|
Torsdag 23/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Rasar mot vegvedtak
 Frustrerte: Ordførarane Hilde Alice Vågslid, Torstein Tveito og Solveig Sundbø Abrahamsen trudde planarbeidet på E 134 var i mål. No bed dei kommunestyret i Vinje tenke gjennom konsekvensane ved å avvise planen.
|
Ordførarane i Kviteseid, Tokke og Seljord reagerer sterkt på plan- og miljøutvalet i Vinjes ynske om ei ny traséutgreiing i Åmot. Men grunneigar Stein Versto meiner Vegvesenet må ta skulda for omkampen.
Øystein Øygarden/Randi Berdal redaksjon@vtb.no
– Det kom totalt overraskande. Eg måtte stoppe bilen då eg fekk melding om det. Dette kom heilt ut av lause lufta, seier Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen (H).
– Eg reagerte med irritasjon og frustrasjon, og blei forbanna. Dette er dårleg gjort etter ein så lang prosess og like før mål, held Tokke-ordførar, Hilde Alice Vågslid (Ap) fram.
– Eg trudde ikkje mine eigne augo då eg las om det i VTB, legg kollega i Kviteseid, Torstein Tveito (Sp) til.
Dei tri kommenterer vedtaket i plan- og miljøutvalet i Vinje, som har bede Vegvesenet om ny utgreiing av ein alternativ trasé for vegprosjektet forbi Plassane på E 134. Utvalet viser til omsynet til dyrka mark, kulturlandskap og bumiljø.
Lange dragkampar
Vågslid, Tveito og Sundbø Abrahamsen veit at ei utsetjing både vil koste tid og pengar. Dei trudde dei no var i mål med planarbeidet. Etter lange, og til dels tunge prosessar med dragkampar, var dei klare for å gå vidare til neste runde på Stortinget. Det einaste som stod att var planen i Åmot, som har hatt høg prioritet av prosjekta på E 134.
– Her har andre kommunar vist velvilje for å få fiksa ein flaskehals i Åmot – som rett nok alle er tent med at blir utbetra – så blir det heile sett på vent, sukkar Sundbø Abrahamsen.
Prosjektet i Vinje er prioritert høgare enn til dømes utbetring i Tokke og Kviteseid. Det er tenkt fullfinansiert av bompengane frå bommen mellom Seljord og Kviteseid.
– Me har strekt oss langt i høve til rekkjefylgjeprioriteringa. Då får me piggane litt ut når det ser ut til at det heile blir forskuva, seier Tokke-ordførar Vågslid.
Dei meiner det kan bli aktuelt at prosjektet i Vinje blir tatt ut av bompakka, og at dei 60 millionane til prosjektet kan bli bruka på strekningar i Tokke og Kviteseid, men at dette eventuelt blir styresak i bompengeselskapet.
– Det er kø av bompengeprosjekt i Stortinget, og me må fylgje framdriftsplanen, seier dei tri.
Bommen skal stå mellom Seljord og Kviteseid. Trafikktala var ikkje store nok til bom verken mellom Åmot og Høydalsmo, eller mellom Høydalsmo og Brunkeberg, men med trafikken frå rv 41 blir trafikktala 3.700 per døgn mellom Brunkeberg og Seljord. Då reagerer dei tri ordførarane på at politikarane i Vinje skal kunne forseinke alt med ei utsetjing på prosjektet som ligg vel fire mil frå innkrevjingspunktet.
– Er det frekt?
– Det er i alle fall i grenseland, meiner Tveito.
Grensar til frekt
Ordførarane vel å tru det er mangel på historiekunnskapar som gjorde at planutvalet fatta vedtaket dei gjorde i sist veke. Dei peikar igjen på at det har vore grundige prosessar, også i Åmot, og at det har vore ein tett dialog med Statens vegvesen.
– Har de inga forståing for Vinjes argument om å tenke på eigne innbyggjarar?
– Det vil alltid vere interessemotsetnader, men det har vore grundige prosessar, og eg trudde dette var godt forankra i kommunane, seier Sundbø Abrahamsen.
Dei har ikkje vore i kontakt med nokon i det politiske miljøet i Vinje, men leverer ein klar bodskap til kommunestyremedlemmene:
– Kommunestyret bør tenke grundig gjennom konsekvensane av eit vedtak om å avvise planen, seier dei tri.
