Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet


Siste dagen: I dag avsluttar Lars Bjaadal den sju år lange oppgåva som leiar i rovviltnemnda. Bjaadal meiner det store sauetapet ein opplever i Telemark er ein dyrevernstragedie.

Avtroppande rovviltnemndleiar Lars Bjaadal meiner Landbruksdepartementet må overta rovviltforvaltinga frå Miljøverndepartementet. Fleire avgjerder må skje i rovviltnemnda.




I dag avsluttar Lars Bjaadal (Sp) i Seljord den sju år lange oppgåva som leiar i den politiske rovviltnemnda for region 2; Telemark, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder. Bjaadal sa nei til å stå på lista til sist fylkestingval. Utan politikarrolle er det ikkje lenger høve for han å vere med i rovviltnemnda.
– Skulle det vere noko eg kunne tenkt meg å fortsette med, var det rovviltnemnda. Eg har hatt eit godt og tillitsfullt samarbeid med næringsorganisasjonane, og det har eg sett stor pris på, seier Bjaadal.
Noko av det siste nemnda vedtok var vinterens fellingskvote på gaupe. Med tri mot to røyster sa det politiske utvalet ja til ein kvote på totalt 32 gauper. Maksimalt ti av desse kan vere hodyr eldre enn eitt år. Ved jaktstart blir det tildelt 28 fellingsløyve, medan resten er reservekvote.

Trugsmål
– Gaupa er ikkje ein truga art. Mengda av gauper er eit alvorleg hinder mellom anna for auke i sauehaldet, og er eit trugsmål mot heile næringa. Mange bønder sluttar på grunn av rovdyr og sauetalet går nedover, seier Bjaadal om grunnlaget for ein så stor fellingskvote som i år.
Han håper ein no kan kome ned på bestandsmålet for regionen; 12 ynglande gauper årleg. Dei tri siste åra har snittet vore nærmare 17.
– Me har ikkje klart å redusere skadane nok. Det har vore for stor gaupebestand. Dei siste fem åra har nemnda auka med 25 fellingsløyve i forhold til innstillinga frå Fylkesmannen, seier Bjaadal.
– Du visste gaupestamma var for stor. Kvifor auka nemnda ikkje fellingskvoten endå meir?
– Dei fleste av dei 25 fellingsløyva me ville ha utover forslaget til Fylkesmannen kom med tri-to fleirtal, svarar han om kampen i nemnda der eit mindretal vil ha lågare kvote.
– Gaupa daudar ikkje av ein fellingskvote, men ho må jaktast på. Eg håper at når mars er ute, er det skote ti kjetter og 22 andre gauper. Jakta må rette seg slik at ein får tatt ut makskvoten, og ta ut mest mogleg gauper i Midtre og Øvre Telemark, held han fram.

Dyreverntragedie
Bjaadal meiner det rette bestandsmålet for region 2 ikkje er 12 ynglingar årleg, men åtte.
– Med åtte vil bestanden framleis vere intakt.
Med bønder som sluttar og store sauetap på grunn av gaupa er han klar på at rovdyrpolitikk er noko meir enn å bevare artar.
– Rovviltforvaltinga bør bli overtatt av Landbruksdepartementet, seier Bjaadal.
I 2010 utbetala Fylkesmannen 2,27 millionar kroner i erstatning for tap av sauer til rovvilt i Telemark. Summen i fjor auka til nesten 3,1 millionar kroner. Mykje av utbetalingane skjedde til Vest-Telemark, fordelt på 60 søknader.
– I mange samanhengar prøvar staten å kjøpe seg fri ved å gje erstatningar. Og dei millionar av kroner årleg til førebygging og konfliktdempande tiltak ser me nesten ikkje resultat av. Det som hjelper er å få ned bestanden av rovdyr, seier Bjaadal.
– Med alle dei store sauetapa er det i høgste grad ein dyreverntragdie, legg han til.
Bjaadal meiner dagens rovviltforvalting er «mange kokkar og mykje søl».
– Ansvaret er så oppstykka. Rovviltnemnda ligg mellom barken og veden, og me har så smalt mandat. Me kan tilrå bjørnekvote, men det er Fylkesmannen som avgjer løyve. Dette er tull. Alt som har med skadeuttak å gjere bør rovviltnemnda ha ansvaret for. Og det blei bestemt at det skulle vere raskare uttak av rovvilt som gjer skade, men det har me sett lite til, seier den avtroppande leiaren.

