Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

– Nytt system kan forseinke apoteka


Endrar system: Dei tilsette ved Kviteseid apotek tar snart fatt på ein meir digital kvardag, noko som truleg vil skape litt forseinkingar i oppstarten. Frå venstre Ingvild Øverland, Liv Storgaard, Solveig Løfgren, Inger Lise Bakke, Ingebjørg Cecilie Aarbakk og Anne Ragnhild Skogly Tveit.

Dei tilsette ved apoteket i Kviteseid øver seg på nytt datasystem. – Onsdag startar me med det nye systemet, noko som kan føre til litt ekstra ventetid for kundane, opplyser driftskonsesjonær Inger Lise Bakke.




Bakgrunnen for at apoteka legg om til eit nytt datasystem er at alle kjedene skal kommunisere saman.
– Kviteseid og Seljord apotek, som er eigd av same selskapet, er frittståande og ikkje knytt til noko apotek-kjede. Men me må likevel leggje om til det nye datasystemet. I dag starta Seljord apotek med det nye systemet og onsdag neste veke er det vår tur, opplyser driftskonsesjonær ved Kviteseid apotek, Inger Lise Bakke.
Ho fortel at dei tilsette i Kviteseid har gjennomført ulike øvingskurs den siste tida for å vere budd på det nye systemet.
– Men ein veit ikkje korleis systemet vil fungere i praksis før me startar skikkeleg opp. Onsdag neste veke er me i gang, og erfaringar frå andre apotek, der dei har starta med systemet, seier at det blir forseinkingar ut til kunden, beklagar ho.
– Kor lenge kan kundane bli råka av forseinking?
– Truleg vil me vere merkt av dette ut månaden. Difor bed eg kundar om å tinge nye medisinar i god tid, og om ein har det ein treng kan ein vente med ny tinging til det nye systemet har kome godt i gang, seier Bakke og bed kundane vere tolmodige med dei tilsette på apoteket.

Klargjer for e-resept
Bakke meiner at endringa ikkje blir så merkbar i Seljord sidan dei bare tar imot kundar lokalt.
– Apoteket i Kviteseid er eit forsendingsapotek. Mange kundar ringer oss, og har gjerne dårleg tid med å få ny medisin. Det er ofte hektisk rett før posten skal av stad eller bussen plukkar opp medisinpakker som skal ut til butikkane eller til kundar, seier Bakke.
– Kvifor kjem det nye systemet?
– Det er naudsynt for oss å innføre det for at me kan ta i bruk e-resept, som også kjem om kort tid. Tida med resept på ein papirlapp frå legen er over, og 16. april innfører me den nye digitale resepten også for apoteka i Seljord og Kviteseid.
– Kva tenker du om løysinga?
– Systemet vil bli sikrare sidan kundens resept blir lagt inn i ein eigen bank. Denne banken vil alle landets apotek i framtida ha tilgang til, så det spelar ingen rolle om du hentar ut medisinen din på heimstaden, der du studerer, jobbar eller er på ferie, seier Bakke.


Artikkelen er publisert 16/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president