|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
 Samansveisa: Kvitsundelevane serverte vaflar på yrkesmessa, og håpa nok at hjarta, lysta og engasjementet til ungdomane på messa ville føre mange av dei til Kvitsund. F.v. Martha Oline Birkeland, Halvor Dahle, Markus Nore Kveim, Jonas Holskar og May Iren Sundsli. (Foto: Tone Tveit)
|
Ungdomane på yrkesmessa på Dalen torsdag fekk gode råd av John G. Bernander, som understreka kor viktig det er at dei lyttar til hjarta når dei skal velje retning for framtida.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
NHO-sjefen fekk æra av å opne den etter kvart så tradisjonsrike messa, som samlar ungdom og næringsliv frå store delar av Vest-Telemark. Å ikkje velje minste motstands veg var eit av hovudpoenga i opningstala hans.
– Ingenting ein ynskjer her i livet er lett. Ein må velje motbakkane for å kome dit ein vil, sa Bernander.
Han trekte fram det gode og omfattande samarbeidet mellom Haugerud og Nilsen og Vest-Telemark vidaregåande som døme på kor viktig det er for å sikre kvalifisert arbeidskraft for framtida.
– Dette bør eg kanskje ikkje seie, men de unge er mykje viktigare for oss, enn me er for dykk, sa han til skuleungdomane på vegne av heile næringslivet.
Ei framtid i forsvaret
Men det viktigaste på yrkesmessa er ikkje kva vaksne menn står på scenen og seier. Det viktigaste er møtet mellom ungdomane og valmoglegheitene deira for framtida. Alt frå vidaregaånde skular og Haukeli ysteri, til politiet og førskulelærarar i Tokke var som vanleg møtt opp for å informere og rekruttere dei unge lovande.
Santiago Gutierrez i 10. klasse på Åmot skule fekk testa om han var soldatmateriale då Selini Henseth i forsvaret lærte han korleis han skal ta ekte armhevingar.
– Klarar du 25 av desse? Du skal heilt ned til armen min, kommanderte Henseth.
Santiago var noko raud i toppen då han reiste seg opp etter mange av dei ekstra tøffe styrkeøvingane, men meinte framleis at ei karriere i forsvaret kunne vera interessant. Henseth ynskte han velkomen, og understreka samstundes at ho ville ha fleire jenter inn i forsvaret.
– Me har hatt veldig mange innom standen vår i dag, og det er moro. Det er spesielt guteflokkar som er nysgjerrige på kva me driv med, men også mange jenter. For jenter født etter 1992 er det obligatorisk å møte på sesjon, og det gjer nok at mange ynskjer å undersøke kva moglegheiter forsvaret har å by på, sa Henseth.
Artikkelen er publisert 04/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|