demokratiske framgangsmåtar og vere samkøyrde.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Sist fredag stod Nissedal-ordførar Halvor Homme (Ap) bak eit initiativ med å ha folkemøte på Felle. Grunnane var mellom anna at ordføraren følte ein til tider ikkje hadde hatt skikkeleg dialog med bygda, og ein ville sjå nærare på arealforvaltinga i området.
Alle dei fem politiske partia i Nissedal var representerte på møtet, og det kom totalt elleve kommunestyrepolitikarar. Vidare var innbyggjarane på Felle flinke til å møte opp.
– At det kjem så mange her i dag er viktig for å få eit godt møte. Kjernen er at me saman må jobbe Felle vidare, og me må få fram synspunkt og signal om kva fellsingane ynskjer i grenda si, innleia ordføraren.
Han tok så føre seg gladmeldinga om at det no blir barnehage på Felle. Det skjer etter at alle aktuelle foreldre har meldt kvart sitt barn på tilbodet. Fire barn skal ha heiltidstilbod, og to andre blir der på deltid. Fleire av barna er så små at dei tel som to barnehageplassar.
391 ledige tomter
Ordføraren fortalde at eit politisk bu- og næringsutval har sett på aktuelle bustadområde på Felle. Fordelt på tri felt kan det vere snakk om 14 bustadtomter som kan opparbeidast.
Plansjef Sveinung Seljås orienterte om regulerte hyttefelt på Felle. Rundt 200 hytter er knytt til det kommunale reinseanlegget som blei bygd i 2002, og dermed er dei med og bidreg med kommunale avgifter. Totalt er det godkjent 636 hyttetomter på regulerte felt i Felle-området, og 391 av dei står ledige.
– Eg er imponert over kva de har fått til av hyttebygging på Felle, og satsinga frå 1998 har vore vellykka, kommenterte Seljås om dei 245 hyttene som er bygd der.
Ordføraren fylgde opp med påstand om at utviklinga i hyttebygginga har vore positiv for Felle og Nissedal kommune. Ein ting han undra på var om ein framleis skal binde opp planlagde hyttefelt som det viser seg ikkje blir starta på.
– Still meir krav til når planane skal i gang, svara Knut Martin Felle.
Nissedal kommune nådde målet som blei sett i 1998 om dobling til 2.000 hytter i 2010.
– Det er eit eventyr det som har skjedd. Ein lokal utbyggjar på Felle lykkast her. Eg er veldig spent på vidare utvikling, sa Øyvind Tveit (KrF).
Sårt punkt
På Felle har nokon sett opp skilt om nei til vidare hyttebygging i bygda. Dette har andre fellsingar reagert kraftig på, og ein av dei er Torleif Skåli.
– Dei som har sett opp skilta kunne ha yppa seg mykje meir her i kveld, etterlyste Skåli på folkemøtet.
– Eg er ein av dei som synest nok er nok med hytter på Felle, men det er ikkje personleg meint. Dei felta som er godkjente kan me ikkje gjere noko med, sa Ingrid Felli Sandåker, og tenkte på dei 391 ledige hyttetomtene.
– Feilen med skilta er at somme bygdefolk tek på seg å meine noko for heile Felle. Det står nei til vidare hyttebygging i bygda vår, sa Knut Martin Felle.
– Skilta er den dårlegaste reklamen me kan ha for bygda, sa Stein Skåli.
– Det er svært uheldig at det er intern strid. Eg håper de klarer å samle skytsen mot eit mål som er det beste for grenda, sa ordføraren.
– Eg føler me rører ved det såraste punktet no. Det med skilt har me veldig negativ erfaring med i Nissedal kommune. Bruk heller den demokratiske prosessen, oppmoda Tveit.
– Hadde me ikkje hatt hyttene, hadde Nissedal vore ein fattig kommune. Eg håper på vegne av heile kommunen at skilta blir fjerna. De er utruleg flinke på Felle, men de må vere samkøyrde, sa Jørgen Nes (Frp).
Møte opp personleg
I lang tid har fellsingane etterlyst asfaltering på Telemarks-delen av fylkesvegen. Vedlikehaldet er noko heilt anna på Agder-delen. På folkemøtet blei det sådd ein tanke om kommunen kunne forskottere asfaltering av ein elendig strekning på mellom tri og fire kilometer.
– Me kan ikkje leve med slik det er i dag at ein stubb blir vanskjøtta på denne måten. Stubben må bli likebehandla med resten av vegen. Me må møte opp personleg og snakke med vegsjefen, sa Tveit.
Torleiv Skåli meinte ein måtte leite opp den mannen i Vegvesenet som har fullmakt til å flytte vegpengar frå der til der.
Unni Felle minna om at kommunen hadde lova asfalt frå butikken på Felle og bortover den kommunale strekninga til kapellet, men ingen ting skjedde. Vidare meinte ho det var viktig å få gateljos i området. Ein annan ting ho var oppteken av, var at folk på Felle mengar seg saman med dei som er i Treungen, og at ein har meir samarbeid.
Runa Vee Tveit (Ap) undra om ein til dømes kan la skuleskyssen gå etter at aktivitetane i Treungen er over, så det ikkje blir så mykje køyring. Kan ungdomane gå rett på fritidsklubben etter skulen?
– Dette er ting eg ynskjer å sjå på. Eg håper å finne nokre kroner og måtar å gjere det på, sa ho.
Konsesjonslova
Knut Martin Felle påpeika at det var tri viktige ting å ha på Felle; barnehage, fungerande landhandel og han håpa på ei positiv utvikling som bringer skulen tilbake. Eit problem han påpeika er at folk byggjer hus for to millionar kroner, og får kanskje selt det for bare ein million. Han oppmoda kommunen om å sjå på konsesjonslova og bupliktene, og såg gjerne at nullkonsesjonsgrensa blei tatt bort.
– Den sikraste måten å få Felle vidare på er ungdomen som har gjort ein knalljobb, sa Stein Skåli, og tenkte på foreldra som no står saman om å nytte det nye barnehagetilbodet.
– Eg trur ikkje de skal vere bekymra for Felle, og eg ser lyst på framtida. Her er mykje bra ungdom, og nokre av dei har også byrja å få barn, sa Tore Skåli.
– Alt som er bra for Felle er bra for Treungen. Me må prøve så godt me kan å tenkje at alle er ein del av Nissedal kommune. De må nytte dei tri kommunestyrerepresentantane frå Felle maksimalt. Bruk dei og ordføraren så mykje de bare orkar. Takk for eit sivilisert, ryddig og godt møte, avslutta ordføraren kvelden.
Knut S. Haugstøyl var ein av dei som rosa møteleiaren overfor VTB etterpå.
– Ordføraren prøvar å løyse ein konflikt som held på å splitte ei bygd, seier Haugstøyl.
– Det var god dialog, utruleg positivitet og eg blei imponert over møtedeltakarane. Dei er interesserte i å ta tak i nosituasjonen, og gjere det beste for bygda si. Eg håper å bli trudd på at me ynskjer det beste for Felle, seier ordføraren til lokalavisa.
Artikkelen er publisert 26/04-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|