Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Mange talent på mønstring


Fingerspel: Åsmund Christenson imponerte stort med fingerstyle på gitaren. Han spela låta «Drifting» av Andy McKee.

Heile 56 deltakarar fordelt på 28 innslag var med på Ungdomens kulturmønstring i Vinje. Hardrock, country, pop, dans, foto, måleri og hardingfelespel var noko av det publikum og dommarar fekk sjå fredag kveld.




Mange øvingstimar, førebuingar, lydprøver og nervar låg bak årets kulturmønstring i Vinje. 56 deltakarar frå heile kommunen, der spesielt Edland var godt representert, kom til Vinjehuset med det kvar enkelt hadde på hjarta eller i fingrane. Publikum var òg ivrige. Heile 260 stykk hadde møtt fram for å sjå, heie og høyre på alle dei flotte ungdomane.

Likar seg i snikkarboden
Tor-Sondri Bratland Nystog frå Edland var ein av deltakarane som hadde utstilling på mønstringa. 12 åringen likar å drive på for seg sjølv i snikkarboden på fritida og hadde laga ein krakk og ei skjerefjøl.
– Eg tok mønsteret av ei fjøl mamma hadde, og gjorde litt om på det, sa Bratland Nystog.

Kunst og litteratur
Serieskapar, musikar og biletkunstnaren Levi Holt Bratland hadde det travelt på mønstringa. Han er vokalist i to band som deltok på mønstringa. Han deltok i tillegg med eit måleri han kalla «se!» og teikneserieheftet hans «Navnløs».
– Heftet består av det beste eg har teikna sidan mai 2011, sa Holt Bratland.
Han legg bestemt til at teikneseriar også er litteratur og kunst.
– Til dei der ute som meiner at teikneseriar ikkje er kunst, les ein teikneserieroman, sa ein engasjert kunstnar.

Vann publikum sine stemmer
Det var også mange talent på scena, både når det gjaldt song, rock, trommer, novelle og dans. Blant dei mange talentfulle ungdommane imponerte 18-åringen Åsmund Christenson stort med «fingerstyle guitar» og låta «Drifting» av Andy Mckee. Publikum fekk stemme på den dei meinte fortente publikumsprisen, og han gjekk til nettopp Åsmund frå Edland.

Vidare til Bø
Det var ein vanskeleg, men også morosam jobb for dommarane å plukke ut deltakarane som skulle gå vidare til fylkesmønstringa i Bø. Etter litt diskusjon blant dommartrioen, kunne programleiar og kultursjef Signe Marie Kittelsaa stolt lese opp kven som gjekk vidare. Levi Holt Bratland gjekk vidare med biletet «se!» og teikneserieheftet «Navnløs».
– Det hadde eg aldri trudd. Det var mange som var betre enn meg, og det er ikkje bare noko eg seier, sa ein svært nøgd kunstnar og serieskapar.
Fylkesmønstringa går av stabelen i Bø siste helga i mars.

Desse gjekk vidare til Bø:
Scene:
Vinje juniorspelemannslag – Folkemusikk
Åsmund Christenson – Fingerstyle guitar
Trond Ringhus – Trommesolo
Masker (Aslak Midtbøen, Guled Ali Mohammed og Habane Ali Mohammed) – Hip hop-dans
Aaga og Weraa (Agnieszka Pedzich og Weronika Ogrodwska) – polsk song
Rannei E. T. Bergland og Sveinung Seltveit – popmusikk

Utstilling
Levi Holt Bratland – Navnløs
Levi Holt Bratland – Se!
Tor-Sondri Bratland Nystog – trearbeid
Ann-Christin Geissler – musikknøkkel
Margit Slåtta Flothyl – MargitPosten

Artikkelen er publisert 14/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president