Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Blåmann Blåmann til bensinstasjonen


Saman att: Under landskappleiken i Ål 2009 gjorde Blåmann Blåmann ein av få opptredenar dei siste ti åra. I sommar står dei på scenen att når Bøgrend Autofest går av stabelen 2.–4. august. (Arkivfoto: Kjell Bitustøyl)

Bøgrend Autofest sleppte i dag dei fyrste artistane til sommarens festival på den nedlagte bensinstasjonen i Vinje. Eit etterlengta gjensyn med den lokale supergruppa Blåmann Blåmann kan bli høgdepunktet for mange.




I 2001 gav Odd Nordstoga, Silje Hegg, Lars Underdal og Asgaut Bakken – saman kjende som Blåmann Blåmann – ut albumet med same namn. Dei var svært ettertrakta på konsertscener i åra både før og etter denne eine utgjevinga, og representerte noko nytt og friskt innan den tradisjonelle folkemusikken. Inspirasjon frå rock, blues og pop gjorde at folkemusikken blei tilgjengeleg og interessant for mange fleire og andre publikumsgrupper enn dei som vanlegvis trekte mot folkemusikken.
Sidan Odd Nordstoga slo gjennom med «Luring» i 2004, har Blåmann Blåmann stått svært lite på scenen saman. Festivalsjef Eivind Kaasin er stolt av å kunne presentere det legendariske bandet saman att på scenen.
– Blåmann Blåmann har vore ein døropnar på den norske folkemusikksecenen, og dei revitaliserte folkemusikkskattane frå Telemark og Setesdal på sitt heilt særeigne vis. I år let det seg endeleg gjera å få til ein konsert på Bøgrend Autofest. At dei spelar konsert der, er rett på så mange måtar, seier Kaasin.
Han seier ein heil generasjon nye folkemusikarar og folkemusikkinteresserte har eit sterkt forhold til plata, og at det er på tide at dei får sjansen til å sjå Blåmann Blåmann live.

Garanterar bakoversveis
Festivalen har også sikra seg spelemannsprisvinnar Amund Maarud – ein av Noregs beste gitaristar. For to år sidan gjorde han og broren stor suksess på Autofesten med bandet sitt Morudes, og i år kjem altså Amund att med soloprosjektet sitt.
Metalbandet Shining dukkar også opp i Bøgrend. Dei er kjente for å vera ekstreme og eksperimentelle, og festivalsjefen lovar at publikum kjem til å få bakoversveis.
– Det er det mest ekstreme bandet eg veit om, slår Kaasin fast.
Rockebandet Death by Unga Bunga, jazzsongar Mari Kvien Brukvoll og hiphopgruppa Koppen er også stadfesta til Bøgrend. I tillegg kjem opptil ti artistar til på lista før programmet blir spikra. Bingokongen Ronny Haugeland dukkar også opp att i Bøgrend med bingoblokkar, sjokkmaskin og allsongstensilane sine.
– Og det kjem meir krydder utover våren, lovar Kaasin.

Nye element
Han seier festivalen stort sett skal fylgje same oppskrifta som dei to føregåande åra.
– Me utvidar festivalområdet for å få inn nye aktørar. Folk kjem til å få seg nokre overraskingar, seier festivalsjefen løyndomsfullt.
– Det viktige framover er å gjera festivalen berekraftig. Folk set stor pris på festivalen, og for at han skal halde fram i mange år må me passe på at han ikkje blir for personavhengig, men leggje til rette for rekruttering, avsluttar Kaasin.


Artikkelen er publisert 23/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president