Torsdag
23/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Vest-Telemark i rampeljoset


Kjærleik?: Det var Andrew (38), og ikkje eit ynskje om å kome på fjernsyn, som gjorde at Bjørg Bakke (22) frå Lårdal tok valet om å bli med i serien «Sønner av Norge» på TV2. (Pressefoto)

Denne fjernsynsvåren blir Vest-Telemark nok ein gong sett på kartet. To storsatsingar i TV2 har kvar sin vesttele med som deltakar, og i Rauland gjeng innspelinga av Robinson for fullt.




«Gøy på landet» gjorde at Kviteseid fekk sine femten minuttar i rampeljoset i haust, då tri ungkarar tok imot ei busslast med bydamer som ville prøve lykka i Vest-Telemark. Prøvde lykka gjorde òg Nora Lindvåg Johre frå Dalen, og ho var til slutt ei av dei som kom lengst i den svært omdiskuterte realityserien «Paradise hotel».
Om vestfylket var synleg på fjernsyn i 2011, blir det ikkje mindre synleg i 2012. Den største reklameeffekten for regionen vil utvilsamt kome gjennom innspelinga av Robinson, som i desse dagar gjeng føre seg i Raulands-området.
Men det er ikkje berre vakkert vinterlandskap ein kan kjenne att på skjermen i 2012. Tri unge vesttelejenter blir også å sjå i kvart sitt program. Bjørg Bakke frå Lårdal i Tokke har alt gjort sin entre på skjermen i «Sønner av Norge – drømmen om norsk kjærlighet» på TV2, der fire norskamerikanarar skal prøve å finne seg ein norsk kjærast. Tidlegare har både Kari Hylland frå Vinje, deltakar i «Til toppen av Norge» på TV2, og Marte Johanessen frå Fyresdal, med i «Unge mødre» på Fem, vore presentert her i avisa.

– Stor skilnad på gutar i USA og Vest-Telemark
Bjørg Bakke (22) frå Lårdal har blitt mange erfaringar rikare sidan september i fjor. Då valde nemleg norskamerikanaren Andrew Erik Vik (38) ut nettopp henne som ei av åtte norske jenter han såg på som moglege kjærasteemne. Dermed gjekk turen til USA. Korleis det gjekk, får me sjå på i fjernsynsprogrammet «Sønner av Norge» denne våren. Dei fyrste to programma er alt sendt.
For Bjørg, som meiner ho ikkje er av den flaue typen, blei overgangen stor då det brått var tv-kamera over alt.
– Då eg kom dit, tenkte eg: Kva har eg gjort? Fjernsynsinnspeling er ein rar setting å vera i – det blir fort litt flaut når du akkurat har møtt ein person for fyrste gong, og så blir du beden om å gjenta heile møtet for at dei treng eit opptak til, seier Bjørg.
Men Bjørg, som til dagleg studerer medisin i Bergen, angrar ikkje på at ho skreiv brevet som gjorde at Andrew ville ha ho med i serien. Ei lang vurdering fann stad før ho bestemte seg.
– Eg tenkte mykje på kva det kunne ha å seie for karrieren min, sidan eg ikkje veit heilt kva retning eg vil gå i. Eg har nokre verv som gjer at det å melde seg på eit sjekkeprogram kanskje ikkje er det luraste. Men då eg vurderte dei positive og negative sidene ved dette, kom eg fram til at ein av og til må gjera morosame ting – viss ikkje blir livet veldig kjedeleg. Så då skreiv eg brevet til Andrew, fordi han verka som ein mann som har mykje av det eg ser etter i ein kjærast, seier Bjørg, som berre har fått positive tilbakemeldingar på programmet så langt.

– Snakkar om kjensler
Det er langt å reise til USA for å finne seg kjærast. Både i avstand og lynne er nok amerikanske Andrew langt unna gutane heime i Vest-Telemark.
– Den største skilnaden er nok evna til å snakke om kva ein føler. Det synest eg er godt med amerikanarar – dei er ikkje redde for å setje ord på følelsane sine, og treng ikkje drikke seg kjempefulle for å vise at dei er interessert, slik mange her i Vest-Telemark har ein tendens til å gjera. Eg likar USA betre på den måten. Ikkje berre når det gjeld kjærleikslivet, men også elles i samfunnet. Ein skjuler ikkje kjenslene sine fordi ein er redd for konfliktar, seier den flotte lårdalsjenta, som også set pris på amerikanske gentlemantakter, som å dra ut stolen og opne dører for fylgjet sitt.

