|
Onsdag 22/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Opnar for handel ved E 134
 Sentrumsplan: Jon Svartdal meinte politikarane ikkje kan stoppe utviklinga med handel ned mot E 134.
|
To og eit halvt år etter at arbeidet starta opp, vedtok kommunestyret i Seljord endeleg ny kommunedelplan for sentrum. Her blir det mellom anna opna for handel ned mot E 134.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Eit av dei store stridstema i arbeidet med ny kommunedelplanen for Seljord sentrum har vore framtida til Brøløs. Torsdag blei planen godkjent av kommunestyret. Som det har lege i saka ei stund, opnar politikarane no for at volumkrevjande handel- og servicenæringar kan etablere seg langs Ingrid Slettens veg ned mot E 134.
Varaordførar Jon Svartdal (KrF) meinte politikarane ikkje skal stoppe utviklinga. Då risikerer ein at utviklinga av Seljord som handelssenter stoppar, og at aktørar kan velje andre stadar enn Seljord om ein blir tvinga til å etablere seg på den tradisjonsrike gata.
– Toget har gått. Det er så mykje som er flytta ned til Vekan alt, sa Svartdal.
Det reagerte Aud Jonskås (Ap) på.
– Det er ille og trasig å høyre varaordføraren bruke eit slikt uttrykk. Eg har tru på Brøløs, og ingen tener på å seie noko slikt, sa Jonskås, og fekk raskt svar av ein meir moderat Svartdal.
– Det er ikkje alltid ein brukar mange nok ord. Det var eit uheldig ordval. Det eg meinte var at me ikkje berre kan satse på Brøløs; Toget har gått for berre å satse på Brøløs. Eg trur ikkje det blir daudt og føler like sterkt for Brøløs, men tyngdepunktet har flytta seg, presiserte han.
Frå stryk til skryt
Trond Johnsen (Ap) fryktar Brøløs vil lide når kommunen vil opne for handel ned mot europavegen, men såg ikkje noko val, og stilte seg bak det samrøystes framlegget frå styringsgruppa. Kommunestyrerepresentantane som tok ordet i torsdagens møte gav uttrykk for at det hadde vore ein lærerik og interessant prosess, og dei var raske med å gje ros til administrasjonen med plan- og næringssjef Harriet Slaaen i spissen.
– Det har vore vanskelegare enn eg hadde trudd. Ingen kan få det akkurat som dei vil. Eg føler me har kome fram til det som er mogleg å kome fram til, sa Borgny Tøfte (V).
Arbeidet med ny kommunedelplan for Seljord sentrum starta opp i 2009. Det har vore ein krevjande prosess. Harriet Slaaen meinte det no var ein plan med «ikkje anna enn høgdepunkt».
– Me har gått frå stryk til skryt, sa Slaaen, og viste til at det fyrste planutkastet møtte ei mengde offentlege motsegner.
Tri nye bustadfelt
I det fyrste utkastet var det lagt opp til ei rekkje ny bustadfelt. I den no vedtekne planen blir det opna for tri nye; Sjerve, Ringlandet og Bringsås, i tillegg blir det lagt opp til fortetting i eksisterande bustadfelt.
Senterpartiet ynskte av landbruksomsyn å bort bustadfeltet på Sjerve, men dei to representantane blei ståande åleine i synspunktet.
Sjekkar ut Dracula- og sjøorm-samarbeid
Seljord ser etter internasjonale samarbeidspartnarar med vekt på mytar. Dracula i Romania er blant dei som blir vurderte.
Gunn Marit Christenson frå Springer kulturstudio gjorde greie for resultata i forstudien «Landscape and the legends». Kommunestyret vedtok torsdag å ta eit nytt steg mot eit internasjonalt samarbeidsprosjekt. Seljordingane vil bruke plattforma Seljord og sogene på jakt etter partnarar. Loch Ness i Skottland og Berg i Sverige er naturlege å vende seg til, då båe har sjøormmytar i historia. Kommunen har som kjent alt vitja dei to destinasjonane i forstudien for å kartleggje om det er grunnlag for eit vidare samarbeid.
Kjent myte
Christenson viste elles til at kommunen gjennom stadutviklingsprosjektet Seljord og sogene har fått kontaktar i Europa som på Island og i Italia. I tillegg opplyste ho om at det er eit ynske med ein samarbeidspartnar i Aust-Europa. Både Tsjekkia og Romania blir undersøkte på jakt etter mytar.
– Legenda om Dracula i Romania er kjent, og me sjekkar ut om han kan passe inn i eit samarbeidsprosjekt, sa Christenson.
EUs kulturprogram må ha seks deltakarar, og varer i 3 til 5 år. Søknadsfristen for å søkje EU-midlar går ut 5. oktober, og Seljord som initiativtakar vil leie prosjektet. Kommunestyret har løyvd 70.000 kroner til søknadsprosessen. I tillegg bidreg Telemark fylkeskommune med midlar til forprosjektet som er kostnadsrekna til 250.000 kroner.
– Tidene endrar seg, og eg synest me i Seljord må fylgje med i tida. Det kostar å vere kar, men eg synest Seljord her skal vere kar, sa Jon Svartdal (KrF).
Berre dei to Senterparti-representantane røysta mot forprosjektet.
– Sp støttar ikkje dette. Både av omsyn til kommuneøkonomien og fordi me ikkje har oversikt over driftsutgiftene på dei andre prosjekta i Seljord og sogene, sa Jorunn Hegni.
Orienterte
Tidlegare ordførar i Notodden og noverande leiar i næringsutvalet i Telemark fylkeskommune, Lise Wiik, orienterte seljordingane om erfaringane med internasjonalt samarbeid i Notodden. Ho sa dei for nokre år sidan kansellerte alle avtalene dei hadde med internasjonale samarbeidspartnarar, og byrja heilt på nytt. Ho sa det tidlegare hadde vore mykje middagar, og at tida var inne for å få noko meir konkret ut av samarbeid.
– Det var eit fleirtal blant politikarane for å ha internasjonalt samarbeid. Me kan ikkje berre seie at me klarer oss sjølve. Men i botn av alt samarbeid ligg ein kommunalplan. Me har tilsett ein internasjonal rådgjevar på fulltid som er dedikert til jobben med å sjå etter EU-prosjekt, sa Wiik, og la til at dei no samarbeider med mellom anna Clarksdale i Missisippi og Sulwaki i Polen.
– Me lagar tiltaksplan kvart år som partane skriv under på. Han må vere konkret. Det må vere noko meir enn «wineing and dining», avslutta Wiik.
Artikkelen er publisert 21/04-2012
|
Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten

|