Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

1300 skiglade i kulda


Smilte: Rennleiar Aud Irene Kittelsen frykta ei tid at kulda skulle stoppe Helterennet, men var eit einaste stort smil i det starten på turrennet gjekk.

Arrangørane av Helterennet i Rauland var godt nøgde med at totalt 1300 små og store telemarksheltar deltok i dei ulike renna på ein bikkjekald laurdag.




Langtidsvarselet i starten av førre veke gav signal om at det kunne bli svært kaldt mot helga. Dermed kunne ein ikkje garantere for at Helterennet i Rauland kunne avviklast.
– Med tanke på kulda har eg vore nervøs dei siste dagane, seier rennleiar Aud Irene Kittelsen, når VTB slår av ein prat sist laurdag i Rauland sentrum, der gradestokken viser 19 minus.
Det skulle vise seg at det ikkje blei like kaldt som frykta, og dermed kunne ein avvikle dei fleste renna som var sett opp. Det var bare Ungdomshelten for 13 til 15-åringar som måtte avlysast, då grensa for skirenn med tidtaking for denne aldersgruppa er 15 minusgrader.
Arrangøren fekk ei anna utfordring fredag, då det viste seg at ei av dei fem pakkene med tidtakarbrikker til turrennet på 42 kilometer mangla.
– Posten hadde surra vekk ei pakke med 100 brikker, fortel Kittelsen.
Ein klarte til slutt å ordne utfordringa lokalt ved å kode om mange brikker.

3. og 7. plass
Rundt 800 deltok på turrennet der starten blei fordelt på tri puljer. Løpet var seedingsrenn for Birkebeinerrennet som skal gå seinare denne sesongen. Vidare var Helterennet det fyrste internasjonale turrennet i Noreg i år.
Best av alle i herreklassa laurdag blei Erling Christiansen frå Koll med tida 2.14.48, over seks minuttar før nestemann.
– Eg gjekk aleine heile vegen. Det var kaldt, men gjekk greitt. Løypa var kjempefin, og det var mange som heia, seier vinnaren like etter målgangen. I Birkebeinerrennet stiller han i eliteklassa.
På ein sjuandeplass kom beste vesttele, Aslak Fisketjønn frå Morgedal. Tida blei 2.28.26.
– Det var tungt, men eg kom meg i mål, seier den smilande morgedølen, som ikkje lenger har slike treningsmengder som då han var på sitt beste.
Kolbjørn Birkrem frå Flatdal kom på 15. plass med tida 2.31.44.
Dameklassa blei vunne av Inger Synnøve Liset frå IL Ivrig, og klokka stoppa på 2.48.00. Litt over to minuttar bak sikra Ingjerd Utistog Kleiv frå Vinje IL seg tredjeplassen.
– Det var for kaldt i dag, og eg måtte forte meg i mål. Eg leda rennet halvvegs, og er fornøgd sjølv om det blei fem minuttar dårlegare tid enn i fjor, seier ho like etter å ha sklidd over målstreken temmeleg stiv i ansiktet.
Nest beste vesttele blei Anja Elise Lid frå Høydalsmo. Tida 2.58.21 heldt til ein sjuandeplass.

Unge telemarksheltar
Skiglade folk i alle aldrar hadde fleire tilbod å velje i laurdagen. 90 barn frå 2 til 12 år deltok på ulike øvingar i Barnehelten på skistadion ved Raulandshallen.
Trimmarane kunne velje mellom å gå 26 eller 42 kilometer. Ein del av dei som hadde tenkt å gå Ungdomshelten, blei i staden med på Familiehelten, ei 14 kilometer lang løype med start aust for Rauland høgfjellshotell. All målgang i dei ulike renna skjedde ved skistadion.
Det er IL Dyre Vaa som er hovudarrangør for Helterennet, og friviljuge frå Tinn er medhjelparar. Totalt var det 190 friviljuge som hjelpte med arrangementet.
Helterennet blei arrangert for fyrste gong i fjor, og då var det 1.150 deltakarar fordelt på fleire renn. Laurdag kom talet opp i 1.300 deltakarar.
– Deltakartalet er veldig bra når ein tenkjer på kor kaldt det var. Smilet låg ikkje langt unna då det blei klart at turrennet kunne gå. Utan all friviljug innsats og samarbeidspartnarane hadde me ikkje klart å gjennomføre Helterennet. Det blei ein komplett fin dag med bare blide ansikt og smil, oppsummerer rennleiar Kittelsen.

Mat til 100 friviljuge
I starten av januar laga dugnadsdamene Eilaug Torvetjønn (79), Ågot Storlid (79) og Hæge Gardsteig (74) gryterett til 100 personar som var på pensjonistfest. Innslaget var så vellykka at trioen blei spurd om å ordne gryteretten som 100 friviljuge hjelparar på Helterennet skulle ha laurdagskvelden. I seks timar stod damene på for å lage middagsretten der det også var med ris og salat.
– Me gjer dette for å hjelpe idrettslaget, og det har me gjort i alle år. Det er moro, og mat har me bala med heile livet, seier trioen.
– Me har prøva å halde liv i folk, legg Storlid humrande til.


Artikkelen er publisert 07/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president