Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Med naturen som levebrød


Mangfald: – Me har djupe dalar, høge fjell og både naturen og dyrelivet er unikt her, seier Jostein Hellevik, som bur på Døli i Skafså.

Sambuarparet Maj Lena Knudsen og Jostein Hellevik kom til Skafså og Tokke i 2006. Dei blei bergtekne av den flotte naturen, og no satsar dei på å leve av han.




Etter å ha drive ganske stort innan oppdrett av hundar, fann sambuarparet i 2006 ut at dei hadde lyst på nye utfordringar. Dei pakka sakene sine og flytta frå Jæren til garden Døli i Skafså. Etter nokre år med uvisse i samband med odel på garden, kunne dei i 2009 slå seg til ro på den idylliske staden under fjellsida i Skafså.

– Fann draumestaden
– Me fann verkeleg draumestaden vår, og me verkte etter å kome i gang med planane våre. Men det var vanskeleg å gjere så alt for mykje ut av det før me visste at me blei verande her. Me driv framleis litt med hundar, men det var hestar som opptok oss mest i starten her på Døli, smiler Jostein.
Og framleis er det hestane ein møter fyrst når ein køyrer opp til garden. Hundane gjev også frå seg lyd når det kjem framandfolk til gards. Det er yrande liv i tunet på Døli, men også like under det kvite snøteppet er det små levande samfunn som skjuler seg.
– Me har både snømus og røyskatt i tunet vårt, så me møter dyreriket så fort me opnar døra, ler Jostein.
I byrjinga satsa sambuarparet på å tilby skyss med hest og vogn. Dei hadde tilbod om ei opplevingspakke som gjekk ut på at folk kunne la seg skysse med hest utover frå Dalen langs Bandak for så å ta båten attende. Dei hadde ordna med både skjenkeløyve og servering.
– Me møtte stor velvilje i kommunen for planane våre, og tilbodet var moro å halde på med. Elles har me tilbod om rideturar frå Døli og innover Vistadheia. Dei som ynskjer å nytte det bestemmer sjølve kor mange timar dei vil vere ute. Det er eit kjempevellykka tiltak, og det passar for absolutt alle. Både nybyrjarar og vidarekomande kan prøve seg på hesteryggen, seier Jostein.

Synlege
Elles har dei brukt hestane til både gjeting og kløving, blåturar og bryllaup.
– Me har samarbeidd mykje med Vest-Telemark museum, og det kjem me til å gjere framover også. Det er veldig stemningsskapande med hest i det miljøet der oppe med gamle bygningar og masse kultur, meiner Jostein.
Elles har dei også teke på seg å setje saman pakker slik at større grupper, gjerne i regi av bedrifter, kan få seg ei opplevingspakke med svært variert innhald.
– Vidare har me prøva å vere synlege når kanalbåtane kjem til Dalen. Me har barneriding, og i det heileteke vore opptekne av å bidra til at både bygdefolk og tilreisande skal få gode opplevingar. Det er ikkje økonomisk forteneste i alt me føretek oss, for å seie det forsiktig, smiler han.

Mangfald
Jostein Hellevik har alltid vore glad i naturen, og ikkje minst har fotografering også vore ein av hobbyane hans.
– Dei fleste som bur i Skafså og Tokke veit nok ikkje kva indrefilet av eit naturmangfald dei omgjev seg med. Det er rart med det når ein går midt oppi det dagleg. Naturen rundt der me bur er overveldande med djupe dalar, høge fjell, mørke tjern og opne sletter. Det gjev også eit mangfald av dyreliv innafor eit nokså avgrensa område. Det er eigentleg heilt unikt, seier han entusiastisk.
Han fiskar litt i Bandak, og ein dag for tri år sidan hadde han med seg ein kompis som er fotograf. Jostein hadde fleire gonger sett fiskeørn då han fiska, og dette nemnde han for kameraten sin. Då blei det fart på tankane, og planane tok form om å lage eit lite fotoskjul slik at han kunne fange bilete av den majestetiske fiskefuglen.
– Det heile rulla i gang då. Fiskeørnen er ein flott fugl, som det er moro å fotografere. At du kan gjere det i fuglens eige element gjer det heile ekstra moro. Ein blir veldig audmjuk over at ein får høve til å vere med på desse opplevingane, smiler Jostein.

