|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Eit enklare liv for sauebonden
 Slepp måking: Svein Gloppe og dei 160 sauene på Nord-Lognvik er nok like nøgde med nytt golv. Sauene har fått eit betre underlag, og Svein slepp å bruke ein time om dagen på å måke golvet.
|
Ofte startar revolusjonar på golvet. På ein gard i Rauland håpar dei no å ha starta ein liten revolusjon med Lognvikgolvet. – Utviklinga av dette golvet kan spare sauebønder for fleire hundre timar med skraping og reinsing av fjøsgolv kvart år, meiner bonde Svein Gloppe på Nord-Lognvik, som har vore med og utvikla golvet.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
I dag er det mest vanleg å ha golv av strekkmetall i sauefjøset. Dette golvet er utforma med små ruter i metall. Då seier det seg sjølv at ikkje alt forsvinn gjennom golvet, og bonden må bruke mykje tid på å måke og reinske golvet.
– Høy legg seg sjølvsagt på golvet, og då gjeng ikkje sauelorten gjennom rutene, men legg seg oppå høyet att. Dermed må ein måke kvar dag, og ofte reinske golvet for ting som sit fast, forklarar bonde Svein Gloppe.
Men no er det nye tider i sauefjøset på Nord-Lognvik i Rauland. Svein og kona Margit Lognvik har vore med på å utvikle ei ny type golv som sparar dei for mange arbeidstimar i veka – fleire hundre i løpet av ein lang innesesong for sauene.
– Golvet er så og seie sjølvreinsande. Ein kan faktisk seie at det er ein revolusjon, meiner Gloppe.
Maritim inspirasjon
Den tekniske utviklinga har Åge Wee i Wee Marine AS stått for. Firmaet arbeider til dagleg med flytebrygger og maritime komposittdekk, men denne teknologien er brukeleg på fleire område.
Det er ikkje noko nytt å bruke komposittgolv i fjøset. Midt på 2000-talet satsa nokre bønder her til lands på slikt golv i fjøsa sine. Lognvik og Gloppe ynskte å teste det ut, og kjøpte fyrst eit golv frå Wee Marine dei ikkje var nøgde med. Det hadde ikkje den sjølvreinsande effekten dei ville ha. Dermed starta samarbeidet om å utvikle noko som fungerte slik dei ynskte. For eit halvt år sidan var golvet ferdig utvikla, og no er Lognvikgolvet snart klart for den opne marknaden.
– Eg trur absolutt dette vil bli ein stor suksess, som vil lette kvardagen for svært mange sauebønder, seier Gloppe, som i dag har 160 sau på nytt komposittgolv i fjøset.
Slik er golvet bygd opp
For dei med interesse for detaljar, forklarar Gloppe og samarbeidspartnar Åge Wee i Wee Marine teknologien slik: Golvet er bygd i kompositt, altså eit plastmateriale. Det er sett saman av stenger, forma i t-profil, slik at dei er breiast øvst. Opninga mellom stengene er store nok til at lort, høy og anna fôr sklir gjennom, men ikkje så store at sau eller lam set seg fast. Alle stengene ligg også på same nivå, både stenger og tverrpinnar, slik golvet blir jamt og det ikkje finst sprekkar avfallet kan gøyme seg i.
– Løyndomen ligg i avstanden mellom tverrpinnane og at alt ligg på same nivå, meiner Gloppe.
Golvet er dekt med eit anti-sklibelegg, som slit ned klovane og skal førebyggje skadar.
Artikkelen er publisert 02/02-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|