Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Einaste aktøren med helgekurs


Opplæring: Så langt i vinter har Vest-Telemark vidaregåande skule arrangert førarkortkurs for snøskuterførarar to helger.

Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen gjennomfører opplæring i snøskuterkøyring. I dag er det nemleg krav om førarkort for å køyre snøskuter.




To helger i vinter har instruktørar frå den vidaregåande skulen på Dalen hatt opplæring av folk som ynskjer å ta førarkort for snøskuter. Kandidatar frå Telemark, Vestfold, Buskerud, Hordaland og båe Agderfylka kjem til Tokke og motorcrossbanen i Skafså for førarkortkurset.

Store investeringar
– Me har investert om lag ein halv million kroner i utstyr, materiell og opplæring av instruktørar. Det heile starta for ti år sidan då me hadde snøskuter som valfag i skulen. Neste fase blei at me søkte om godkjenning til å bli ein opplæringsinstans i området vårt. Det fekk me, og etter kvart kom også kommunen på banen og bad oss om å stå som arrangør av opplæringa, seier Lars Torstein Momrak, avdelingsleiar ved den vidaregåande skulen.
Kursa er opne for alle som ynskjer å ta førarkort for køyretygruppa, og ei kurshelg kostar 6.500 kroner. Har ein ikkje eigen skuter, kan ein leige for eit tillegg på 1.500 kroner.

Einaste med helgekurs
– Me hadde 24 deltakarar fyrste helga, og 22 den andre. Slik det ser ut no blir det eitt kurs til i vinter. Så langt eg kjenner til er me dei einaste som tilbyr kurs i helgene. Andre opplæringsstader held kursa midt i vekene. Det er ikkje like enkelt for folk å ta seg fri frå arbeid eller skule, så derfor tilbyr me kurs i helgene, forklarer Momrak.
– Kva med prisen, kan det vere så dyrt at nokon bles i å ta førarkort og heller vel å køyre ulovleg?
– Me har sjekka med andre opplæringsstader, og prisane for eit kurs ligg frå 5.500 til 9.000 kroner. Då snakkar me kurs midt i vekene, og ikkje i helgene slik me tilbyr. For å vere meir konkret så opplevde me nok tidlegare at enkelte kutta ut opplæringa, men i dag er det heller status å ha papira i orden. I tillegg er det mange som tenkjer på konsekvensar dersom noko skulle skje, og ein ikkje har det som skal til av førarkort, svarar Momrak.
Kurset skal innehalde 13 obligatoriske skuletimar med både teori og praksis. Ofte får elevane eit par timar ekstra på kjøpet.
– Inntil vidare er me prisgjevne at instruktørane stiller opp i helgene. Me prøva å tilby kurset midt i veka, men det var liten respons på det forslaget, seier Karl Torstein Hetland i Vest-Telemark ressurssenter, som også er ein viktig aktør i opplæringsprosessen.

– Imponert
– Eg vil berre seie at eg er veldig imponert over dei unge som vil innordne seg reglane for å køyre skuter. Kurset går i stor grad ut på å sjekke ferdigheitene på alle nivå. Den raude tråden i opplæringa er tryggleik og omsynet til natur, miljø og andre brukarar. Med tanke på investeringane som er gjort, og som blir gjort kontinuerleg, er det ikkje noko gullgruve. Løn med overtidsbetaling til instruktørane og leige for crossbanen tek også sitt, avsluttar Momrak.


Artikkelen er publisert 02/02-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president