|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Innleier formelt politisamarbeid
 Fornøgde: Eit samrøystes kommunestyre i Tokke vedtok samarbeidsavtala mellom kommunen og Telemark politidistrikt. Politimeister Anne Rygh Pedersen, Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid og lensmann Bjørn Håvard Olsen er storfornøgde med vedtaket.
|
Politikarane i Tokke gjekk i sist kommunestyremøte samrøystes inn for ei samarbeidsavtale med politiet. – Tokke kommune er ein føregangskommune, og me ynskjer at alle kommunar i fylket gjer det same, seier politimeister i Telemark, Anne Rygh Pedersen.
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
– Ei samarbeidsavtale i form av å nedfelle felles målsetjingar og gjensidige forpliktingar er det politiet gjerne ynskjer. Andre kommunar har oppretta politiråd, men denne avtala, som de skal ta stilling til i kveld, er meir forpliktande og konkret, og seier også noko om kva ansvar både kommune og politi har. Punktet om politiråd er sjølvsagt også med, innleidde Tokke-lensmann Bjørn Håvard Olsen.
Positivt
Tidlegare ordførar i Tokke, Olav Urbø (Sp), var positiv til eit slikt samarbeid.
– Det er grunnleggjande positivt å innleie samarbeid, men det flyt ein del politikarinformasjon i systemet, og eg ynskjer nokre svar frå politimeisteren før eg slår meg heilt til ro, sa Urbø.
– Det er i utgangspunktet tri stillingsheimlar i politiet i Tokke i dag. Sjølv om stillingane ikkje er fylt opp, er det i samband med lensmannens halve stilling i Fyresdal då tanken at det blir færre heimlar i Tokke. Har dette samanheng med at det samstundes skjer ei overflytting frå Fyresdal til Kviteseid? I same rennet synest eg også at innbyggjarane i Tokke bør få vite korleis opningstidene på lensmannskontoret blir framover, meinte Urbø.
Ros
– Fyrst av alt vil eg rose ordføraren i Tokke, som tok initiativet til denne avtala. Me ynskjer å få i stand slike avtaler med alle kommunane. For oss betyr det at me forpliktar oss, men det gjer også kommunen. Til Urbø kan eg seie at det ikkje er heimla stillingar som avgjer kor mykje politi me kan ha. Det er budsjettet som styrer, og det gjeld i heile fylket. Eg kan også seie at det ikkje ligg føre planar om å reduser talet på tilsette slik stoda er i dag. Faktisk skal me ta imot ein ny tilsett i Tokke i byrjinga av neste månad, svarte politimeisteren.
Med tanke på framtidige opningstider, meinte ho innbyggjarane i stor grad kan påverke dette.
– Ynskjer befolkninga at me til dømes skal ha ope fredagar, vil me vurdere det om det ikkje kjem i konflikt med beredskapen vår. Slik det er i dag ser det ut til at to dagar i veka er greitt, men me ynskjer gjerne ein dialog rundt temaet, meinte ho.
Samarbeidsavtala er laga for at innbyggjarane i Tokke skal føle mest mogleg tryggleik, og det er også ei målsetjing at avtala skal formalisere eit gjensidig og forpliktande samarbeid. Avtala tek også føre seg viktige punkt som vakt og beredskap, mål og resultat, publikumsretta tilbod og ikkje minst konkrete tiltak.
Politikar–ja
Politikarane i Tokke var samde i at ei samarbeidsavtale med politiet var utelukkande positiv, og eit samrøystes kommunestyre slutta seg til avtala.
– Me har erfart at det kvelden før den årlege yrkesmessa på Dalen har vore ein del bråk og handlingar som har vore utanfor lova. I år gjekk dette veldig bra, og både politiet og natteramnane melder om ein roleg kveld. Eit slikt samarbeid er det me er ute etter, og det gjev resultat, slo lensmann Olsen fast.
– Avtala er spesiell, og me får eit forpliktande samarbeid og ein arena for å ha dialog. Avtala skal evaluerast årleg i politirådet, og me får såleis høve til å fylgje opp avtala. Me får også høve til å gjere ting annleis om erfaringane tilseier det. Nok ein gong vil eg rose politikarane i Tokke som i kveld sa ja til avtala, avslutta politimeisteren.
Artikkelen er publisert 16/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|