|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Lovar god beredskap
 Nøgd: Ordførar Halvor Homme var nøgd med at politimeister Anne Rygh Pedersen lovar god beredskap i ein kommune som Nissedal i framtida.
|
Ein framleis samanslåingsyr politimeister i Telemark har vore i Nissedal og lova god politiberedskap også i framtida i bygda.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Politimeister Anne Rygh Pedersen vitja for litt sidan Nissedal kommunestyre. Sjefen for 400 tilsette i politi-Telemark innleia med å seie at fylket framleis har nedgang i registrert kriminalitet, i fylgje tal frå i fjor.
– Internt i Telemark kjem Nissedal godt ut, slo ho fast.
– Nissedal er den nest tryggaste kommunen i fylket å bu i. Det skal eg ikkje bruke mot dykk …, sa politimeisteren med eit smil då ho skulle servere lokalpolitikarane fjorsårstal for kommunen.
God på førebygging
– Det er veldig mykje godt førebyggjande arbeid i Nissedal, og eg trur me saman kan gjere endå meir, heldt ho fram.
I 2011 var det 56 brotsverk i Nissedal, og mange av dei blei ikkje utført av innbyggjarane. Tek ein også med regelbrota, kom talet opp i 85. Åtte år tidlegare var talet 143.
Ungdomen i Nissedal er svært lovlydige, noko som eitt trafikkforhold og to vinningsforhold i fjor vitnar om. I tri tilfelle blei personar eldre enn 66 år utsette for vinningsforhold i kommunen.
Grove tjuveri frå hytter auka med seks saker og 50 prosent i 2011. Det blei også ved eitt høve stole ein bil, fortalde politimeisteren, og då blei det latter i kommunestyresalen. Vedkomande som mista bilen er lokalpolitikar og sat og høyrde på.
– Det var ikkje eg som stal bilen, altså, smilte personen til politimeisteren.
Oppklaringsprosenten i Nissedal var i fjor på 44, litt over snittet i politidistriktet.
Felles lensmann i framtida?
Då Rygh Pedersen skulle orientere om kva som føregår i Telemark politidistrikt for tida, kom fyrst desse orda:
– Eg har framleis lyst til å samlokalisere lensmannskontor, men det er ikkje tema no.
Politimeisteren påpeika at å ha politiberedskap og tryggleik i alle delar av Telemark er hennar ansvar. Ei omorganisering er på gang slik at i mars/april skal fleire politifolk gå på turnus, og dei må oftare jobbe helger og nettar.
– Det vil bli ei god styrking av beredskapen, lova Rygh Pedersen.
Elles presiserte ho at ved uhell og anna vil ein alltid bruke næraste politipatruljen.
– Og du skal ikkje sjå bort frå at ei Grenlands-patrulje køyrer gjennom Nissedal ein dag, sa politimeistaren.
Fram til 1. mai har Nissedal og Drangedal felles lensmann, og kontora samarbeider også på andre område etaten tek seg av.
– Når de har prøvd denne løysinga litt ynskjer me tilbakemeldingar. Er dette noko me kan gjere vidare også, såg politimeistaren på lokalpolitikarane.
Ho fekk spørsmål frå ein folkevald om responstida.
– Det er og vil vere tid før politiet kjem til staden. Med fleire folk på jobb får me kortare responstid. Elles vil eg rose dykk i Vest-Telemark som er tolmodige på ein heilt annan måte enn folk i Grenland. Og folk i Vest-Telemark er meir selektive før dei ringjer politiet, sa Rygh Pedersen.
Snakke med folk
Ikkje uventa var lokalpolitikarane opptekne av å tale varmt for lensmannskontoret i Treungen.
– Det blir ikkje nokon nedlegging av lensmannskontor. Det blir ikkje gjort noko med kontorstrukturen før det eventuelt kjem signal frå politisk hald sentralt, roa politimeisteren.
Rygh Pedersen var klar på at noko av det viktigaste politiet gjer er å vere ute og snakke med folk, slik som dette møtet med kommunestyret.
– Me skal fortsette med diskusjonar og god dialog, sa Rygh Pedersen.
– Etter orienteringa til politimeistaren føler eg meg trygg på at det blir god politiberedskap også framover i Nissedal, seier ordførar Halvor Homme til VTB.
Artikkelen er publisert 07/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|