– Dette må bli omgjort, seier Vågslid, og legg til at ho har god tru på at det skjer.
Versto eig garden Sudbø i Plassane, og motset seg Vegvesenets plan om å ta av den dyrka marka på eigedomen for å leggje om vegtraseen. Han reagerer på måten Vegvesenet framstiller saka på, og ynskjer at alle nyansane i saka kjem fram.
– Sjølvsagt vil lokalpolitikarane ta omsyn til alle som bur i kommunen – derfor blir det feil å rette skuldingar mot det politiske utvalet som har gjort vedtaket. Det er Vegvesenet som må ta på seg skulda for at dette har blitt ei sak, meiner Versto, og forklarar kvifor.
– Eg meiner Vegvesenet gjev eit sterkt forteikna bilete av dette. Det er ein realitet i denne saka som ikkje har kome fram skikkeleg, og det er at det faktisk er mogleg å få til ei løysing som alle partar kan leva godt med, seier Versto.
Han meiner Vegvesenet ikkje har tatt dei omsyna dei i oppstartsfasen sa dei skulle ta.
– Vegvesenet har sagt det er mogleg å gjennomføre utbetringa ved å fylle ut på nedsida av vegen og leggje opp til ein annan kurvatur enn dei no gjer. Men i staden for å koma med eit slikt forslag og ta dei omsyna dei lova, har dei kome med eit forslag som grip inn i kulturlandskapet, forringar bumiljøet og tek dyrka mark, seier Versto.
Vegvesenets framlegg gjer at vegen kjem nærare husa på Sudbø, og at ei trerekke som no skjermar eigedomen må fjernast. Biltrafikken, og særleg trailerane, i bakken forbi garden gjer at det blir mykje trafikkstøy.
Viktig prinsipiell sak
For grunneigaren er det viktig at det prinsipielle i saka kjem fram.
– Skal synspunkta til dei som er på vegen telje 100 prosent, medan dei som bur langs vegen ikkje skal telje, spør Versto.
Han understrekar at gang- og sykkelvegen er noko han sjølv også ynskjer sterkt å få på plass, og har arbeidd aktivt for. Og han meiner alt kunne vore mogleg å få til, så lenge Vegvesenet hadde tatt omsyn til innspela som har kome til dei i løpet av planprosessen. Sjølv har han tilbode Vegvesenet å overta grunn på nedsida av vegen vederlagsfritt. No ynskjer dei altså å løyse inn delar av jordet på oppsida for å få vegløysinga i hamn.
– Kor store inngrep kan ein gjera, når det ikkje er naudsynt? Så lenge det finst alternativ, verkar det heilt unødvendig å gjera slike inngrep, seier Versto, og peikar på planen om å leggje om E 134 forbi Åmot.
Blir planen om E 134 på vestsida av Vinjevatn ein realitet, kan vegen bli lagt om før ein kjem til Plassane.
– Om 20–30 år er kanskje vegen forbi her berre ein bygdeveg. Og at ein då har gjort store inngrep i landskapet, er det ikkje nokon veg tilbake.
Sonen til Versto har planar om å flytte heim for å overta garden, og faren ynskjer ikkje at framtidige generasjonar skal få eit dårlegare bumiljø på grunn av ei dårlegare mellombels løysing enn naudsynt. På garden er det to fullverdige våningshus, og det er dermed to husstandar på eigedomen.
– Slik kan vegomlegginga kome til å påverke mange – både no og ikkje minst i framtida, seier Versto
Han driv også kursverksemd på garden, mellom anna i skriving.
– Staden og kulturlandskapet er viktig i ein slik samanheng. Folk reiser mykje på grunn av staden dei kjem til, seier Versto, som etterlyser eit meir nyansert ordskifte.
– Eg skjønar at det blir debatt av dette. Men eg er oppteken av at alle nyansar kjem fram. Viss ein vil strekkje seg litt, er det mogleg å få til ei løysing som er god for alle partar. Det vil eg heller sjå, i staden for at ein bles opp motsetnader og framhever dei, avsluttar Versto.
Artikkelen er publisert 19/04-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|