Tysdag
21/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Fyresdal i økonomi-eliten


Kommuneøkonomi: Det kostar å drive ein kommune. Og den delen ein har igjen når alle utgifter er betalte, indikerer om kommunen har ein sunn kommuneøkonomi eller ei. (Illustrasjonsfoto)

Den årlege «temperaturmålinga» av kommunanes økonomi er lystig lesestoff for Fyresdal. Trass i ein liten nedgang er Fyresdal nummer fem blant Noregs 430 kommunar. Men Seljord slit.




Ei fersk oppdatering av økonomien i alle Noregs kommunar viser at 2011 blei eit svært bra år for Fyresdal. Eigentleg blei det ganske så bra for alle kommunane i Vest-Telemark, bortsett frå i Seljord.

Tre prosent = Sunn økonomi
Kvart år kan kommuneøkonomien målast på bakgrunn av netto driftsresultat i dei ulike kommunane. I korte vendingar kan ein fastslå at netto driftsresultatet må vere på minst tre prosent av brutto driftsinntekter – over fleire år – for at kommuneøkonomien skal bli stempla som sunn og god.
Det er altså netto driftsresultat som indikerer kva økonomisk balanse kommunane i Vest-Telemark er i. Og om dette er tre prosent av inntektene, så blir formuebevaringsprinsippet ivareteke på ein god måte.

Sunn økonomi = Investeringsmoglegheiter
Ein kommunerekneskap kan for «mannen i gata» opplevast som både innvikla og omstendeleg. Men på mange måtar kan ein sjå det heile på same måten som i ei bedrift. Med eit godt driftsresultat over ein lenger tidsperiode kan ein setje av meir pengar til finansiering av for eksempel skule og sjukeheim. Eller ein kan spare midlar til bruk i framtida.

Fasit i Fyresdal
Rekneskapen for 2011 viser at Fyresdal kommune hadde eit netto driftsresultat på nesten 15 millionar kroner. Sett opp mot brutto driftsinntekter viser dette at resultatet i fjor var på pene 10,4 prosent, som sjølvsagt er mykje betre enn det som indikerer sunn kommuneøkonomi. Det er berre fire kommunar i heile kongeriket som hadde betre økonomi enn Fyresdal i 2011. (Av dei 389 kommunane i Noreg som har resultatet klart).

Økonomijubel blant vesttelane
Generelt kan ein seie at kommunane i Vest-Telemark kjem svært bra ut på landsoversikta. Fyresdal er heilt oppe i toppen, men også Tokke og Vinje har mykje å skryte av her. Tokke med 6,7 og Vinje med 5,9 prosent i resultat let høyre frå seg. Det gir 26. og 38. plass på tabellen.

Nedgang i Kviteseid
Kviteseid er nummer 133 på den lista, med eit resultat på tre prosent. Dette resultatet er svakare enn det har vore i denne kommunen dei siste åra. Resultatet har lege mellom ni og tolv prosent dei fire føregåande åra.

Seljord mest «usunn»
Nissedal har variert mykje dei seinaste åra, og i fjor blei det eit resultat på 3,3 prosent. Ein fin auke frå 2010, då det blei minus 5,8 prosent.
I Seljord må ein ta til takke med ein nasjonal 288. plass (av 389). Her gjekk ein i null, etter eit resultat på 44 000 kroner i minus. Kommunen skil seg derfor noko frå dei andre kommunane i regionen. Året før hadde Seljord eit resultat på 1,5 prosent.

Noregs beste økonomi
Det er Teknisk berekningsutval som med berekningane sine avgjer om kommunen kan seiast å ha god økonomi eller ei.
Ut frå denne «målinga» er det forsvarleg å kåre Aukra i Møre og Romsdal til den kommunen i Noreg med sunnaste økonomi i 2011. Gasskommunen har eit driftsresultat på dryge 25 prosent av inntektene. Deretter følgjer tre kommunar med knapt tolv prosent i driftsresultat. Det er Gulen i Sogn og Fjordane, og Oppland-kommunane Ringebu og Øystre Slidre.

Mest til skule og helse
Det er postane skule/undervisning, og pleie og omsorg, som dominerer utgiftene til Fyresdal og alle andre kommunar. Meir enn femti prosent av dei samla driftsutgiftene går til desse to tenesteområda.


Artikkelen er publisert 26/04-2012

Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten