Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Passar på i påskefjellet


Testar ut området: Påskeberedskap for luftambulanse i Rauland vil gje ein ekstra tryggleik i påskefjellet i Sør-Noreg. (Foto: Hans Henrik Nilsen/Norsk luftambulanse)

Norsk luftambulanse opprettar ein mellombels helikopterbase i Rauland denne påska. Målet er å bidra til ekstra tryggleik i påskefjellet, seier generalsekretær Åslaug Haga.




Innbyggjartalet i Vinje blir mangedobla kvar påske. Berre i Rauland aukar innbyggjartalet med over 20 000 når påskesola kikkar fram. Det er ei av årsakene til at Norsk luftambulanse i år etablerar ein påskebase her.
– I heile området som helikopteret primært vil dekke, er det stor påskeutfart. I tillegg er dette området dårlegare dekt av luftambulanse enn me meiner det bør vera. Dessutan vil denne ekstraberedskapen styrke kapasiteten i store delar av Sør-Noreg, fordi helikopteret her vil avhjelpe basane i Ål, Stavanger, Bergen og Arendal, seier Åslaug Haga, generalsekretær i Norsk luftambulanse.

Kostar ein million
Helikopteret vil vera stasjonert ved Rauland skisenter på dagtid, og i nærleiken av hyttene der mannskapet skal bu om nettene. Frå alarmen gjeng, skal helikopteret vera i lufta i løpet av få minutt. To mannskap med pilot, lege og redningsmann skal dele på å ha vakt annankvar dag. Dei blir kjøpte fri frå ferien sin. Haga reknar med at påskeberedskapen vil koste om lag ein million kroner. Eit stort lokalt engasjement og pengegåver frå lokalt næringsliv har gjort at dei alt har samla inn ein del pengar, men dei treng meir.
– Eg håpar me kan få inn mesteparten av kva det kostar gjennom ekstraordinær støtte, og eg trur engasjementet er så stort at me tør å seie at dette får me til, sjølv om all finansieringa enno ikkje er på plass, seier Haga, som også vil søkje støtte utanfor regionen.

Behov for permanent base
Tidlegare har Norsk luftambulanse hatt påskebase både på Dombås og Geilo, men ikkje sidan 80–90-talet. Haga ser det som viktig å bidra til ekstra tryggleik i påskefjellet.
– Er det uforsvarleg å ikkje ha ein slik beredskap?
– Nei, det er ikkje uforsvarleg. Men me meiner det er grunnlag for ein betre beredskap i området enn det er i dag, seier Haga, som trur påskebasen vil bidra til merksemd rundt behovet for ein ny helikopterbase.
Ho legg ikkje skjul på at politikarpåverknad må til.
– Me er opptekne av at det er behov for ein permanent base i Telemark og omegn. Med eit tiltak som dette vil ein i alle fall få merksemd kring behovet, og då håpar me det vil lyfte det ynsket me har. Det vil vera eit bidrag i diskusjonen. Merksemd og engasjement er viktig for politiske avgjerder – det kjenner eg godt til frå mitt tidlegare politiske liv. Politikarar er påverkelege, seier Haga og ler.
Ho seier Norsk luftambulanse ikkje har noko meining om kvar ein ny base bør ligge, men at det er noko ein må finne ut av lokalt og saman med helseføretaket.
– Me støttar berre oppunder det lokale engasjementet som finst, og slik sett er det Vinje som har kome lengst og er mest ivrige i Telemark. Me gjev råd til alle som ynskjer det, seier ho, og understrekar at dei må vinne eit eventuelt anbod for å drifte basen dersom han kjem.

Norsk luftambulanse
– Norsk luftambulanse er to ting: Ein medlemsorganisasjon og eit legehelikopterselskap.
– Stiftinga Norsk luftambulanse har nesten 800 000 medlemmar, og er Noregs største ideelle medlemsorganisasjon.
– Norsk luftambulanse AS er operatør på åtte av dei elleve legehelikoptra i Noreg. Dei flyg på oppdrag frå Helseføretakas nasjonale luftambulanseteneste ANS.
Kjelde: norskluftambulanse.no

Helikopterbase i Vinje
– Lokale krefter i Vinje og Vest-Telemark arbeider for å få på plass ein ny base for luftambulansen. Dei samarbeider med Norsk luftambulanse, som kan ende opp med å få oppdraget med å drifte basen dersom han blir ein realitet. Plassering i Vinje vil gjera at ein stor del av Sør-Noreg som no ligg utanfor 20-minuttsgrensa for responstid, vil få eit likeverdig tilbod som det meste av Sør-Noreg elles.
– Truleg må Stortinget løyve ekstra pengar for at ein base skal bli etablert. Det finst ikkje midlar til det i Helse Sør-Aust i dag.
– Norsk luftambulanse har ikkje noko formell innverknad på om det kjem ein ny base i Noreg eller kvar han skal ligge. Det er Stortinget og helseføretaka som avgjer dette.
– Norsk luftambulanse meiner det er behov for ein helikopterbase i Telemark. Notodden og Skien er også interesserte i å vera vertskap for ein helikopterbase, men har ikkje kome like langt i arbeidet som Vinje. Fagfolk seier det er viktig at ambulansen ligg i eit sentrum og i tilknyting til andre helseinstitusjonar, som ambulansesentralar og helsesenter. I Vinje tenker ein på Åmot som det beste alternativet når det gjeld plassering. Kommunen har reservert og betalar for eit lokale i påvente av ei avgjerd i saka.


Artikkelen er publisert 21/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president