|
Laurdag 25/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Skafsåmann fekk diakonprisen
 Stolt: Gunstein Seltveit mottok diakoniprisen for 2012 sundag.
|
Sundag fekk Gunstein Seltveit frå Skafså årets diakonipris. Han fekk prisen for mellom anna å ha vore svært sentral i prosessen med å verkeleggjere fjellkyrkja på Skafsåheia.
Stein Olav Lie redaksjon@vtb.no
– Det er triveleg å sjå så mange frammøtte her i kveld. No er det slik at det berre er ein person som kan få diakoniprisen, så de andre må gå, innleidde styreleiar i diakonatet i Vest-Telemark, Oscar J. Garnes.
Om lag 120 hadde møtt fram i kulturhuset på Dalen sundag. Før utdelinga av prisen var det messe med musikk frå Johnny Cash, framført av Tore Erik Trøyte, Arne Bye, Jan Gunnar Haugen og Sindre Løvik. Også Asborg Kroken var med på nokre av songane under gudstenesta.
– Ein fyr
– Det er ein fyr, ein gamal mann som er eitt år eldre enn meg, som får prisen i år. Han er utdanna lærar og pensjonist, står det i grunngjevinga. Kan nokon fortelje meg korleis ein kan utdanne seg til pensjonist, skjemta Garnes.
– Prisen går i år til Gunstein Seltveit, avslørte han.
Seltveit (65) gjekk av med førtidspensjon for eit par år sidan. Han har sidan 1990 vore leiar av fjellkyrkjekomiteen. Han har også vore klokkar i Skafså kyrkje frå 1973 til 1999, og vore leiar i Skafså sokneråd i fleire periodar. Som yrkesaktiv har han vore lærar i svært mange år.
– No skulle eg vel på god Vest-Telemark-maner sagt at det er mange andre som fortener denne prisen meir enn meg, men det gjer eg ikkje, smilte prisvinnaren.
Prisen er eit bilete og ein sjekk på 1.000 kroner.
Seltveit er i tillegg leiar for ungdomsklubben 10-16 i Skafså, noko han har vore sidan 1974.
– Me startar med ein andakt på alt frå eitt til fem minuttar i ungdomsklubben. Ein gong var det eit av borna som sa: Ja, me har vel ikkje direkte vondt av det, lo Seltveit.
– Men kva i all verda skal du bruke dei 1.000 kronene til, smilte Garnes.
Verdig prisvinnar
Det var nok ingen som var i tvil om at det var ein verdig prisvinnar som mottok årets diakonipris.
– Når det gjeld fjellkyrkja er det mange som har stått på, men eg har vel kanskje hatt ein tendens til å stikke meg litt fram, sa Seltveit.
– Kva betyr prisen for deg?
– Eg blir veldig oppmuntra, og no må eg nok halde på i mange år til. Det blir liksom litt forpliktande, men på ein god måte. Eg legg ikkje skjul på at det er moro å bli sett pris på, svara han.
– Og tusenlappen?
– Tja, eg vurderar om eg skal lære meg treskjering, og då treng eg noko god reiskap. Eg har tenkt å kontakte ein på Dalen for å høyre om han kan lære meg litt om faget, sa ein blid prisvinnar.
Artikkelen er publisert 17/04-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|