|
Onsdag 22/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Skifest på Telemarks tak
 I gang: Det var folksamt i sporet då starten gjekk.
|
Haukelirennet baud på flott vêr og glimrande skiføre laurdag. For skiglade var rennet truleg vårens vakraste eventyr.
Stein Olav Lie redaksjon@vtb.no
Nytt i år var tilbodet til dei aller yngste skiløparane. Dei gjekk sløyfer på 500 meter eller 1 kilometer. Alle deltakarane i dei yngste klassene blei premierte, og det var ikkje få som stilte til start.
– Det er framleis bra med snø her oppe, og det var aldri tvil om at rennet skulle gå. Løypene var klare til påske, og me har køyrt dei opp att no. I dag trur eg føret kan favorisere dei litt lettare løparane, og i kvinneklassa har eg nok mest tru på at Therese Johaug eller Tuva Toftdal Staver kan gjere det bra, sa Helge Ringhus, som var løparansvarleg i historias fjerde Haukelirenn.
Dei aller yngste starta eit par timar før ungdomsklassa (12 km) og dei som skulle gå full løype, altså 32 kilometer.
Fleire favorittar
Vel ein time før start var fleire av dei store namna på plass i startområdet på Haukelifjell. Therese Johaug, Marit Bjørgen, Kristin Størmer Steira og ikkje minst Charlotte Kalla frå Sverige. I herreklassa var nok Sjur Røthe, Chris André Jespersen og svenske Martin Johansson dei heitaste namna.
Det var også i år lagt inn ein spurtpris, Statkraftspurten, og det var òg ein pris for den løparen som brukte minst tid ned siste bakken før mål.
Det var etter kvart tri løparar som skilde seg ut i herreklassa, og ikkje uventa var det dei tri tidlegare nemnde herrane Røthe, Jespersen og Johansson. Etter kvart som løparane nærma seg mål, klarte nordmennene å riste av seg svenske Johansson. Dermed var det duka for eit skikkeleg spurtoppgjer mellom Røthe og Jespersen. Det var til slutt Jespersen som trekte det lengste strået med eit knapt sekund framfor Røthe. Spurtprisen var det derimot Røthe som vann, framfor Jespersen og Johansson. Røthe var også raskaste herreløpar ned siste bakken.
Størmer Steira stakk
I kvinneklassa fekk Kristin Størmer Steira nokså tidleg eit forsprang, og det klarte ho å halde på heilt til mål.
– Det var fabelaktige forhold i dag, og stort sett hadde eg vel kontroll. Eg gjekk lenge saman med eit par herrejuniorrar og me var flinke til å hjelpe kvarandre fram i sporet. Eg visste at Marit nærma seg på slutten, men då var me så nære mål at eg nok hadde ein viss kontroll i alle fall. Og berre så det er sagt, så kjem eg gjerne tilbake neste år, smilte ein blid vinnar av kvinneklassa.
– Årets trasé var veldig flott, og eg hadde ei fin oppleving. Fin med tanke på vêr og løype, men elles gjorde det vondt i dag. Eg er nok som dei fleste andre som har vore med i verdscupen i år, litt i feriemodus no, men det var flott å vere med i dag. Me har teke pause frå avslutninga av verdscupen og fram til byrjinga av mai, sa Marit Bjørgen då ho kom i mål.
– Klart me kjem tilbake neste år, smiler trioen Johaug, Bjørgen og Størmer Steira.
Feriemodus
Svenske Charlotte Kalla hadde det tungt i Haukelirennet, men ho syntest likevel det var ei flott oppleving.
– Det er ein fin dag og ei herleg løype. Sjølv var eg ikkje heilt pigg i dag, og eg er nok litt i feriemodus om dagen. Forholda her var veldig bra og det var stor stemning langs løypa. Mange av mosjonistane heia oss fram, smilte den sympatiske jenta.
– Kjem du tilbake til Haukelirennet neste år?
– Det er ikkje umogleg. No startar hardkøyret att tidleg i mai, og så får me sjå kva sesongen fører til, svara den svenske skistjerna.
Spurtprisen i kvinneklassa gjekk til Størmer Steira framfor Bjørgen og Toftdal Staver. Marit Bjørgen var kvinna med størst fart ned siste bakken før mål.
– Sprø ned bakken
Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo har hatt ein eventryleg sesong i år, og laurdag var han heilt i tet att. Han blei til slutt nummer tri i klassa si, berre slått av Vebjørn Turtveit frå Voss og Gaute Kvåle frå Røldal. Det var dei to juniorløparane som gjekk saman med Størmer Steira ein lang periode.
– Eg gjekk i lag med kombinertløparane Magnus Krog og Ole Martin Storlien, men i bakken ned mot mål var dei heilt sprø, og eg klarte ikkje å halde fylgje med dei lenger, smiler Kvaale.
I tillegg til Romberg Kvaale og Krog, gjekk også Torgeir Lid Byggland eit sterkt løp.
– Skape blest
Det er Halvor Vinje som eig og driv skisenteret på Haukelifjell, og han var ein blid mann laurdag.
– Eit arrangement som dette betyr mykje for staden. Det er god marknadsføring og skaper blest. Eg vil gjerne vise kor flott det er her. Opphavleg hadde eg ein ide om å få til eit skirenn som gjekk innom tri fylke. Hordaland, Rogaland og Telemark var tanken min. Det gjekk ikkje, på grunn av mellom anna reintrekk, og dermed blei det altså Haukelirennet, som er erstattaren til det som tidlegare var Sigurdsbuløypa, smiler Vinje.
Arrangørane i IL Rein kan med rette vere stolte av arrangementet, og neste år er det på han att.
Artikkelen er publisert 17/04-2012
|
Aktuelle saker:
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild
Storslått Selma-show
Eitthundreogsytti treningsmedlemer
Den nye presten

|