Torsdag
23/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Gjer stadnamn tilgjengelege


Fornøgde: Synnøve Nedrebø (t.v.) og Hilde Martini Momrak gler seg over at fleire tusen stadnamn i Fyresdal no er tilgjengelege på internett.

I Fyresdal er 7.600 stadnamn lagt ut digitalt på heimesida til kommunen.




For ein del år sidan tok dåverande kultursekretær Signe H. Bakken i Fyresdal kommune initiativ til eit prosjekt der det blei samla inn lokale stadnamn. Synnøve Nedrebø blei huka tak i for å hjelpe med arbeidet, ei oppgåve som skulle vise seg å vare på fulltid i to og eit halvt år.
– Eg skulle ha eit engasjement over sommaren. Etter kvart som eg byrja på arbeidet balla det på seg. Det blei leita fram utruleg mykje gamalt materiale som inneheldt stadnamn. Me byrja å rydde og sortere. Lokale folk hjelpte med informasjon, og utan dei trur eg ikkje arbeidet hadde blitt noko av, seier Nedrebø.

Endå fleire namn
Namn blei lagt inn på data på rette koordinaten. Var det segner knytt opp til stadnamn, skreiv Nedrebø ned dei også.
– Tenk for eit fantastisk verdifullt arbeid som blei gjort den gongen, seier kulturkonsulent Hilde Martini Momrak med eit smil.
Totalt blei det registrert 7.600 stadnamn i Fyresdal.
– I tilllegg skal det liggje rundt 1.000 namn som ikkje er registrerte, for eg rakk det ikkje. Og det var nok mange namn eg ikkje klarte å fange. Kanskje kunne ein invitere lokalbefolkninga til å kome med innspel, undrar Nedrebø, framleis like ivrig på stadnamn som då prosjektet blei avslutta ved utgangen av år 2000.
– Me må prøve å få inn dei 1.000 stadnamna etter kvart, meiner Martini Momrak må vere eit mål.
Nedrebø blei eigentleg ikkje overraska over at det dukka opp så mange stadnamn.
– I gamle dagar var det stadnamn folk hadde å halde seg til, seier ho.

Mykje artig
Martini Momrak fann det svært interessant å få alle stadnamna på kart, slik at dei blir tilgjengeleg for folk. Einar Mikkelsen sa ja til å hjelpe med å gjere arbeidet digitalt.
– Når me fyrst fann ut korleis me skulle gjere det, tok ikkje jobben lang tid. Alle stadnamna kan ein no sjå ved å gå inn på heimesida til kommunen. Arbeidet er ikkje gjort med GPS, så det kan vere nokre feil somme stader. Eg håper mange får glede av kartet med tusenvis av stadnamn som alle er skrive på dialekt, seier Martini Momrak.
Nedrebø er kjempeglad over at stadnamna er lagt ut på internett, ikkje minst på vegne av alle dei som har bidrege i prosessen. Eit spesielt namn ho har merka seg er Nivelkjing.
– Det var i nyare tid ein husmannsplass, men er opphavleg frå tida rundt gruvedrifta i Fjellgardane. Ei forklaring på namnet Nivelkjing skal vere «Fandens tilholdssted», etter Stoltenberg si bok om gruvedrifta, fortel Nedrebø.
– Det er så mange artige stadnamn ein kunne nemnt, som til dømes Austaddassen og Spøkeristeinen, seier Martini Momrak.


Artikkelen er publisert 24/01-2012

Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane