|
Laurdag 25/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Skrur opp marknadsføringa etter kvart
 Meir: – Skiltet er berre ein liten del av marknadsføringa av næringsarealet i Høydalsmo, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.
|
Det har ikkje vore den heilt store pågangen etter det ledige næringsarealet som Tokke kommune har avertert i Høydalsmo. – Me veit at det skal meir til enn berre eit skilt, seier Tokke-ordføraren.
Stein Olav Lie redaksjon@vtb.no
– Eg er godt fornøgd med at skiltet som informerar om det ledige arealet kom opp sist haust. Og skiltet er ikkje berre ein gimmick, det er ein del av marknadsføringa, som me vil intensivere etter kvart, seier Hilde Alice Vågslid (Ap), ordførar i Tokke.
Monaleg storleik
Området det er snakk om ligg like vest for Shell-stasjonen i Høydalsmo. Kommunen eig arealet, men det er også privateigd areal der som kommunen prøvar å kjøpe for å få ein heilskap og eit areal av monaleg storleik.
– Me er i tingingar med grunneigarane, og målet må vere å få i stand ei avtale båe partar kan vere fornøgde med. Det er ikkje hemmeleg at det handlar om pris, fortel Vågslid.
Det er området sør og aust for bensinstasjon som kommunen forhandlar om. Får dei tilslaget blir det totalt sett eit stort areal det er snakk om.
Salsoppgåve kjem
– Då blir det eit samanhengande ganske stort areal som gjev rom for mange forskjellige aktivitetar. Per i dag har me kontakt med ein interessent som vurderar å etablere seg på tomta som kommunen alt eig. Det er eventuelt snakk om eit forretningsbygg. Så snart tingingane med grunneigarane er i hamn vil kommunen lage eit salsprospekt, forklarer ordføraren.
– Men eg skulle gjerne sagt til deg at me alt i dag har mange interessentar som vil etablere seg. Med meir marknadsføring har eg trua på at situasjonen kan bli slik. Området langs E134 bør vere attraktivt, legg ho til.
Opnar for mangfald
– Om tingingane med grunneigarane går i boks, vil arealet bli vesentleg mykje større. Det opnar også for eit større mangfald med tanke på etableringar. Me må ha trua på at me kan utvikle arealet, og eg ser føre meg både forretningsbygg, industribygg, kanskje ein campingplass og eventuelt også bustadhus, seier næringssjef i Tokke, Nils Gjerde.
Artikkelen er publisert 24/04-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|