Nesten eksplodert
Bjaadal meiner ein har ansvar for å bruke alt beitearealet, men så konstaterer han at ein steller seg slik at det nesten bare kan beitast på snaufjellet.
– Det er eit nederlag og ei fallitterklæring om me må dele inn fjell og dalar slik at sauen bare kan beite i visse område. Men eg ser utviklinga blir slik. Elles bør det vere eit solidarisk ansvar i ei verd som svelt at verdas rikaste nasjon utnyttar beiteressursane.
Me skal ikkje nemne namn, men det er visse folk rovviltforsvarar Bjaadal har heilt opp i halsen, og endå lenger om det er mogleg.
– Eg blir så forbanna når eg høyrer rovdyrforkjemparar seier me ikkje treng sauer i Noreg, me kan heller kjøpe frå New Zealand. Og kvar er miljøtanken, undrar Bjaadal, og minner om det reine og flotte kjøtet som kjem frå norske beitesauer.
Bjaadal er rykande usamd med mange av rovviltorganisasjonane.
– Dei representerer eit syn på natur og næring som er heilt forferdeleg. Det er fjernt og urbanisme. Det har høvd eg har vore på grensa til å eksplodere. Mange gonger.

Ny nemnd
I dag skal Bjaadal vere med og konstituere den nye rovviltnemnda. Ap-politikaren Lene Vågslid er klar for nye år i nemnda, denne gongen saman med partifelle Jørund A. Ruud. Bjaadal har god tru på at desse to saman med representanten frå Aust-Agder kan sikre fleirtal for ein fellingskvote framover som gjer at ein er så nær som mogleg bestandsmålet for gauper.
– Skal du på gaupejakt denne vinteren?
– Nei. Eg var med ein gong og sat og fraus. Det var godt det ikkje kom dyr, svarar Bjaadal.
Han tenkjer seg litt om, så kjem det:
– Jau, kanskje. Om nokon vil at eg skal vere med og jakte på gaupe, har eg børse og ammunisjon.

Tilrår å halvere gaupekvoten
Foreningen Våre Rovdyr og Aksjonen Rovviltets Røst klaga på vedtaket i rovviltnemnda om ein fellingskvote på 32 gauper i region 2 denne jaktsesongen som startar i morgon. Rovviltnemnda avviste klaga, og dermed skal Miljøverndepartementet avgjere saka.
Laurdag fekk Lars Bjaadal ein kopi av innstillinga Direktoratet for naturforvaltning (DN) nyleg har gjeve departementet i saka. DN føreslår ein fellingskvote på bare 15 gauper. Maks fem av dei kan vere hodyr, og det blir ikkje tilrådd nokon reservekvote.
– Eg blei sinna, heit og lei meg. Med ein kvote på bare 15 gauper blir det krise. Blir denne kvoten vedteken ser eg ingen hensikt i å ha rovviltnemnder om me blir overkøyrde på denne måten, seier Bjaadal.
DN stør seg til Norsk institutt for naturforskning (Nina) sin nye rapport om «Prognosemodell for bestanden av gaupe i Noreg». Modellen seier noko om bestandstorleiken av gaupe i åra framover, og kan brukast for å seie kva effekt ulike jaktuttak vil ha på bestanden før jakt denne vinteren.
I landet er det venta ein nedgang i tal familiegrupper frå 74 før jakt i 2011 til 67 før årets jakt. Det er estimert 42 prosent sannsynleg at bestanden før jakta 2012 vil vere under nasjonalt mål på 65 familiegrupper. For region 2 viser prognosen nedgang i tal familiegrupper frå 14,5 før jakt i 2011 til 11,5 før jaktstart i morgon. Det er estimert 55 prosent sannsynleg at bestanden i region 2 før jakta 2012 vil vere under det fastsette målet på 12 familiegrupper totalt i dei fire fylka.
– Etter direktoratets vurdering er prognosemodellen den best tilgjengelege kunnskapen om gaupas bestandsituasjon før jakt i 2012. Region 2 ligg no mest sannsynleg rundt bestandsmålet. Ei effektuering av vedtatt kvote vil mest sannsynleg gje bestandsreduksjon i regionen, skriv DN til departementet.
I går ettermiddag sa departementet til VTB at dei enno ikkje har tatt endelege avgjerd om kva fellingskvoten blir i region 2. Avgjerda vil kome snart.



Artikkelen er publisert 31/01-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president