|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Kan tape på biobrenselanlegg
 Nyanlegg: Skulen, symjebassenget, barnehagen, kommunehuset, samfunnshuset og biblioteket ligg i same området. Bygga kan i framtida få varme frå biogassanlegg, om det ikkje går ut over konsesjonskraftinntektene.
|
Fyresdal kommune kjem ikkje til å satse på å byggje biobrenselanlegg om det vil føre til tap av konsesjonskraftinntekter.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Fyresdal kommune vurderer å etablere eit småskala biobrenselanlegg for oppvarming av skulen, symjebassenget, barnehagen, kommunehuset, samfunnshuset og biblioteket. Eit flisfyringsanlegg blir eit viktig bidrag til kommunens klima- og energiplan som Regjeringa har pålagt kommunane å utarbeide.
Biobrenselanlegget som kommunen tenkjer seg vil gje om lag to GWh, og etableringa fører til to nye årsverk. Kommunar som mottek konsesjonskraft til sjølvkostpris, vil få mindre konsesjonskraft ved investering i biogassanlegg. For Fyresdal sin del er det snakk om eit tap på 300.000 kroner i konsesjonskraftinntekter. Pengane går i staden til fylkeskommunen, som har rett på konsesjonskrafta kommunen ikkje brukar.
Bed LVK sjå på saka
– Når Regjeringa ynskjer alternativ energi er det merkeleg at me blir straffa om me byggjer bioenergianlegg. Det er sterkt å beklage om eit økonomisk hinder som reduksjon i årlege konsesjonskraftinntekter kan føre til at kommunar ikkje vil vere med og leggje til rette for miljøeffektive arbeidsplassar, seier Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland.
Han har bede Landssamansluttinga for vasskraftkommunar (LVK) fylgje opp saka. Det for at uvissa rundt kommunane sin tilgang til konsesjonskraft ved utbygging av fjernvarme blir rydda av vegen, og at det ikkje lenger er ei økonomisk hindring for å sette i gang gode miljøtiltak.
– Det blir ikkje ei konkret satsing på biobrenselanlegg i kommunen så lenge spørsmålet er uavklart. Eg håper stortingspolitikarane grip fatt i saka, og at det kjem ei endeleg avklaring. Elles er det mange som ikkje ynskjer å ha biobrenselanlegg, seier Kiland til VTB.
Stort tømmerbehov
Eit biobrenselanlegg for kommunale bygg i Fyresdal sentrum vil koste mellom fem og sju millionar kroner. I biblioteket og den nybygde delen på Gimle skule er det lagt til rette for vassboren varme. I dei andre kommunale bygga må ein investere i varmevekslarar og radiatorar på veggane for å nytte biobrensel som energikjelde.
For å produsere to GWh er det behov for 1200–1500 kubikkmeter tømmer årleg. Både energi- og tømmermengda og talet på arbeidsplassar kan bli dobla om også andre bygningar i sentrum vel å nytte seg av den planlagde nye løysinga.
– Å bruke lokalt tømmervirke er eit kjærkome innslag, og blir eit godt supplement til dei som driv med tømmeromsetning, seier Kiland.
Bekymringa er reell
For snart eitt år sidan sende stortingsrepresentant Siri A. Meling (H) eit skriftleg spørsmål til dåverande Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen, Sp-politikaren som i dag er fylkesordførar i Telemark. Meling tok føre seg ein kommune som planlegg biobrenselanlegg som skal levere varme til kommunale bygg.
– Innafor eksisterande regelverk vil ny produksjon av varme gjere at kommunen tapar konsesjonskraft til fordel for fylket. Vil statsråden ta initiativ til å sjå på regelverk og leggje til rette for at også kraftkommunar vil tene på energiomlegging, spurde Meling.
Statsråden svara at departementet legg til grunn at utbygging av fjernvarme ikkje skal redusere tilgangen som kommunane har på konsesjonskraft.
I ein epost for snart to månader sidan skriv Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland til Riis-Johansen at LVK meiner det er uklart kva som eigentleg gjeld i saka. Vil kommunane miste konsesjonskraft om dei byggjer biobrenselanlegg?
– Eg sjekka nettopp opp saka no, og bekymringa di er reell. Saka er ikkje blitt fylgd opp etter at eg drog frå Olje- og energidepartementet, så her er det tilbake til start, svara Riis-Johansen 14. desember 2011.
Konsesjonskraft til kommunane
Kraftkommunar har rett til konsesjonskraft frå kraftutbyggingar i eigen kommune. Prisen er låg (sjølvkost) i forhold til dagens marknadspris, og ordninga er meint å vere ein økonomisk fordel for kraftkommunane. Kraftutbyggjarar må avstå inntil ti prosent konsesjonskraft, og utbyggingskommunens konsesjonskraftmengde er avgrensa opp til kommunens vanlege forbruk av elektrisitet.
Fylkeskommunen kan ta ut det eventuelle resterande konsesjonskraftkvantumet.
Artikkelen er publisert 07/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|