|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Snøkunstnarar smelta juryen
 Liten: Tina Legaspi (t.v.) og Annika Sheine fekk skulptøranes pris for kuba si; «Shield.» Dei fekk også andrepremien totalt for små kubar.
|
I helga blei den tolvte snøformingsfestivalen i Vinje arrangert. Små og store kunstnarar forma snøkubane etter beste evne. Temaet for festivalen var «Leve hemmeleg».
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
– Det heile byrja for tolv år sidan då nokon som hadde vore med på noko liknande andre stader tok med seg ideen til Vinje. Dag Larsen og Bjønn Tveito var to av initiativtakarane så vidt eg hugsar, seier snøansvarleg Alexsander Stettin.
Universitetsprosjekt
Teamet for festivalen skiftar frå år til år, og det blir tevla i både store og små kubar. I år hadde studentar frå Universitetet i Braunschweig i Tyskland også teke turen til Vest-Telemark og Åmot.
– Dei har eit prosjekt som snøkubekonkurransen er ein del av. Studentane byrja planlegginga sist haust, og har kalla prosjektet «Passasje». Det tek for seg det indre livet, og derfor ser ein nesten ikkje at dei har rørt kubane på utsida. Derimot er det ein passasje gjennom alle saman, sjølvsagt laga på ulike måtar, forklarer Stettin.
Dei tyske studentane skal dokumentere arbeidet dei har gjort og bruke det vidare i prosjektet sitt.
Lur låt
Då kultursjef Signe Marie Kittelsaa bles i luren, måtte alt arbeidet på kubane vere avslutta. Etter at luren lét, var det tid for gudsteneste ute i det fri.
Premieutdelinga var sjølvsagt høgdepunktet for kunstnarane og publikum, og fyrste prisen var skulptøranes eigen pris.
Han gjekk til Tina Legaspi og Annika Sheine med skulpturen «Shield.»
– Han skal vise at alt ser bra ut på utsida, medan han viser at på innsida er det som eit fengsel. Altså er ikkje alt slik det ser ut. Det passar bra med temaet «Leve hemmeleg», smiler dei to unge vinnarane.
Forutan skulptøranes pris, fekk dei også andrepremien totalt for småkubar. Her vann Samtun frå Akkerhaugen med skulpturen «Mystery box.»
Nei til mildvêr
Blant dei store kubane var «Dobbeltliv» og «Inni er vi like» med i konkurransen, i tillegg til «Passasje.»
Vinnar blei «Dobbeltliv», som ungdom frå Samtun hadde laga. «Inni er vi like» av Dag Larsen, Tove Petterson og Tommi Kotileinen, blei nummer to.
Mange kreative kunstnarar hadde lagt ned mykje arbeid i hotellhagen i Åmot. Ikkje minst er det mykje forarbeid som må til.
– Det går med ganske mange timar for å få alt på plass. Men det er verdt det. No får me håpe det held seg kjølig ei tid framover så skulpturane får leve ei stund til, avsluttar Stettin.
Artikkelen er publisert 21/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|