|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Rift om snøskuterlappen
 Fullt: Førarkortkurset for klasse S var fullteikna.
|
I helga blei vinterens tredje helg med snøskuterkurs klasse S arrangert i Skafså.
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
– Alle som har teke førarkort for bil før 1. juli 2006 har lov til å køyre snøskuter på same førarkortet. Etter den datoen må alle som skal køyre skuter lovleg ta lappen for dette køyretyet, altså klasse S, forklarer instruktør Lars Torstein Momrak.
Saman med Gunnar R. Øverland og Magnar Skinnarland står han for den praktiske delen av opplæringa på motorcrossbanen i Skafså.
Langvegsfarande
Laurdag var det fullteikna kurs med deltakarar frå Grenland, Oslo og Suldal, i tillegg til litt meir lokale folk. Fredag hadde dei teoretisk opplæring på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.
– Me må velje om me vil til Skafså eller til Voss for å ta skutersertifikat. For meg er det kortare å reise til Vest-Telemark, smiler Bjørnar Lunde Nordmark frå Suldal.
Han har køyrt ein del snøskuter tidlegare, men for å ha alle papira i orden, fann han ut at tida var inne for å ta lappen.
– Skal eg køyre der eg ynskjer må eg gjere det på lovleg vis. Eg kjem vel til å drive med både rekreasjonskøyring og transport. I Suldal er det berre løyvekøyring, forklarer Nordmark.
Fredagens teoriundervisning var ikkje så tørr som han hadde frykta, sjølv om han såg mest fram til den praktiske delen.
– Me treng å lære om lovar og reglar. Det er også viktig at me blir bevisste ansvaret me har både med tanke på miljø, dyr og andre som ferdast i naturen. Men eg innrømmer at det blir kjekkare med praksis enn teori likevel, og det skal blik kjekt med lappen, smiler Nordmark.
Teknisk
Dagens fyrst økt består av teknisk opplæring. Elevane får greie på kva dei bør og må sjekke på skuteren, og ikkje minst korleis dei skal skifte variatorreim.
– Fyrst lyfter me litt på skuteren både framme og bak slik at me er sikre på at han ikkje er frosen til bakken. Så sjekkar me at gass- og bremsehendel fungerar som dei skal. Det finst både hydraulisk og mekanisk brems. Det viktige er at dersom hendelen går heilt i botn, er det noko feil og me må sjekke nøyare. Er det hydraulisk brems, tyder det på at det er ein lekkasje ein stad. Er det mekanisk brems, er nok tida inne for å stramme bremsevaieren. Og så sjekkar me om ljos og bremseljos fungerar, instruerte Momrak.
Variatorreim
Etterpå lærte elevane korleis dei skulle leggje snøskuteren over på sida slik at dei kunne sjekke fjærer, støytdemparar, sleiden og understellet i det heile. Etterpå var det å få skuteren på beltet att og lære korleis variatorreima skulle skiftast.
– Dei fleste elevane leiger skuter i dag, men nokre få har med seg eigen. Etter at dei har sett kva som skal gjerast, får dei prøve sjølve. Det er avgjerande at dei lærer seg dette, seier Skinnarland.
– Når elevane skal køyre, kjem me til å leggje vekt på at dei skal lære seg å lese terrenget slik at tyngdeoverføring og balanse blir rett i høve til å kome seg trygt fram. Me kjem også til å gå gjennom korleis ein skal laste og sikre slede. Men vektfordeling er veldig viktig å tenkje på når ein køyrer slik at ein unngår å velte, seier Øverland.
Viktig
– Det er veldig flott at det blir gjort skikkeleg. Opplæringa me får er veldig bra, og sjølv om mange av oss har køyrt skuter ei tid, så er det veldig bra å ha formalitetane i orden. Det er kostbart om ein blir stoppa og ikkje har lappen. Eg trur faktisk dei aller fleste vel å ta skuterlappen, seier Svein Killingtveit frå Rauland.
Statkraft nyttar også tilbodet
– Alle i Statkraft som nyttar snøskuter i arbeidet sitt, blir pålagte å gjennomføre opplæringskurset som Vest-Telemark vidaregåande skule arrangerar. Me stiller eit slikt krav fordi det er avgjerande ut frå eit tryggleiksperspektiv at dei kan handtere snøskuteren på ordentleg vis. Ved å vere med på ei slik opplæring, kan både deltakarane og me dokumentere kva dei skal kunne, seier HS-rådgjevar ved Statkraft på Dalen, Katrine Bråthen.
Torsdag i førre veke var to tilsette frå Statkraft avdeling Vinje med på den praktiske opplæringa i Skafså. Også tilsette i firmaet Scanmatic var med på kurset.
– Me stiller også krav til underentreprenørar me brukar om at dei må ha gjennomgått opplæring på snøskuter om dei skal bruke det på oppdrag for oss, forklarer Bråthen.
– Me hadde teori i går, og i dag skal me ha den praktiske delen. Det går vel mykje på korleis me skal laste sleden, lese terrenget, og i det heile planleggje den aktuelle ruta me skal køyre, seier Åshild Heie og Jørn Eigil Tollefsen i Statkraft avdeling Vinje.
– Samarbeidet med den vidaregåande skulen på Dalen har me hatt nokre år no, og erfaringane våre er svært gode. Det er avgjerande at dei som skal bruke snøskuteren i jobbsamanheng, veit korleis dei skal handtere køyretøyet, og at det er viktig å tenkje på miljø. Dei som gjennomgår opplæringa skal også lage si eiga jobbanalyse. Me set tryggleiken i høgsetet, avsluttar Bråthen.
Artikkelen er publisert 21/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|