Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Saknar barnehageplass


Storfamilie: – Kommunen ynskjer seg nye innbyggjarar – men då må tilboda også vere på plass, meiner familien på Øvre Sinnes som saknar eit betre barnehagetilbod. Frå venstre: Ine Elise (10), Lars Åge (6), Dan Ole Pedersen med Ane Sofie (3) på fanget, Nina Sinnes med Mia Helene (2) og Ole Kristian (8).

I november flytta familien Sinnes Pedersen på sju til Vrådal, og håpa barnehagen i bygda hadde plass til dei to yngste barna. – Vil kommunen ha folk heim att, og trekkje til seg nye innbyggarar, må dei også stille gode nok tilbod, seier Dan Ole Pedersen.




I fjor haust tok Nina Sinnes, mannen Dan Ole Pedersen og dei fem barna Ine Elise (10), Ole Kristian (8), Lars Åge (6), Ane Sofie (3) og Mia Helene (2) den endelege avgjerda om å flytte frå Røyken kommune til Vrådal.
– 19. november flytta me inn her på Øvre Sinnes, garden der eg vaks opp. Pappa flytta inn ei eit anna hus i bygda, og eg overtok heime, smiler Nina Sinnes, som ikkje har budd i bygda sidan ho starta på vidaregåande skule.
Familien var glade for å kome heim til natur og fiske, ha det fritt og godt og bu i eit område der ungane kunne leike utanfor husveggen saman med hunden.
Før jul var dei tri eldste barna i gang på skulen og dei to yngste var søkt inn i barnehagen.
– Me søkte om full plass til begge barna i Vrådal. Ane Sofie har tilbod om tri dagar barnehage i Vrådal. Yngstejenta Mia Helene har fått tilbod om tri dagar barnehage i Kviteseid, men bare ein av dagane er den same vekedagen, fortel Nina oppgjeven.
Dei står med andre ord med eit tilbod ein dag i veka der begge barna har barnehageplass.
– Det er ikkje eit tilbod som er godt nok, er dei samde om.

Ny klage
Dei klaga til kommunen, men fekk avslag. Nå er ny klage sendt.
– Kva skulle eg gjort om eg hadde vore i jobb, undrar Sinnes som i dag går og ventar på kursplass hos Seljord personal og fryktar at barna må bli med om barnehagesituasjonen ikkje løyser seg.
– Eg er klar over at ein ikkje kan vente seg eit barnehagetilbod når ein flyttar midt i året, men vil kommunen ha folk heim att må dei også stille eit godt nok tilbod slik at kvardagen løyser seg, seier ho.
Jobb er også eit viktig element for Dan Ole. Han søkjer på det som er ledig i regionen og er glad for at han fekk eit vikariat på oppvekstsenteret i Vrådal inntil vidare.
– Eg håpar eg snart er i gang i full jobb, og den biten også blir løyst. Eg har eitt års permisjon frå jobben min i Bærum, men det er jo her eg aller helst vil vere nå, seier han.

Bidreg
Laurdag skreiv VTB om folkedugnaden til varaordførar Gunnar Ruud (H) og Kviteseid kommune. Kommunen oppmodar om å få folk skal leige eller selje alle tome hus for å auke folketalet. Onsdag orienterte me Ruud om den nyinnflytta familien i Vrådal, og situasjonen dei står ovanfor.
– Familien skal vite at dei er veldig velkomne til Kviteseid, me er glade for at tome hus blir fylt og at det lyser i glasa. Men neste punkt er sjølvsagt kommunens tilbod, og difor er det svært bra at slike problemstillingar blir lyfta fram. Me skal gjere det me kan for å skaffe innbyggjarane våre gode tilbod, seier Ruud.
Han kjenner ikkje til den aktuelle saka, men veit at kommunen har vore fleksible for å lage mellombelse løysingar tidlegare.
– Kommunen må ha nok barnehageplassar, og eg veit at det tidlegare også har blitt løyst med at ein har gjeve barn tilbod om plass i andre barnehagar i kommunen enn staden der dei bur. Det kan vere ei grei løysing for nokon, men ikkje så god for andre. Men eit mellombels tilbod er viktig, og dette er utfordringar som kommunen må ta tak i slik at ein kan legge til rette for gode nok tilbod, seier varaordføraren.

Viktig signal
Nina og Dan Ole reagerer på at kommunen reklamerer med at dei ynskjer seg fleire innbyggjarar, og rekna ikkje med at eit barnehagetilbod ville bli eit problem.
– Før me flytta snakka me med oppvekstsenteret og fekk signal om at dette skulle gå greitt, og me undra då me fekk høyre at det både er rom og tilsette som kan utvide barnehagetilbodet, men at kommunen ikkje kan frigje midlar til å auke ei stilling, seier paret.
Dei er overbevist om at barnehageplass er eit svært viktig element som må vere på plass for at fleire skal ta steget og flytte til distriktskommunar.
– Då me fortalde vener og kjente at me skulle flytte hit, var det mange som kommenterte at me er heldige. Det er mange som drøymer om å flytte til bygda, men eg trur nok at manglande barnehageplassar dessverre kan få folk til å hoppe av planane, seier Pedersen.

Håpar
Då VTB vitja familien denne veka, kosa dei seg heime med vinterferie.
– Neste veke er kvardagen i gang att, og me håpar det blir ei løysing. Me håpar i alle fall at dei to yngste barna har full plass i barnehagen i Vrådal frå hausten slik me har søkt om. Men aller helst skulle me løyst dette nå, seier foreldra.

– Ei skikkeleg trasig sak
Rektor ved Straumsnes oppvekstsenteret i Vrådal, Birger Skipar, er lei seg for at dei nyinnflytte vrådølane ikkje får det tilbodet dei ynskjer i barnehagen. Han meiner det er trasig å sende barn som bur i bygda til andre delar av kommunen, når dei ikkje ynskjer det.
– Hadde eg fått midlar til å utvide ei assistentstilling, hadde barnet vore velkomen til oss i morgon. Arealet i barnehagen er godkjent til fleire barn, men me treng ei auke i assistentstillinga for å gjere det mogleg. Eg synest det er ille at me ikkje kan gje dei eit tilbod i eiga bygd, det er rett og slett ei skikkeleg trasig sak, seier Skipar.
Han har gjeve sine innspel og sterke signal til kommuneadministrasjonen med ynskje om å løyse den aktuelle saka.
– Me må uansett gjere ei auke i stillingane i barnehagen før hausten. Det er ikkje så mange av dei små barna som fyller tri år i det komande barnehageåret, og frigjev ein barnehageplass.
Barn mellom eitt og tri år tar to barnehageplassar).
Vrådal har fått mange tilflytterar det siste året, og åtte nye barn har starta på skulen som i dag har 32 elevar totalt.
Men per i dag er det ingen barn i barnehagen som skal starte på skulen til hausten, og difor vil det truleg vere naudsynt å auke bemanninga uansett, opplyser Skipar.

– Prøvar å finne løysing
Sektorleiar for skule og barnehage i Kviteseid kommune, Ellen Marie Prag, seier det er trist at kommunen ikkje har funne ei løysing i barnehagesaka i Vrådal.
– Grunnen til at dette barnet ikkje har fått eit tilbod i barnehagen i Vrådal, er at det ikkje er økonomi til å utvide stillingar der nå, og eg treng politisk ryggdekning for å gjere ein auke. Ei anna side av saka er at det per i dag er for dårleg dekning av førskulelærarar ved barnehagen i Vrådal for å utvide tilbodet til fleire barn, seier Prag.
Ho opplyser at dei har motteke ei ny klage frå familien, og at ho vil ta denne med vidare i systemet, men minner også om at ein ikkje har rett på barnehageplass gjennom året utanfor hovudopptaket.
– Me vil sjølvsagt prøve å finne ei løysing, for det er veldig trist slik stoda er nå. Eg er også spent på korleis stoda er etter hovudopptaket til barnehagane har vore, sidan det ikkje går barn ut av barnehagen i Vrådal i år. Men klok av skade vil eg ikkje gjere endringar før opptaket er gjort, seier Prag.


Artikkelen er publisert 23/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president