Ikkje for den typiske vesttele?
Ho understrekar at ho er svært glad i Vest-Telemark og dei som bur der.
– Vesttelane er jordnære, lite brautande, stille og beskjedne. Det er nok difor det ikkje er så mange som melder seg på program som dette. Dei eigenskapane gjev ikkje dei beste føresetnadene for å sitje og snakke om så og seie alt med eit tv-kamera i fjeset, ler Bjørg.
Framstillinga av ho sjølv er noko av det ho er mest spent på. Mykje kan takast ut av sin opphavlege samanheng når produksjonsselskapet set seg ned for å klyppe saman programmet. Men Bjørg er ikkje så bekymra.
– Det er klart det er ei kjempestor utfordring å vera seg sjølv framfor kamera. Men eg håpar og trur dei framstiller ting som dei er, avsluttar ho.

Overvelda over nifst hjelpsam lokalbefolkning
Programleiar Christer Falck og resten av produksjonsteamet til Robinson er overbegeistra for hjelpa dei får frå lokalbefolkninga i Rauland og på Møsstrond under innspelinga av den fyrste vinterutgåva av serien.
– Eg er mest imponert over at folk her oppe er utruleg smarte når det gjeld praktiske gjeremål i naturen. Eg lærer nye ting heile tida, og på ei veke har eg blitt villmarksekspert – i alle fall i teorien. Eg har ikkje frose enno – berre litt på nasen i starten, seier Falck.
Både lokalt næringsliv og privatpersonar i området er sterkt involvert i storsatsinga frå TV3. Falck, som har vore i Fillipinane og Malaysia og spela inn tidlegare sesongar av serien, meiner dei aldri har møtt ei meir serviceinnstilt lokalbefolkning enn no.
– Både malaysiarane og fillipinarane går for å vera svært hjelpsame folkeslag, men dei er endå flinkare her. Dei er nesten nifst hjelpsame. Både raulendingane og dei som er opptekne av at dei ikkje er raulendingar, kva heiter dei att…?
– Møsstrendingane?
– Ja. Eg kan ikkje seie at eg merkar nokon stor forskjell på dei, men. Dei er like blide og lette å koma i kontakt med. Det er aldri pinlege pausar eller slikt Oslo-opplegg der ein sitje ved sidan av einannan på trikken utan å sjå på kvarandre ein gong. Her om dagen måtte eg haike, og då fekk eg haik på fyrste forsøk, fortel ein imponert Falck.
Han meiner det var den lokale velvilja som gjorde at dei valde nettopp Rauland som innspelingsstad, i tillegg til det mektige og kalde vinterlandskapet, som deltakarane no har fått erfare på kroppen i over ei veke.
– Det gjeng bra med deltakarane. Dei har fått nokre frostskadar, men det er god stemning. Så langt har me fått alt me håpa på – mykje kulde og to lag som er sure på kvarandre. Dei ondaste av oss håpa kanskje dei skulle slite endå litt meir enn dei har gjort til no, seier Falck.

Millioneffekt
Reklameeffekten for Rauland når TV3 sender programmet, blir spådd å vera svært stor. Dessutan gjev sjølve innspelinga store inntekter til næringslivet i området. Varden skreiv måndag at berre den lokale satsinga er verdt mange millionar kroner, og at PR-verdien også vil vera i mangemillionarklassa.
– Dette gjeld både med tanke på langsiktig merkevarebygging for Rauland og Telemark som vinterdestinasjon. I tillegg har satsinga kortsiktig verdi. Me reknar med å få effekt når det gjeld besøk alt denne vinteren, seier dagleg leiar i Telemarksreiser, Irene Siljan Vestby, til Varden.


Artikkelen er publisert 21/01-2012

Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane