Torsdag
23/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Elgane slapp billigare unna


Ut på jakt: Jakt er ein populær geskjeft over heile Noreg. Omkring 145 000 nordmenn går på jakt kvar sesong. Omtrent 40 prosent av dei jakter berre på hjortevilt (elg, hjort, rådyr og villrein). Ytterlegare 25 prosent jaktar både hjortevilt og småvilt. (Illustrasjonsfoto)

Vi skal ikkje påstå at jegerane i Vest-Telemark skaut dårlegare under den siste jakta, men det er uansett treffsikkert å slå fast at talet felte hjort og elg blei redusert.




I løpet av jaktsesongen 2011-12 blei det felt 212 elgar i Fyresdal kommune. Det er heile 23 færre enn året før. Men framleis er Fyresdal å rekna som den største elg-kommunen i Vest-Telemark.

Elg i Kviteseid
I Kviteseid kommune er det òg store jaktmarker for elgjegerane. Det blei skotne 203 elgar, som er elleve færre enn året før. Nedgangen har altså vore merkbar i dei to nemnde kommunane. Men det er faktisk ein liten auke i alle dei andre kommunane i Vest-Telemark. Men ikkje ein særleg dramatisk vekst akkurat. Seljord auka med fem elgar på det meste.
I heile Vest-Telemark blei det felt 1 004 elgar, noko som er ned 23 frå jakta året før.

Ulike jaktmarker
Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som no kan vise til førebelse jaktresultat for elg og hjort i sesongen frå hausten 2011 og vinteren 2012.
Det er klare skilje mellom landsdelane når det gjeld hjort- og elgjakt. Elg er konsentrert rundt Austlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg, mens hjortejakta i fyrste rekkje skjer på Vestlandet.
Det blei skotne elg i kvart einaste fylke, med Hedmark på topp med 7 623 felte dyr. Sogn og Fjordane kjem så vidt med på lista med 13 felte elgar.

Størst på elg
Den største elg-kommunen i Noreg, målt etter felte dyr, er Trysil i Hedmark, der 923 elgar blei skotne under jakta 2011-12. Deretter følgjer Steinkjer med 748 og Stor-Elvdal i Hedmark med 733.
På denne lista kan vi slå fast at Fyresdal kommune er Noregs 49. største elg-kommune.

Fire av fem blir skotne
Det blei felt totalt 36 600 elgar i Noreg under den siste jakta. Det er ein liten auke på 200 dyr frå førre jakt. Fellingsprosenten for elg ligg på 81 – for fjerde året på rad.
Den klart største elg-kommunen i Telemark er Notodden, der 367 dyr blei felt sist jaktsesong.

Størst på hjort
Hjort er det ikkje så mykje av i Telemark. Til saman blei det felt 483 hjortar i heile fylket. Det er Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som er dei klart største hjortefylka. Fyrstnemnde med drygt 10 800 felte dyr, og nabofylket i nord med 10 150 dyr. Fire fylker i Noreg har ingen felte hjortar i det heileteke, og ytterlegare tre fylke har berre nokre få. Det blir registrert stadig fleire hjortar på Austlandet, men mengda felte dyr er lågt enno.

Tokke størst på hjort
I Vest-Telemark blei det felt 113 hjortar under siste jakt. Dette er 19 færre enn året før. Vinje skil seg ut med ein auke på ti dyr, mens Tokke går tilbake med 16 dyr. Sistnemnde er likevel den største hjortekommunen i Vest-Telemark, med totalt 34 felte dyr.

Alltid på hjortetoppen
Det er Kvinnherad i Hordaland som er klart størst på felte hjortar, med 1 250. Denne kommunen tronar øvst på tabellen år etter år. Deretter følgjer Hitra i Sør-Trøndelag med 890, og Aure i Møre og Romsdal med 885 felte hjortar.

Historisk nedgang
Det blir stadig fleire hjortar i Noreg, og jaktrekordane blir slått år etter år. Men sist gong var det ein stoppar for dette. For fyrste gong sidan jaktsesongen 1989-90 var det nedgang i talet felte hjortar på landsbasis. Det blei felt nesten 36 800 dyr, noko som er ein nedgang på nær seks prosent (2 300 færre dyr). Nedgangen er nesten berre i dei to største hjortefylka.
– At det blei ein nedgang etter to tøffe vintrar vestafjells skulle berre mangle. Vi var nesten oppe i 40 000 felte hjortar, noko som er nærmare fire gonger så mange dyr som blei felt på slutten av åttitalet, poengterer Noregs Jeger og Fiskerforbund i ein artikkel om statistikken frå SSB.

To av tre blei skoten
Aldri før har fellingsløyve for hjort vore større. Heile 56 000 dyr var kvoten denne sesongen, men kvart tredje dyr slapp unna med skrekken. Fellingsprosenten hamna nemleg på 66.


Artikkelen er publisert 24/04-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild