|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ikkje berre gull og grøne skogar

Utval: Gullsmed Nora Vinjerui på Dalen tek også i mot gull som folk vil kvitte seg med. – Det er vel nokre havarerte ekteskap i dette utvalet, men slik er det no berre, seier ho.
|
Svært mange annonsørar i media tilbyr seg å kjøpe gull. Gullsmed Nora Vinjerui på Dalen bed folk tenkje seg om før dei eventuelt sender frå seg gull dei ikkje vil ta vare på lengre. – Det er i alle fall viktig at dei er sikre på at dei får best mogleg pris på det dei leverer frå seg. Det er nok ein del useriøse aktørar på marknaden, åtvarar ho.
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
– Etter kvart tømast fleire av gullgruvene spesielt i Sør-Afrika, og det kostar svært mykje å setje i gang ny gruvedrift og nye gruver. Samstundes er etterspurnaden etter gull aukande. Ein sterkt veksande økonomi i Kina fører til at fleire der vil kjøpe gull, seier gullsmed Nora Vinjerui på Dalen.
Ganske stabil
For mange er gull sett på som ei sikker investering, og stort sett er gullprisane stabile.
– Litt variasjon vil det vere, men det ser ut til at det er en trygg måte å investere i. At etterspurnaden etter gull er aukande, ser me ikkje minst på måten det no annonserast på etter gull. Både i fjernsyn og aviser er det daglege annonser. Eg bed folk om å vere på vakt overfor alle aktørane. Det er nok ikkje alle som er like seriøse, og det er fullt mogleg å oppsøke ein lokal gullsmed for å levere inn gull ein ikkje vil ta vare på lengre. Per i dag er prisen 323 kroner for eitt gram 24 karat gull. For meg er det viktig at folk får den betalinga dei skal ha for det dei leverer inn, seier Vinjerui.
Mange variantar
– Kan alle typar gull leverast inn?
– I motsetning til gamle klede, kan du byte inn gamalt gull. Det hender faktisk at eg får inn gulltenner og då må eg må fjerne tannrestane, smiler Vinjerui.
Gullet ho får inn blir sendt til smelting, og ofte får ho tilbake andre smykke som ho har i utsalet.
– Kor mykje gull trur du det ligg slengt rundt omkring?
– Det er vanskeleg å seie, men eg er sikker på at folk vil bli overraska om dei ser etter i skuffar og skåp. Eg trur det er svært mykje gull ute i samfunnet, seier Vinjerui.
24 karat vil seie at det er 100 prosent reint gull. 18 karat vil seie 75 prosent reint gull. Det er mykje forskjellig gull på marknaden, og det har også mykje å seie med tanke på verdien.
– Eit trena auge kan stort sett avgjere kva karat det er snakk om, meiner ho.
– Er det mykje arvegods som blir levert inn?
– Det kan som sagt vere alle typar gull. Både arvegods og smykke som ikkje lenger er i bruk blir levert inn. Det er snakk om ein del pengar som ein vel ikkje veit at ein har liggjande i form av smykke som ligg bortgøymt. Innlevering av gull handlar om tillit slik at kunden får det han har krav på, slår Vinjerui fast.
Artikkelen er publisert 11/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|