Onsdag
19/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Takkar heimbygda for suksessen


Heime best: Magnus Krog meiner oppveksten og lokalsamfunnet er mykje av årsaka til verdscupsuksessen denne sesongen.

Onsdag blei kombinertstjerna Magnus Krog (25) frå Høydalsmo heidra av sine eigne då han blei tildelt æresprisen til Telemark idrettskrins (TIK). Verdscupsigeren i Finland i november er den største enkeltprestasjonen av ein utøvar frå Telemark denne sesongen, meiner idrettskrinsen.




25. november, 2011: Ikkje ei einaste rumpe i Høydalsmo er nedåt sofaen. På fjernsynsskjermen har det nemleg nettopp skjedd store ting – så store at høysekkane sprett unisont opp frå sofaene sine. Magnus Krog – deira eigen Magnus – har tatt sin første verdscupsiger i finske Kuusamo.
– Viss ikkje dette er eit gjennombrot, så veit ikkje eg, sa landslagssjef Kristian Hammer til NRK-sporten like etter.
Under idrettsgallaen i januar blei denne påstanden bekrefta, då Magnus fekk den ærefulle prisen «årets nykommar». Ein tydeleg stolt og rørt far Karel tok imot prisen på vegne av Magnus, som då låg på sjukehuset med kragebeinsbrot.

– Framragande enkeltprestasjon
Også Telemark idrettskrins (TIK) har sjølvsagt merka seg Krogs prestasjonar, og var difor ikkje i tvil om at dei skulle dela ut æresprisen i år – eller kven som skulle få han.
Æresprisen går til den utøvaren eller det laget frå Telemark som har utført den største idrettslege bragda i løpet av året som har gått.
– Det blir lagt ekstra vekt på ein framragande enkeltprestasjon og dei forholda denne blei utført under, heiter det i statuttane for æresprisen, som blei delt ut under premieutdelingsfesten til Høydalsmo IL onsdag.
Ein glad og stolt Magnus kunne ta imot prisen frå leiar i TIK, Trond Inge Haugen, og hadde mange han ynskte å takke. Krog gav uttrykk for at lokalsamfunnet har vore ein av dei viktigaste faktorane for suksessen hans.
– Det er moro å få overrekt prisen framfor ei så fin forsamling, smilte han, og kikka ut på alle høysekkane i salen.

Vil gje tilbake
– Eg har lyst til å seie nokre ord til dei som har hjelpt meg oppover på vegen, og som har gjort det mogleg å oppnå dei prestasjonane i vinter. Mamma og pappa, som la grunnlaget for skigleda og skiaktiviteten frå eg var liten. Idrettslaget og miljøet, som gjorde det mogleg for meg å bli god på ski – spesielt Asbjørn Byggland og skitreningane me hadde med han oppigjennom. Me var ein fin gjeng, sa Magnus.
Ein ekstra takk gav han også til alle dei som har brukt tallause dugnadstimar i hoppbakken i Huka.
– Og særleg bestefar, som var ein pioner der oppe, sa Krog.
25-åringen er oppteken av å gje noko tilbake til lokalsamfunnet han set så pris på. Både gjennom å vera med på treningar med dei unge når han er heime, men også ved å promotere Høydalsmo.
– Eg håpar eg klarar å vise meg som ein okei person i media og vera med på å setje Høydalsmo på kartet, flirte Krog beskjedent.


Artikkelen er publisert 21/04-2012

Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga