|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Viktige gjennomslag for veg-Telemark
 Alt for Telemark: Johan Straand blir rosa for vegengasjementet sitt i hovudstyret til NHO. (Arkivfoto)
|
Folk i Vest-Telemark kan gle seg over at for fyrste gong har regionen fått utruleg god utteljing i eit forslag til transportplan som 21.000 næringsverksemder står bak.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Torsdag la Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) Noreg fram «Samferdselsløftet»; transportplanen for næringslivet i åra 2014–2023. Eit grundig og godt gjennomarbeidd dokument ber preg av strenge prioriteringar innan veg og jernbane.
– Dette er det viktigaste dokumentet som blir lagt fram frå eit samla næringsliv i Noreg, seier vrådølen Johan Straand, medlem i hovudstyret i NHO, der John G. Bernander er direktør.
Når ein ser nærare på vegprioriteringane til NHO, må ein lure på om det er sant. Organisasjonen har aldri tidlegare planta Vest-Telemark skikkeleg på eige vegkart, men denne gongen er det gjort så til dei grader. Rv 41 er sett opp med 300 millionar kroner til oppgradering og opprusting frå 2014.
Vidare har rv 36 Seljord–Skien kome gjennom nålauga til NHO. Og det stoppar ikkje der. Organisasjonen meiner ein må byggje to nye tunnelar på Haukelifjell, og vil at E 134 frå Vinje mot Haukeli blir oppgradert. Noko anna vesttelar og andre vil nyte godt av innafor veg er elleve milliardar kroner tenkt til E 134 over Meheia. Det er heile tida snakk om strekningsvise utbetringar, og ikkje noko klattarbeid.
Kjempejobb
– Telemark og Vest-Telemark har fått veldig god utteljing, og det er utruleg viktig. Rv 41 har kome skikkeleg med etter å ha vore ein veg ingen vil ha noko med å gjere, seier Straand.
Som medlem av hovudstyret til NHO har han hatt høve til å drive lobbyverksemd og påverknad. Skal ein tru andre har ikkje vrådølen legge på latsida.
– Straand har jobba beinhardt, veit Nissedal-ordførar Halvor Homme.
– Me har hatt god hjelp av Vest-Telemark Næringsforum, og Straand har gjort ein kjempejobb internt i NHO, seier Nikolai Boye, direktør i NHO Telemark.
– Torsdag var ein stor dag for heile Telemark og næringslivet. Dette skal me få til, og eg har veldig store forventingar til vidare arbeid med Nasjonal transportplan (NTP), held Boye fram.
– Me tek til orde for ein kraftig forsterka innsats dei neste ti åra, slik Stortinget opphavleg la til grunn då handlingsregelen blei vedteken i 2001. Dei neste åra vil me framleis ha eit statsfinansielt handlingsrom som gjer slik satsing mogleg, uttaler NHO sentralt om årleg å bruke 35,5 milliardar kroner i investeringar innan samferdsel.
Vil stå på
Straand er glad for dei gode innspela som mellom anna har kome frå Vest-Telemark i samband med transportplanen til NHO. Han var med i Oslo torsdag då planen blei presentert og gjeve vidare til samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
– Statsråden tok det som eit svært godt innspel til vidare arbeid med NTP. Transportkomitéleiar Knut Arild Hareide såg det på same måte. Kan Hareide velsigne det me har kome med, så … Næringslivets transportplan er veldig god å spele vidare på inn i det politiske miljø, er Straand sikker på.
– Sjølv om dette er næringslivets innspel og det framleis er viktig å kjempe for at vegen faktisk skal kome inn i NTP, er det svært viktig at NHO no har ført opp rv 41 som eit av dei prioriterte vegprosjekta. Dette viser at ein større del av næringslivet har anerkjent vegen som ein interregional veg med stor tyding for næringslivet i regionen, seier Olav A. Veum, dagleg leiar i Vest-Telemark næringsforum (VTNF).
Han fortel at VTNF er svært godt fornøgd med næringslivets transportplan, og meiner resultatet er eit uttrykk for den påverkingsjobben som er gjort. VTNF har mellom anna jobba med å syne fram vegens næringsmessige tydingar.
– No vil me stå på overfor politiske miljø for å sikre at dei gode prioriteringane som NHO har gjort blir vidareført i NTP. Føresetnadene for å få til dette er langt betre no enn før NHO gjorde prioriteringane sine, er Veum klinkande klar på.
Unikt arbeid
For nokre veker sidan var Tokke-ordførar Hilde A. Vågslid, Nissedal-ordførar Halvor Homme, Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen og VTNF i møte med NHO i Oslo.
– Eg sa at det er flaut å invitere oss til møte, og så er ikkje rv 41 med i transportplanen, seier Homme til VTB om noko av det som blei snakka om.
Men Homme blei på møtet gjort merksam på at det blei jobba for fullt med kva som skulle inn i planen.
– Rv 41 kom med, og det er veldig gledeleg. No har me kome eit viktig steg vidare, held Homme fram.
Same dagen det var møte med NHO møtte ordførartrioen også stortingsbenken frå Telemark. Sistnemnde oppmoda om at ein måtte få med båe Agder-fylka i kampen for å ruste opp rv 41, stamvegen frå Kristiansand til Brunkeberg.
– Eg tok med meg oppmodinga, og no blir det snart eit møte med ordføraren i Kristiansand. Der skal det møte delegasjonar både frå Vest-Telemark, Åmli og Birkeland. Vest-Telemarkrådet har gjort eit unikt arbeid for rv 41, og blir ein sentral nykel framover, seier Homme.
– Vil det å blande inn Agder-fylka forseinke prosessen med å få rv 41 i Vest-Telemark inn i NTP?
– Nei. Eg trur me er avhengig av Agder-fylka for å få rusta opp rv 41, også i Vest-Telemark, avsluttar ordføraren i Nissedal.
Artikkelen er publisert 28/01-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|