Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Tinn betalar skuleskyss for vesttelar


Ynskjer seg vesttelar: Politikarane i Tinn kommune ynskjer seg tettare band til Vest-Telemark, og håpar å rekruttere elevar frå Vinje for å auke elevtalet ved Rjukan vidaregåande. Gratis skuleskyss frå Rauland er eit verkemiddel dei håpar vil bidra til dette. (Foto: Rjukan vidaregåande)

For å gjera Rjukan vidaregåande meir attraktivt for Vest-Telemark-elevar, vil Tinn kommune setje opp og betale for skuleskyss mellom Rauland og Rjukan frå hausten av.




I dag gjeng om lag ti elevar frå Vinje på Rjukan vgs. Busstilbodet mellom Rjukan og Vest-Telemark er svært avgrensa, og desse elevane må dermed bu på hybel. For Rjukan vgs og Tinn kommune er det eit poeng å auke talet på elevar ved skulen gjennom rekruttering frå Vest-Telemark, og då særleg Vinje. Initiativet kom frå politikarane i Tinn, og under budsjetthandsaminga for 2012 vedtok dei å setje av pengar til prosjektet.
– Dei ynskjer å knytte Tinn og Vest-Telemark nærare saman, og ser på rekrutteringsprosjektet som ein måte å gjera dette på. Fleire elevar er også viktig for å skape ein god og levande skule, særleg med tanke på dei utfordringane ein har hatt der i det siste, seier kommunalsjef Gjertrud N. Lien, og siktar til bråket rundt leiinga og to av lærarane no i vinter.
Ho understrekar at det er snakk om eit prøveprosjekt over tri år, og at dei er avhengige av at raulandselevane plukkar opp ballen Tinn-politikarane no har kasta til dei. Tilbodet vil også bli tilgjengeleg for alle andre som kan ha nytte av det, men berre dersom det finst vidaregåandeelevar som brukar bussen. Gjer det ikkje det, vil ikkje bussen bli sett opp.

Alternativ til hybel
Ida Marie Ørnes arbeider ved skulens ressurssenter, og har jobba mykje med å få på plass prosjektet. Ho fortel at det hovudsakleg er byggfagelevar skulen ynskjer å rekruttere, men at elevar til dei andre linene, som elektrofag, også er ynskt til skulen.
– Me håpar å gje elevar som elles måtte flytta på hybel her eller i Lunde eit alternativ. For mange elevar kan det vera fint å sleppe å flytte for seg sjølv, og mange blir kanskje tvinga til å ta eit val dei ikkje er klare for å ta. Me håpar at tilbodet kan gjera valet enklare for nokre av elevane frå Rauland og Vinje, seier ho.

Usikker på interessa
Pernille Hjelle er rågjevar for elevane ved Rauland skule, som er hovudmålgruppa til prosjektet. Ho synest tilbodet er godt, og trur det gjer at fleire avgangselevar no vurderer Rjukan i sterkare grad. Men ho er usikker på om det gjer at fleire kjem til å søkje seg dit i år.
– Informasjonen har kome fram til elevar og foreldre i Vinjeskulen, mellom anna på eit felles informasjonsmøte i oktober. Men så langt er det liten interesse for tilbodet blant tiandeklassingane her. Ein eller to elevar vurderer Rjukan vidaregåande, og det er som det brukar å vera, seier Hjelle.
Ho meiner det ikkje er nokon utbreidd kultur for å søkje seg til Rjukan, og trur tilbodet må bli meir innarbeidd for at elevane skal vurdere det sterkare. Slik det er i dag er det også relativt liten søknad til byggfag. Yrkesfagprogrammet teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Vest-Telemark vidaregåande trekkjer mange av elevane.
– Dei ser moglegheitene til arbeid innan oljebransjen, og det er mange rollemodellar i dette yrket i lokalsamfunnet, fortel Hjelle.
Ho etterlyser klårare marknadsføring frå Rjukan vidaregåande.
– Dersom det er byggfagelevar dei vil rekruttere, bør dei vera flinkare til å gjera det tydeleg for elevane og oss, til dømes gjennom å invitere til ekstra skulebesøk, eller å koma hit til Rauland og fortelje om det, seier rådgjevaren.
1. mars er søknadsfristen for opptak til vidaregåande skule.


Artikkelen er publisert 26/01-2012

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president