Ørneskjul
Etter kvart femna tankane hans vidare og etter å ha farta mykje i skogen rundt garden visste han at det var ørn på Vistadheia. Etterspurnaden etter å få lov til å kome og fotografere auka, og Jostein kontakta grunneigar på ein eigna stad der det kunne byggast ørneskjul på Vistadheia.
– I tillegg hadde eg med meg fleire anerkjente naturfotografar som gjorde viktige vurderingar ikkje minst med tanke korleis ljoset fall på staden me skulle nytte. Det er mange tekniske omsyn å ta i høve til å få best mogleg bilete, og då var det til stor hjelp å invitere profesjonelle folk, forklarer Jostein.
Staden blei funnen, og eit fotoskjul blei bygd. Gaupebu blei den vesle hytta døypt.
– Namnet blei som det blei fordi det er mykje gaupe i området, og så høyrest det nokså eksotisk ut, gjer det ikkje, spør Jostein smilande.

Åte
For å få ørnen til å kome til plassen som har blitt den naturlege scena for fotografering, må Jostein leggje ut åte. I tillegg til kongeørn, samlar det seg naturleg nok også enkelte andre rovfuglar på staden.
Han legg ut mat frå desember til mars, og reknar med at det går med om lag 1.000 kilo kjøt av ein eller annan slag. Resten av året finn ørnen seg mat på anna vis.
– Forskjellen frå at eg matar fuglane til at dei sjølve finn ein sjølvdauda elg eller liknande er liten og ikkje merkbar. Elles vil det nok alltid vere slik at andre åtselfuglar finn vegen til matrestane. Me er opptekne av å skaffe ørnen mat slik at me kan fotografere den flotte fuglen i sitt rette og heimlege element. No er Gaupebu fullbooka kvar einaste dag fram til mars, seier Jostein.

Unik arena
Det er meir eller mindre profesjonelle fotografar frå både inn- og utland som tek turen til Døli og vidare innover heia. Nokre er der ein dag, medan andre leiger seg tid i fleire dagar.
– For mange er også snøskuterturen inn på heia ei stor oppleving. Ikkje sjeldan opplever dei å sjå gaupespor og gjerne får dei oppleve eit møte med skogens konge også. Elgen er for mange meir eksotisk enn me trur. Men me er vel nærast vant med å ha han traskande rundt oss. Som eg sa tidlegare; det er ikkje lett å sjå på det me går i det daglege som noko unikt, slår Jostein fast.

– Ørnen er territorial
– Men når du legg ut åte til ørnen, betyr ikkje det at bestanden aukar og dermed kan bli eit problem for husdyrhaldarar med tanke på at ørnen tek lam?
– No er ikkje eg nokon ekspert på ørn, men fagfolk eg har vore i kontakt med påstår at ei slik fôring ikkje har noko å seie for bestanden av ørn. Ørnen er territorial, og det vil seie at ein ørnefamilie i snitt her i kommunen har eit område på om lag 11 kilometer i radius som dei rår over. I det området er ikkje andre ørner velkomne. At me opplever inntil fem ørnar på Gaupebu samstundes handlar om at det dukkar opp fugl frå andre stader også. Fôringa kan kanskje gjere til at dei svakaste ørnungane overlever, men det vil i så fall vere heilt marginalt og vil ikkje ha nokon ting å seie for bestanden totalt i kommunen, forklarer Jostein.
Ørnemor legg frå eitt til tri egg i mars kvart år. Til vanleg veks berre ein av kyllingane opp. Nokre gonger klarer to av dei tri seg. Kyllingen får lov til å vere med foreldra i to år, men då blir han forvist, og må klare seg sjølv. Det betyr at han må finne sitt eige territorium.
– Og så er det viktig å hugse på at fôringa me gjer kanskje fører til at ørnen sparer livet til den eine haren eller den eine rypa som dei elles ville teke denne dagen. Til vanleg treng ørnen 250–300 gram mat kvar dag. Reknar me det i ryper gjennom eit heilt år, kan fôringa vår bety nærare 300 sparte rypeliv i året, forklarer han.

