|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Sende ballen tilbake til rådmennene
 Held fram: Arne Vinje og dei andre ordførarane i Vest-Telemarkrådet understreka at modellane for framtidig organisering av regionssamarbeidet må bli utgreidd betre.
|
Ordførarane var lite fornøgde med at rådmennene sa seg ferdige med å greie ut den framtidig organiseringa av regionssamarbeidet, og sende ballen tilbake til rådmannsutvalet.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Rådmennene i dei seks kommunane i Vest-Telemark har tidlegare vurdert to modellar for den framtidige organiseringa av Vest-Telemarkrådet (VTR), og tilknytinga til Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU). Dei føreslår å styrke administrasjonen i Rådet til tri tilsette og at VTNU skal vere eigd av ikkje-kommunale aktørar. I sist møte lanserte regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes ein tredje modell, som inneber at VTR overtek alle aksjane i VTNU.
Det gjorde at Rådet i januarmøtet sette ned ei gruppe for å greie ut sentrale tema i omorganiseringa. For å sikre framdrifta blei det halde eit ekstra rådsmøte tysdag. Rådmannsutvalet hadde fått i oppdrag å velje ein prosjektleiar, men gav i møtet uttrykk for at dei hadde gjort sitt.
– Me føler oss ferdige og ønskjer ikkje å halde fram denne prosessen i og med at me har konkludert. Saka er klar til politisk behandling frå vår side, sa Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland på vegne av utvalet.
Økonomi og arbeidsgjevaransvar
Det reagerte ordførarane på. Dei meinte det var behov for ein breiare gjennomgang av konsekvensane ved dei ulike modellane, og ynskte at rådmannsutvalet også skulle vurdere konsekvensane i modellen som inneber at VTR overtek aksjane i VTNU.
– Det har vore ein lang prosess, men det har i rådmannsgruppa ikkje vore nok fokus på økonomi og arbeidsgjevaransvaret. Det me har er for tynt, og blir nesten uansvarleg å leggje fram for kommunestyra, meinte Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen (H).
Kiland responderte med at han lett kunne gjere greie for dei økonomiske konsekvensane i modellen dei har tilrådd.
– Utgreiinga vår er veldig tydeleg. Det vil koste mellom 1,5 og 2 millionar kroner, sa Kiland, og la til at det ville vere krevjande å finne konsekvensane i modellen dei ikkje har arbeidd med.
– De kan sjølvsagt be om faktainformasjon frå dei som har lansert den nye modellen, men me vil vete meir om kva me vel bort, sa regionrådsordførar Torstein Tveito (Sp).
Slik er det
Nissedal-ordførar Halvor Homme (Ap) fylgde kollegaene, og meinte konsekvensane
for båe modellane måtte vere meir tydelege før kommunestyra kan meine noko i saka.
– Slik er det. Me vil ha dette utgreidd, sa Homme.
Arne Vinje, SV-ordføraren i Vinje, undra om standpunktet til rådmennene kunne tolkast som å avbryte prosessen og overprøve vedtaket frå sist rådsmøte.
– I utgangspunktet er det slik me tenker ja, sa Kiland.
– Det me ynskjer er å halde fram framdrifta i planen som me vedtok sist, presiserte Vinje.
– Eg refererer eit samla rådmannsutval, men skjønar fleirtalet her ynskjer ytterlegare arbeid, sa Kiland.
Det blei vedtatt å arbeide vidare med å greie ut konsekvensane. Ketil O. Kiland blir prosjektleiar. Ei konsekvensanalyse skal leggjast fram for Rådet og dei seks kommunestyra for endeleg vedtak i løpet av fyrste halvdel av 2012.
Dette er saka
– Rådmannsgruppa fekk i mars i 2010 i oppdrag å utarbeide to til tri ulike alternativ til bemanning av det framtidige regionsamarbeidet.
– I januar i 2011 handsama Rådet to ulike modellar. Ein der VTNU er eigd av ikkje-kommunale-aktørar, og ein der kommunane eig VTNU 100 prosent.
– Det blei etterlyst ei konsekvensutgreiinga, som blei utarbeidd av Telemark kommunerevisjon til møtet i mai 2011. I mai blei saka utsett for å sjå nærare på dei juridiske sidene, og for å få ein betre oversikt over korleis andre regionsselskap er organisert og tilhøvet deira til regionale utviklingsselskap. Fylkesmannen orienterte om dei juridiske sidene i møte 21. juni.
– I oktober 2011 blei det lagt fram eit forslag frå regionrådsleiaren om ein forstudie som skulle evaluere dagens situasjon og tilråding for vidare arbeid.
– Forstudien konkluderer med ein ny modell 3; at VTR bør overta 100 prosent av aksjane i VTNU. Konsekvensane av denne modellen skal no bli utgreidd, slik at kommunestyra kan vurdere denne opp mot modellen rådmennene tilrår.
Dagens situasjon
– VTR har sidan 1993 vore eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.
– Administrativt ansvar hos regionrådsleiar. Det har ikkje vore andre tilsette, men eit tett samarbeid med det regionale utviklingsselskapet Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU), som er eigd av Vest-Telemark næringsbygg.
– Samspel mellom VTR og VTNU har vore praktisk handtering av utviklingsoppgåver tinga av Vest-Telemarkrådet.
Artikkelen er publisert 23/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|