|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Hallbjønnsekken ute for sal
 Teppe: Det er nærast urørt i bakken på Hallbjønnsekken i Tokke.
|
Club Hallbjønn Telemark slo seg sjølv konkurs våren 2011. Etter den tid har det berre vore utleige av andelsleilegheitene som har vore aktivt. Både skitrekk og kafé har vore ute av drift.
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
– Generalforsamlinga i Desinasjon Hallbjønn AS har vedteke å selje. Om det blir ved sal av aksjar eller eigedelar er ikkje bestemt, men noverande eigar har altså fatta salsvedtaket, seier Tom C. Egeland, styreleiar i Hallbjønn aktivitets- og vedlikehaldstenester AS, eit av fleire selskap på Hallbjønnsekken.
– Kva pris er det i så fall snakk om?
– Seljar har ikkje teke stilling til det førebels, men no skal det lagast eit prospekt og då vil prisoverslaget vere klart. Sjølve prosessen med å registrere det som er av eigedelar har akkurat starta. Me får rett og slett sjå kva som rører seg i marknaden og kva respons me får, fortel Egeland.
Stengd skitrekk og kafé
Verken skitrekk eller kafeteria har vore opne sidan i fjor vår. Egeland ser heller ikkje føre seg at noverande eigar kjem til å opne nokon av delane før eit sal er gjort.
– Me har rett og slett ikkje sett oss i stand til å opne, men sjølve utleiga av leilegheitene har gått som vanleg med ordinære opningstider, slår han fast.
– Kva tidsperspektiv har noverande eigar sett med tanke på sal?
– Det ligg ikkje føre noko eksakt timeplan. Me får sjå kva marknaden svarar når me kjem med salsoppgåva. Det er ikkje tvil om at det er ein tung marknad, seier Egeland.
Tokke kommune har sagt at Hallbjønnsekken er eitt av satsingsområda deira. Kommunen har selt mange hyttetomter i området, og lagt ned mykje pengar på satsinga.
– Kan Tokke kommune vere interessert i å kjøpe anlegget?
– Det må sjølvsagt kommunen sjølv svare på, men me kjem definitivt til å sende dei salsoppgåva, smiler Egeland.
– Elles har me vore i kontakt med eit par interessentar, så me får sjå kva som skjer, legg han til.
Løyvde pengar til bakken
Politikarane i Tokke vedtok å løyve 100.000 kroner til å opne skitrekket på Hallbjønnsekken i vinter. Håpet om at det blir mogleg å prøve bakkane på Skafsåheia er no i ferd med å svinne.
– Pengane ligg klare, og eg hadde verkeleg håpa at eigarane kunne gjort avtaler slik at bakken hadde blitt opna. Eg trur det hadde vore positivt for heile salsprosessen også. Me kjem til å fylgje nøye med på kva som skjer framover, men eg trur ikkje det er verken økonomisk eller politisk vilje til at kommunen skal drive eller eige senteret, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.
Ho synest det er leitt at det ikkje har vore mogleg å opne skitrekket og bakken.
– Midlane som blei løyvd burde dekke utgiftene til å halde skitrekket ope. Men det må i så fall vere eigarane som går i dialog med nokon som kan stå for det praktiske arbeidet. Pengane er i alle fall der, slår ho fast.
– Eg føler me har gjort det me kunne, legg ho til.
Artikkelen er publisert 26/01-2012
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|