|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Iskald trytefangst
 Fekk fisk: Dei fyrste skuleelevane som fekk fisk på isen fredag var femteklassingane Maja Ek Brynilsen (t.v.) og Sigrid Rognsvåg.
|
Skuleelevar starta årets Kviteseidmarken med pilkestong og maggot på Sundkilen fredag. Laurdag beit kulda godt, men folk strøymde likevel til det tradisjonsrike arrangementet for å oppleve alt frå helikoptertur og markenstilbod til tråv- og billøp.
Tone Tveit tone.tveit@vtb.no
Årets Kviteseidmarken er over, og arrangørane kan vere nøgde med ein godt besøkt marknadshelg.
Det årvisse arrangementet blei opna med fiskeglade elevar frå femte- til niandeklasse ved Kviteseid skule på isen fredag føremiddag. Med assistanse frå frå Kviteseid jeger- og fiskerforening blei det delt ut pilkestengar, magott og bora hol, før elevane sette i gang jakta på den største fangsten.
Fyrst ut med å lure til seg fisk var femteklassingane Maja Ek Brynilsen og Sigrid Rognsvåg. Etter dei fylgde fleire elevar opp med nokre fleire små fisk.
Kulde og handel
Tradisjonen tru viste kong vinter seg slik han plar då markenslaurdagen kom. Sjølv om meteorologane hadde spådd varmegrader viste gradestokken sytten blå tidleg laurdag. Når sola kom blei temperaturen halvert og Kviteseidbyen full av nøgde marknadsgjester. Handelen gjekk sin gang nede i sentrum og ein kunne ta fatt på alt frå varme saueskinn til nysteikte smultringar, ulike tilbod i butikkane, høve til å kjøpe leilegheit på Sunkilen brygge eller ta ein luftig rundtur med helikopter over sentrum.
Hestekrefter
Når klokka tikka mot middagstid strøymde hestefolket til isen og gjorde seg klare for dagens seks løp.
23 hestar frå store delar av Telemark og nokre frå nabofylka fullførte tråvløpet på Kviteseidmarken, og gode tider blei oppnådd, melder markenskomiteen.
Seks fjordingar og tungdølar stilte i Markensløpet, og det var Ola Teigeland med fjordingen Sørlis Arga som passerte målstreken fyrst.
– Hesten har eg lånt nokre år, og eg brukar han mykje. Me køyrer mellom anna ved, fortel den trivlege 80-åringen frå Vinje.
25 sekund etter kom tungdølen Hertug over målstreken. Den flotte hesten er eigd av Bente Tveiten. Den blei også kåra til Kviteseidmarkens finaste ekvipasje.
– Det er moro å vere tilbake på isløp i Kviteseid. Eg var her for 14 år sidan, då vann eg, men det var med ein annan hest, fortel Tveiten som kjem frå Heistadmoen på Kongsberg.
Lokale vinnarar
Det var Ruskeli Scott etter Tangen Scott, eigd av Kari Braaten frå Vefall som vann Aagot Moen og O.P. Sælands minneløp.
I andre løpet, Sundkilen-løpet, gjekk sigeren til Mellem Borken eigd av Bjørn Hovet frå Kviteseid, og triåringen Scream For Love frå Notodden tråva inn til siger i Kviteseidløpet (3-års varmblods) og gav eigaren Ragnar Skogen frå Notodden eit napp i Det Norske Travselskap sitt store jubileumsfat.
Dagens fjerde løp, Øvre Telemark Tråvlags løp, var det Tamlin Way eigd av Randi Breive frå Vinje som vann.
Sigeren i Sterke-Nilsløpet gjekk til Elin Råmunddal frå Morgedal sin flotte Hålands Liz.
Full fart på isen
NMK Vest-Telemark arrangerte isløp for bil med og utan ispiggdekk på Sundkilen under Kviteseidmarken laurdag.
Trond Brekke frå NMK Vest-Telemark er godt nøgd med oppmøtet.
– 21 bilar stilte til start, og arrangementet gjekk fint utan store uhell. Bare nokre få førarar måtte bryte på grunn av motorproblem, fortel Brekke.
Fyrsteplassen i klassa for ispiggdekk gjekk til Ole Jacob Tudal frå Siljan. Han køyrde ein Subaru Impreza WRX STI, nest best blei Halgeir Lie frå Gvarv som også køyrde vinnarbilen. Tredjebest blei Erik Halvorsen som køyrde ein Audi S2.
– Det var også Tudal som fekk beste rundetid med 38,41 sekundar, og sitt fyrste napp i vandrepokalen som me starta med i 2004. Pokalen hamnar nå i Siljan, så neste år får me satse på at vesttelane klarer å kapre pokalen tilbake, seier Brekke.
I klassa for vanlege dekk var det kviteseidingen Bjørn Aslak Riis, i sin Volvo 940, som fekk bestetid. Andreplassen gjekk til Richard H. Heimdal, med sin Volvo 740, medan tredje bestetid i denne klassa tok Dag-Roald Wisløff.
NMK Vest-Telemark held fram med iskøyring for bil på Sundkilen kvar torsdag og laurdag fram til 1. mars om isen er trygg.
Artikkelen er publisert 14/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|