|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Best i landet
 Best: Ingen 16-åringar i landet kunne måle seg med Even Nordbø frå Fyresdal som fredag tok gull i hovudlandsrennet i skiskyting. (Foto: Svein Halvor Moe)
|
Etter ein forrykande sisterunde kunne Even Nordbø (16) frå Fyresdal klatre opp på det øvste trinnet på sigerspallen i hovudlandsrennet i skiskyting i Røros. – Det har ikkje heilt gått opp for meg, uttala gullvinnaren etter løpet.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
At han er ein racer i sporet er ikkje noko nytt. Men at han skulle ta gull i hovudlandsrennet med tri bom og nesten eitt minutt å ta att før den siste runden, torde ikkje ein gong hovudpersonen sjølv å tru på. Men Even Nordbø (16) frå Fyresdal var fredag Noregs beste skiskyttar i si klasse.
– Det har ikkje heilt gått opp for meg, seier stortalentet på telefon frå Røros.
I mål var han sju sekundar framfor Hadrian Mjøsund Sletner frå Trondhjems skiskyttere og Endre Wold frå Vik IL som delte andreplassen.
Både sylv- og bronsevinnarane skaut fullt hus. Det visste Even Nordbø då han la i veg på si ferd mot gullet på normaldistansen. Han bomma to gonger på den fyrste skytinga og gjekk ut som nummer åtte, vel eit halvt minutt bak Mjøsund Sletner som leia. På den andre skytinga trefte Nordbø fire av dei fem blinkane. Avstanden fram til leiaren hadde auka til 52 sekundar.
– Det var berre å gje alt. Det var fyrst på oppløpet at eg skjøna det kunne bli gull, seier ein glad hovudlandsrennvinnar rett før han skal på blomsterseremoni på skistadion.
Nordbø kan vise til solide resultat i fleire år, men gullet i den uoffisielle noregsmeisterskapen for 15- og 16-åringar tronar desidert øvst. I fjor blei han nummer 42 og 5 på dei to øvingane. I dag står han på startstreken når sprint er på programmet i hovudlandsrennet som blir arrangert av Os og Røros idrettslag.
– Eg får prøve å gjenta prestasjonen, smiler Nordbø.
Torjus N. Fossli frå Fyresdal skiskyttarlag blei nummer 48 i 15-årsklassa. Han bomma totalt fem gonger på dei to skytingane og var vel fire minuttar bak Kasper Lie frå Skatval skilag som vann klassa.
Artikkelen er publisert 18/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|