|
Fredag 24/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ungarn-tur for engelskkunnskapar
 Til Ungarn: Vårin Aufles (t.v.) og Ingrid Gjerlid reiser neste månad til Ungarn for å tevle vidare i ein internasjonal lesekonkurranse i engelsk.
|
8. klassingane Vårin Aufles (13) og Ingrid Gjerlid (14) frå Seljord blei løna med tur til Debrecen i Ungarn for gode kunnskapar i engelsk.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Ungdomsskuleelevane i Seljord har dette skuleåret hatt moglegheit til å vere med i ein internasjonal lesekonkurranse i engelsk. I den fyrste runden skulle elevane velje ei av fire utvalte klassikarar på engelsk. Deretter måtte dei svare på eit detaljert arbeidsark. 25 av Seljord-elevane meldte seg på, 14 fullførde og sendte inn oppgåver. 5 av desse gjekk vidare til andre runde etter å ha skåra 85 prosent eller meir på oppgåva. Av dei 5 var det 4 som prøva seg på runde to, som var å lage ein power-point-presentasjon av boka. Nyleg blei det klart at Vårin Aufles og Ingrid Gjerlid hadde imponert nok i presentasjonen til å vinne tur til Debrecen i Ungarn. Her skal dei 18. mai presentere oppgåva framfor publikum og ein jury.
– Det blir både skummelt og moro, seier dei to, som innrømmer at dei gruar seg til å stå framfor publikummet og presentere det heile på engelsk.
– Me får ikkje endre noko på powerpoint-presentasjonen. Det er eit par skrivefeil eg burde ha endra, seier Vårin.
Kake i klasserommet
Båe valte Romeo og Julie då dei skulle velje mellom dei fire klassikarane.
– Eg visste ingenting om boka før oppgåva, seier Vårin.
– Eg hadde høyrt om historia, men ikkje noko meir. Då var det spennande å finne ut meir, legg Ingrid til.
– Kva var mest vanskeleg – svararket eller presentasjonen?
– Båe delar var vanskelege, men på ulike måtar, seier dei to.
Då det blei klart at to av elevane hadde kome gjennom det tronge Debrecen-nålauget, venta det kake i klasserommet.
– Det var koseleg. Eg trudde ikkje det var sant, og var sikker på at det måtte vere ein feil. Eg har aldri vore noko spesielt god i engelsk, seier Vårin.
Skal shoppe
– Kva skal de gjere elles i Ungarn da?
– Shopping, kjem det samstemt frå dei to 8. klassingane, som i tillegg til engelsklærar Ingunn Haugland, skal ha med seg familie på turen til Debrecen.
I finalen møtest ungdomar frå mange land i Europa, og det blir kåra vinnarar. Hovudpremien er ein tur til England. Det har Ingrid lyst på. Vårin har andre premieynske.
– Eg håpar eg vinn ein mac, seier ho.
– Me det er lite truleg me vinn, så me tenkjer ikkje noko på det, legg dei til.
Artikkelen er publisert 19/04-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|