Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Siste finpuss ved brygga


Må bestemme seg: Den kunstnarlege utsmykkinga av Kviteseidbyen står att. Nå må politikarane ta stilling til kva utsmykking dei ynskjer. Kanskje det blir denne vassgardina som skal pryde bryggjeparken i framtida. (Fotografi av skulptør og biletkunstnar Gunnar Torvund sin modell)

I samband med at Kviteseid fekk tettstadprisen i 2007 står det ennå att eit oppdrag. Litt over ein halv million kroner kan få ei vassfontene på plass i bryggeparken.




Det er den kunstnarlege utsmykkinga som står att før opprustinga av Kviteseidbyen blir komplett.
Fylkeskommunen har løyvd 150.000 kroner til denne delen av prosjektet, og tidsfristen for å nytte tilskotet gjekk eigentleg ut ved nyttår.
– Arbeidsgruppa jobba på spreng i fjor haust for å finne den rette kunstnaren, og for å kome fram til kva skulptur eller fontene me skal gå for. Nå har kommunen fått forlenga fristen for dei fylkeskommunale midlane fram til 1. juni, men det hastar med å ta ei avgjerd, seier Gunnar Ruud (H) som har vore med i utsmykkingsgruppa.
Rådmannen i Kviteseid opplyser at det er 516.000 kroner på kontoen som skal finansiere det kunstnarlege i sentrum.
– Dette er øyremerka midlar til kunstnarleg utsmykking, og dei er gjeve av sparebanken og næringslaget i tillegg til det kommunale og fylkeskommunale bidraget, fortel Ruud.

Ekstramøte
Formannskapsmedlemmene som var saman torsdag vedtok at dei må halde eit ekstra møte 7. mars for å kome fram til eit vedtak i den kunstnarlege saka.
– Då må me ha ein framdriftsplan og eit kostnadsoverslag på bordet. Me må ta stilling til kva fontene me ynskjer å gå for. Skal me ha fontene i vatnet eller i bryggjeparken, eller vil me ha fontene i det heile, undra ordførar Tveito.
Rådmannen minna om at bare pumpeinstallasjonen til ei slik fontene kan få ein kostnad på 240.000 kroner, og ein må avklare korleis det er å etablere ein installasjon i parkområdet sidan kommunen ikkje er grunneigar der.

Historiebit
Ruud la fram illustrasjonar og fotografi av kunstnarens ulike modellar for formannskapsmedlemmene. Gunnar Torvund har skapt fleire ulike utgåver som politikarane fekk sjå.
– Torvund har mellom anna tatt utgangspunkt i dei gamle portalane på det tidlegare kommunehuset. Desse vil han skape i full storleik i bronse i tillegg til element i stein. I midten skal det vere ei vassfontene som blir synleg som ei gardin. Vassgardina sender 500 liter vatn i minuttet ned i eit basseng og vidare ut i fjorden. Andre modellar har vasstrålar ut frå portalen, og ein modell er tenkt som ei fargesett fontene ute i vatnet, uttala Ruud.
Med portalen som Torvund nyttar i sine modellar, kan det gamle kommunehuset i Kviteseid likevel blir tatt med vidare inn i kviteseidhistoria.
Politikarane i Kviteseid vedtok i september i fjor å kjøpe tilbake Moen skule, som både har vore seminar, skule, bank, og kommunehus. Kommunen overdrog bygget til Kviteseid arbeidssamvirke i 1998, og bygget har stått til nedfalls i mange år.
Politikarane ynskte at bygget skulle rivast, og lufta også tankar om å nytte det til ei brannøving for å frigje tomta til eit felles ope areal.


Artikkelen er publisert 18/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president