|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
 Slutt på tålmodet: Prøveprosjektet med snøskutertrasear som skulle vare i fem år, er no inne i sitt tolvte år. – Forskjellsbehandlinga er svært kritikkverdig, seier kommunestyrerepresentant Olav Urbø (Sp).
|
Olav Urbø (Sp) er lei av å vente på at regjeringa skal konkludere i snøskutersaka. – Prinsippet om likebehandling har fått ein alvorleg knekk, seier Urbø.
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
– No ser me at fleire av kommunane i Vest-Telemark lagar motorferdselsplanar som omfattar skutertrasear. Det har eg stor forståing for, ettersom det som i utgangspunktet skulle vere eit femårig prøveprosjekt med skutertrasear, framleis ikkje har fått nokon konklusjon. Ut frå eit forvaltingssynspunkt er ikkje dette godt nok, meiner Tokkepolitikar Urbø.
Han meiner ei forsøksordning skal innehalde eit forsøk, ei evaluering og så ein konklusjon. At ordninga blir forlenga år for år, har han ikkje sansen for.
Juridisk gråsone
– Eg stiller meg sterkt tvilande til om ein slik forvaltingsprosess tåler å bli belyst av ESA, som er EFTAs overvakingsorgan for å sjå til at reglar og plikter som fylgje av EØS-avtala blir gjennomført og fylgd. Det er eit stort fleirtal på Stortinget for å gje klarsignal til dei kommunane som ynskjer å ha slike skutertrasear, men SV strittar i mot. Eg veit at Ap for å opne for rekreasjonsløyper i tråd med plan- og bygningslova, men dei ser tydelegvis ikkje saka viktig nok til å at ho kjem øvst på agendaen, sukkar Urbø.
Han er også oppteken av at forvaltingspraksisen skal vere lik i alle kommunar.
– Slik er det ikkje når det gjeld denne prøveordninga, meiner han.
Vinje kommune er einaste deltakar frå Vest-Telemark i prosjektet.
– Like saker blir i dette tilfellet behandla ulikt. Politikarane i Vest-Telemark ynskjer å starte med snøskutertrasear, men me får ikkje sjansen. Eg ynskjer gjerne å vite korleis denne saka står juridisk sett, seier Urbø.
– Svært kritikkverdig
Stein Erik Stinessen er, forutan å vere partner i Advokatfirmaet Lund & Co DA, mellom anna også juridisk sekretær i Utmarkskommunanes samanslutning. Han meiner at prøveordninga nå har vart lenge nok.
– Politisk sett er det svært kritikkverdig at saka har drege ut så lenge som ho har gjort. Regjeringa har sett i verk prøveprosjektet og det er dermed regjeringa, miljøverndepartementet og til slutt miljøvernministeren som er ansvarleg for at dette har tatt så lang tid. For alle partar som har interesser i denne saka, er det uhaldbart at det ikkje blir konkludert, slår Stinessen fast.
Tida snart ute
Når det gjeld den juridiske sida av saka, meiner han tida snart er mogen for å gjere ei nøye vurdering.
– Det som skjer er at det blir praktisert ulike reglar for kommunar i same situasjon. Tek ein Vinje og Tokke kommunar som døme, så må altså desse kommunane halde seg til ulike regelverk og dermed blir det ei forskjellsbehandling frå statens side. Mi klare meining er at saka no har gått så lenge at staten bør vere klar over at det kan bli ein rettsleg tvist i denne saka. For å unngå det bør staten konkludere snarast råd. Eg er rimeleg sikker på at ESA, ville forfylgje denne saka om ho kom på bordet deira, seier Stinessen.
Artikkelen er publisert 04/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|