|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Fortvila over nedprioritert veg
 Dårleg standard: Dei tolv kilometrane inn til Varland er i alt for dårleg stand, meiner innbyggjane og Vinje Sp. (Foto: Jøran Eriksrød)
|
Innbyggjarane langs Varlandsvegen på Møsstrond er lei av den elendige standarden på hovudfartsåra deira. – Bilane blir øydelagde dersom ein køyrer fortare enn 40 km/t, seier innbyggjar Sigrun Dyrland.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
Varlandsvegen, Fv 851, tek av frå riksvegen mellom Rauland og Rjukan, og gjeng tolv kilometer innover til Varland, som er ein viktig innfallsport til Møsstrond. Dei fastbuande har i mange år fortvila over tilstanden vegen er i.
– Store hol i vegen blir tetta med asfaltklattar kvart år, men det er ikkje lenge det hjelper. Kular, humpar og røter kjem gjennom dekket, og gjer sitt til at maksfarten ein kan halde er 40 km/t. I alle fall dersom ein ikkje vil øydelegge bilen og skifte alt av demparar og anna på bilen kvart halvår, fortel Sigrun Dyrland, som bur langs den dårlege vegen.
Underskriftskampanje
I fjor tok nokre innbyggjarar initiativ til ein underskriftskampanje for å gjere styresmaktene merksame på korleis det eigentleg er fatt med vegen. Enno har dei ikkje sendt underskriftene til fylkeskommunen, men Dyrland seier dei vil gjera det så fort snøen forsvinn frå vegane og ein får dokumentert betre korleis stoda er.
– Då er fylkespolitikarane hjarteleg velkomne hit for å sjå kvar dei bør bruke pengar, inviterer Dyrland.
Ho fortel at det ikkje har vore gjort noko særleg med vegen sidan det blei lagt asfalt tidleg på åttitalet.
– Og det var visst ikkje noko godt grunnarbeid som blei gjort då. For nokre år sidan var det tri strekningar som fekk ny asfalt, fordi skulebussjåførane opplevde at bussane blei øydelagde. Men då fekk me beskjed om at det raskt kom til å bli like ille att, og det stemte, seier Dyrland, som fryktar kva som kan skje når ambulansen skal fort fram på vegen.
Lågt prioritert
Sigbjørn Molvik (SV) er leiar i hovudutvalet for samferdsel i Telemark fylkeskommune. Han kan ikkje på ståande fot kommentere denne konkrete vegen, men seier at vegar som er klassifiserte som «øvrige vegar», altså dei minst viktige vegane i fylkesvegplanen, blir prioritert etter dei strategisk viktige (kategori 1) og dei viktige vegane (kategori 2) dersom dei er farbare.
– Hovudregelen på desse vegane er at ein tek akutte ting slik at vegen er nokon lunde køyrbar, seier Molvik, som vil sjå på saka når han får ein førespurnad.
Krev ny veg
Vinje Senterparti går no ut og krev at fylkeskommunen prioriterer Varlandsvegen på Møsstrond dei neste åra. – Vegen er i svært dårleg forfatning, slår dei fast.
På årsmøtet vedtok partiet at dei krev at fylkestinget prioriterer opprusting av Varlandsvegen høgt i budsjettet, og at vegen blir lagt inn som opprustingsprosjekt i 2012, seinast i 2013.
– Varlandsvegen er ein veg til fleire bustader, fritidsbustader og næringsverksemder. Det er òg ein skuleveg. I tillegg er Varlandsvegen innfallsporten til Møsstrond og Hardangervidda. Dei som bur i det veglause samfunnet på Møsstrond brukar enden av Varlandsvegen som båtplass og parkeringsplass, uttalar Vinje Sp i resolusjonen dei har vedteke.
– Dersom Telemark fylkeskommune ynskjer å oppretthalde og stø opp under dette heilt spesielle bustadsamfunnet i fylket, og for dei allmenne interessene knytt til Hardangervidda, må de prioritere nokre av vegpengane til å ruste opp Varlandsvegen, krev partiet.
Leiar i Vinje Sp, Jon Rikard Kleven, meiner det er på tide å sende tydelege signal til fylket om vegane med stor trong for pengar til opprusting.
– Både Varlandsvegen og Fiskestigen mellom Hylland og Øyfjell treng asfalt. Men fylkeskommunen må prioritere vegpengar, og me må vera med å prioritere. Difor valde me Varlandsvegen, ut frå argumentasjonen over, og at dei ikkje har nokon alternativ trafikkåre. Det har ein mellom Åmot og Øyfjell, sjølv om det er tungvint å køyre om Høydalsmo eller Rauland, forklarar Kleven.
Artikkelen er publisert 16/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|