Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Jobbar hardt for helikopterbase


Manglar dekning: Den mørkeblå sirkelen viser hovuddekningsområdet ein luftambulansebase i Vinje vil få. Her er det i dag eit stort hol i dekninga. Truleg må Stortinget løyve ekstra midlar til Helse Sør-Aust for at ein skal få etablert ein base for luftambulanse i Telemark. (Illustrasjon: Vinje kommune)

I Vinje arbeider ein stadig meir aktivt for å få ein luftambulansebase til kommunen. Norsk luftambulanse er svært positive til Vinje som base. Men framleis er vegen veldig lang å gå.




Vinje ligg midt i eit stort område som manglar dekning av luftambulanse med responstid på 20 minuttar, som er tilrådd tid. Det aller meste av Vest- og Aust-Telemark fell utanfor ei slik dekning.
I Vinje har ein difor i lengre tid arbeidd med å etablere ein ny base for luftambulanse i Sør-Noreg – og då helst i Vinje. Både Skien og Notodden ivrar også etter å få ein slik base, men då vil dekningsområdet naturleg nok bli eit anna, og ein vil tette mindre av holet på kartet (sjå illustrasjon).

Betalar for lokale
Torsdag vedtok formannskapet i Vinje samrøystes å seie ja til eit tilbod om å leige lokale i andre etasje på Åmot bilservice, der Vinje ambulanse også nyleg har etablert seg. Årsaka er at dei ynskjer å halde av lokala dersom ein skulle få på plass ein luftambulansebase i Vinje. Avtala med Åmot bilservice er at kommunen betalar halv leige, 120 000 kroner i året, så lenge lokala står tomme.
– Dette vil vera ein sterk fordel når det gjeld å få ei slik teneste til Vinje. Eg synest me bør ta denne sjansen, sa Roar Berg-Hansen (Ap) i formannskapsmøtet førre veke.

Norsk luftambulanse positive
For to veker sidan var generalsekretær Åslaug Haga og direktør Syver Leivestad i Norsk Luftambulanse i Åmot for å drøfte plasseringa av ein eventuell base i Vinje med ordførar og rådmann. Dei var då på synfaring i dei nye lokala til Vinje ambulanse.
– Der det er praktisk mogleg å samlokalisere den rullande ambulansen og luftambulansen, er det absolutt best, understrekar Leivestad.
– Det er heller ikkje noko som tyder på at det finst fysiske hindringar i Åmot sentrum som gjer inn- og utflyging vanskeleg, legg han til.
Haga og Leivestad har eit godt og nært samarbeid med administrasjonen i kommunen. Dei understrekar at det ikkje er Norsk luftambulanse som avgjer kvar ein eventuell base skal liggje, og det er heller ikkje sikkert det er dei som skal drifte han. Blir det base, skal drifta ut på anbod. I dag driv Norsk luftambulanse 8 av 11 luftambulansebasar i Noreg.
Haga understrekar framleis, slik ho tidlegare har gjort for kommunestyret, at det lokale engasjementet er alfa og omega for å få etablert nye basar for luftambulansen.
– Det er folkeleg engasjement som har drive fram mange av basane som finst i dag, seier ho.

Avhengige av Stortinget
Ordførar Arne Vinje er glad Norsk luftambulanse viser så stort engasjement for ein base i Vinje.
– Dei er samde i at ei plassering av basen her er den beste for å dekke det området som i dag ikkje er omfatta av den normerte responstida på 20 minuttar. Basar i Skien og Notodden vil vera utilstrekkelege når det gjeld å dekke holet på kartet, slår ordføraren fast.
I Vinje arbeider dei no med å samle støtte frå alle dei andre kommunane som vil oppleve auka medisinsk tryggleik dersom ein base kjem på plass. Vest-Telemark-kommunane har alt gjeve si støtte.
– Me er dessutan innstilte på å gjera ein sterk innsats for at Helse Sør-Aust skal få løyvd ekstra pengar frå Stortinget for å etablere ein base. Det er veldig tvilsamt om helseføretaket gjeng inn for noko slikt utan ekstra midlar, seier Vinje.

Likeverdig helsetilbod
Under formannskapsmøtet torsdag orienterte Halvor Vasshus, som no arbeider fullt
med luftambulansesaka for kommunen, om situasjonen så langt. Han la vekt på at ei plassering i Vinje vil gjera at innbyggjarar i store delar av Sør-Noreg får eit likeverdig tilbod som dei som held til i meir sentrale strok.
– Ei likeverdig helseteneste er hovudargumentet vårt, og me ser ikkje berre på ein kost-nytte-funksjon slik dei gjer i Skien. Eit ambulansehelikopter her i Vinje kan gjera ein god jobb både i aust, vest, nord og sør, sa Vasshus.
I tillegg vil ein base i Vinje vera eit viktig supplement til basane som alt eksisterar.
– Er helikopteret i Arendal ute på oppdrag, til dømes med å fly ei kuvøse til Ullevål, er heile området utan dekning dei fire til seks timane det tek. Då vil eit helikopter herfrå vera ei viktig støtte dersom det skjer noko, seier Haga.
Ho understrekar også at auken i spesialisthelsetenesta i landet gjev eit stadig større behov for å frakte folk over lange avstandar fort.
– Det er framtida i Helse-Noreg, seier Haga.
Fagfolk ynskjer sentrumsplassering
Ordførar Arne Vinje understrekar at dei ikkje vil legge føringar for kvar i kommunen ein eventuell luftambulansebase blir plassert.
– Det vil me overlate til fagfolk å avgjera. Plassering må vera fagleg grunngjeve, seier han.
Næringslaga i Haukeli, Rauland og Åmot har kome med ei felles uttale om at dei ikkje vil blande seg inn i kvar basen skal bli plassert, men at dei vil overlate det til fagfolk.
Norsk Luftambulanse ser føre seg Åmot og samlokalisering med ambulansetenesta her som det beste.
– Det å vera midt i sentrum, i nærleiken av helsesenter, rullande ambulanse og viktige vegar er viktig når ein avgjer kvar ein plasserer basen, seier generalsekretær Åslaug Haga.

Ingen negative erfaringar i Ål
Halvor Vasshus fortel at det har kome nokre negative reaksjonar på å plassere luftambulansen i Åmot sentrum. I Ål kommune har luftambulansen halde til midt i Ål sentrum sidan 1994. Der har basen berre hatt positive ringverknader, fortel ordførar Ivar Breivik.
– Eg har aldri høyrd ei einaste klage på helikopterstøy, seier Ål-ordføraren.
Han skjønar at folk kan vera skeptiske når dei ikkje veit kva dei gjeng til, men meiner skepsisen er ubegrunna. Lite lyd og stor grad av tryggleik er oppsummeringa hans.
– Det er viktig å understreke at det å få ein luftambulansebase til bygda er utelukkande positivt – også for dei som bur som like ved innflyginga. Det er berre ein godlyd, og ein høyrer han berre ei lita beite eit par gonger om dagen. Samanlikna med lyden frå riksvegen er det veldig lite bråk, seier Breivik, som meiner det er gode grunnar til å samanlikne Ål og Vinje.
Direktør i Norsk luftambulanse, Syver Leivestad, seier at det vil vera snakk om ein til tri avgangar i snitt dagleg. Då vil ein høyre helikopterlyd i om lag eitt minutt. Ambulansehelikopter lagar mykje mindre lyd enn Sea King og forsvarets helikopter.


Artikkelen er publisert 14/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president