Musefabrikk
I slutten av mars er det slutt på fôringa på Gaupebu. Då må ørnen klare seg sjølv.
– Det som også er viktig å vite om ørnene er at eit ørnepar gjerne har 7–8 reir rundt omkring i territoriet sitt. Dei byter bustad med jamne mellomrom, og det hender faktisk at dei kan hekke i same reiret. Til vanleg byter dei bustad ein gong i året, men dei hevdar framleis territoriet sitt med livet som innsats, smiler Jostein.
Han har også andre prosjekt på gang, og både småfugl og ugler står på ynskjelista med tanke på å få til fotoskjul.
– Eg har eitt fotoskjul der me fotograferar spettar i dag. Ovanfor garden har eg sett i gang ein liten musefabrikk, som eg på litt sikt håper kan hjelpe til med å trekke ugler til staden. Det er også fascinerande fuglar som eg gjerne vil fotografere. Og eg veit at det er noko andre naturfotografar også gjerne vil. Eg har mange jarn i elden, seier han.

– Fôring betyr ikkje auke av bestanden
Ole Martin Dahle held til i Flatanger. Han har drive med mykje av det same som Maj Lena og Jostein no er i gang med på Døli. Dei siste fem åra har han livnært seg på å leggje til rette for fotografering av ville dyr. Ørnen har han spesielt lang erfaring med, og han er tydeleg på at det ikkje spelar noko rolle om ein fôrar rovfuglane gjennom vinteren eller om dei finn maten på eiga hand.
– Poenget er at me kan styre dette slik at me får høve til å skape ein arena for fotografering. Tenk på alt som ligg att i norske skogar etter elgjakta om hausten. Innmat og restar etter elgslaktinga er viktig mat for mellom anna ørnen. Poenget er at ørnen får tak i mat uansett, og talet på egg aukar ikkje ved manuell fôring. Verken husdyr, anna rovvilt eller storfugl vil bli påverka av dette, slår Dahle fast.
Han konstaterer at næringslivet i Flatanger har nytt godt av næringa han driv med.
– Det florerar med bilete frå Flatanger over heile verda, og har gjeve kommunen veldig god marknadsføring. Hytteprisar har skote i vêret og handelen har auka monaleg. Det same kan skje i Tokke om dei utnyttar potensialet, avsluttar Dahle.

Positivt utfall
– Ved å fôre ørn på denne måten, i nokre vintermånader, er eg ganske sikker på at jegerar vil oppleve ein auka bestand av småvilt i området. Er det nokon som er flinke til å telje kaloriar og forbruk av desse i naturen, er det rovviltet. Ørnen brukar minst mogleg energi på å skaffe seg mat, og derfor vel han åte framfor rype, hare eller anna småvilt så lenge det er tilgjengeleg, seier Odd Frydenlund Steen, seniorrådgjevar i miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Telemark.
Det einaste negative han meiner ei slik fôring kan føre til, er at det kan trekke til seg fleire stadeigne kråkefuglar.
– Men det er berre snakk om nokre få månader i løpet av vinteren, så totalt sett meiner eg me får eit positivt utfall i høve til småviltet i området, oppsummerar Frydenlund Steen.

– Ingen fare
Også seniorforskar Torgeir Nygård ved NINA i Trondheim meiner at fôring av ørn ikkje har negative konsekvensar i høve til anna småvilt eller husdyr.
– Ørnen er ganske hissig til å forsvare sitt territorium, og derfor er det ingen fare med å drive med fôring. Det blir ikkje større bestand av kongeørn av den grunn. Eg vil også legge til at dette heller kan føre til auka bestand av til dømes hare og rype i området. Ørnen vel heller å skaffe seg mat som er lett tilgjengeleg. Det som er viktig å hugse på for dei som fôrar er at det berre bør leggjast ut passe porsjonar slik at det ikkje blir ein åtselhaug som trekker til seg alle slag fuglar og dyr i store mengder, seier Nygård.


Artikkelen er publisert 28/01-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president