|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Semje om auka skuterpress
 I dialog: Vinje-ordførar Arne Vinje uttala at skuterkøyring i etablerte løyper har dempa konfliktnivået i kommunen.
|
Eit samla Vest-Telemarkråd gav i tysdagens møte klart uttrykk for at tida er inne for å auke presset mot Miljøverndepartementet for å få kommunal råderett over etablering av skuterløyper.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Krefter i regionen har i lang tid ivra for ei endring av motorferdselslova. Tysdag drøfta Vest-Telemarkrådet den vidare strategien. Regionordførar Torstein Tveito (Sp)
understreka at dette er ei sak det i lang tid har vore snakka om i politiske krinsar. Han har no vore i kontakt med partikollegaer på Stortinget for å få råd om kva ein bør gjere vidare.
Ordførarane i Tokke og Nissedal varsla at dei vil vere tidleg klare i denne saka. Hilde Alice Vågslid (Ap) sa det i Tokke alt hadde blitt arbeidd ei tid med å finne lagelege trasear. Partikollega Halvor Homme ville også vere klar når ei eventuell lovendring kjem.
– Dette er eit brennheitt tema også i Nissedal. Det er forkasteleg at ein ikkje kan bruke skuter når ein har milevis av heier. Eg trur nesten alle i kommunen frå 18 år til pensjonistalder er interesserte i dette, sa Homme.
Kjenner ansvaret
Vinje-ordførar Arne Vinje innrømte at det er det SV-leia Miljøverndepartementet det står på.
– Eg kjenner ansvaret, og er i dialog med Miljøverndepartementet, sa SV-ordføraren.
Ordføraren gjorde greie for stoda i kommunen som sidan 2000 har kunna lagt til rette for snøskuterkøyring i etablerte løyper. Før forsøksordninga var det eit høgt konfliktnivå i kommunen mellom dei med og dei utan motorinteresse.
– Det var ikkje berre av omsyn til skuterfolket, men også skiløparar, understreka Vinje om bakgrunnen for ordninga.
Han innrømte at det ikkje var slutt på ulovleg køyring med skuter i kommunen, men at omfanget i dag er mykje mindre enn før ordninga tok til.
– Det er mest slutt på skuterkøyring på høgfjellet, sa Vinje, og roste sjølvjustisen i dei lokale skuterklubbane.
– Medlemmene veit at ein risikerer å miste ordninga ved ulovleg køyring, sa ordføraren.
Skandale
Han veit at miljøverndepartementet er redd for ein stor auke i skuterbruken om ein i lovverket opnar for snøskuterkøyring i etablerte løyper. Vinje sa også at kommunen berre opnar for at medlemmer i skuterklubbar med bustadadresse Vinje har høve til å nytte seg av denne ordninga.
– Slik har me unngått at det kjem folk frå heile Sør-Noreg for å køyre skuter, sa Vinje.
Forsøksordninga blei avslutta for fem år sidan, men har halde fram sidan. Vinje meinte det var på høg tid å gjere ordninga generell, også frå eit forvaltningsmessig synspunkt.
Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen (H) uttala at det var tett på ein skandale at det endå ikkje har skjedd noko. Ho viste til dei gode erfaringane i nabokommunen, og meinte det no var på tide å opne for at fleire enn Vinje får praktisere kommunal råderett over etablering av skuterløyper.
– Eg har ikkje høyrt om ein kommune i regionen som ikkje har dette høgt på dagsorden, sa ho.
Rådsmedlemmene var samde om å ha ordlyden til eit brev til Miljøverndepartementet klart i neste møte i mars.
Artikkelen er publisert 26/01-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|