Torsdag
23/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Toyota mest populært i regionen


Fornøgd: Dagleg leiar Terje Nordstoga konkluderer med at 2011 var eit godt år, men innser at bedrifta får utfordringar når Toyota ikkje lenger produserer Hiace – den mest selte bilen i Seljord.

Nesten halvparten av vesttelane som kjøpte ny bil i 2011 valte Toyota.




Tala frå Opplysningsrådet for vegtrafikk (OFV) viser at 312 vesttelar handla seg ny bil – person- eller varebil – i 2011. 143 av dei kjøpte Toyota. Det gjev ein marknadsdel på 45,8 prosent. Bilmerket er mest selt i alle i dei seks kommunane i Vest-Telemark. Seljordingane og vinbyggjane er dei som kjøper flest av det japanske bilmerket.
Flest nye bilar handla seljordingane. 69 av dei 136 bilkjøparane valte Toyota. Også i Vinje kjøpte annankvar innbyggjar Toyota.
Japan er også på andreplass i Vest-Telemark. Det blei selt 54 Nissan-bilar til innbyggjarar i regionen i 2011.

Stabil kundemasse
Salstala gledar dagleg leiar ved Funnemark i Seljord, Terje Nordstoga.
– Me har ei stabil kundemasse i Vest-Telemark, seier Nordstoga.
I ei undersøking utført av Toyota i Drammen ragar dei tri Funnemark-forhandlarane i Telemark – Seljord, Notodden og Porsgrunn – øvst på statistikken over fornøgde kundar. Nordstoga trur satsinga på ettermarknaden er viktig.
– Det blir sagt at ettermarknaden sel bil nummer to, seier han.
Funnemark i Seljord selte i 2011 totalt 624 bilar, 291 nye og 333 bruka. Det er ein liten auke frå året før.
– 2011 var eit bra år, konkluderer den daglege leiaren.

Slutt på Hiace
Toyota Hiace er den mest selte bilen i hos bilforhandlaren i Seljord. No har Toyota varsla at det ikkje blir produsert fleire Hiace-bilar på grunn av at han ikkje oppfyller nye utsleppskrav.
– Det var jo for oss den verste modellen dei kunne ta vekk. Det blir ei utfordring, men me må berre selje meir av andre modellar, seier Nordstoga.
– Toyota har signalisert at ein ny kassebil er under uvikling, men når han er i sal, vil eg ikkje spå noko om. Inntil vidare har me ikkje nye kassebilar, legg han til, og understrekar at dei framleis ikkje er heilt tome for Hiace.
Han ser ljost på framtida, og varslar ein oppgradert Avensis, sportsbil og ny Auris stasjonsvogn som nye spennande modellar den komande tida.

Sjef for 342 år med erfaring
Terje Nordstoga (29) har vakse opp med Funnemark. No er han dagleg leiar for bedrifta i Seljord.
Nordstoga tok over sjefsjobben på avdelinga i Seljord då Erling Susaas slutta i fjor sommar. Men trass sin unge alder, har han mange års erfaring frå Funnemark. Omtrent eit heilt liv.
– Eg blei vel omtrent fødd på kontoret, smiler Nordstoga.
Pappa Knut har arbeidd for Funnemark i ei årrekkje, og Terje har dilta etter faren i alle år. No er rollene litt bytt om. Sonen har blitt farens sjef.
– Korleis er det?
– Det går veldig greitt. Ingen problem. Me har aldri vore i ugreie. Men han blei nok litt overraska då eg blei dagleg leiar, seier Nordstoga.
29-åringen hadde sin fyrste løna jobb på Funnemark i 1995. Då hjelpte han til med hjulskift haust og vår, og fekk sin fyrste lønsslipp.
– 40 kroner timen, minnest Nordstoga.
Han jobba etterkvart på langope om torsdagane og i skuleferie, og Nordstoga har vore innom fleire avdelingar i huset.
Noko vidare utdanning skryter han ikkje på seg. Tri år på vidaregåande skule og eitt år i militæret er det han har på CVen før han byrja i Funnemark. Han hadde planar om å studere etter eitt år som juniorseljar i bedrifta. Men sidan har han blitt i systemet, og han kunne ikkje takke nei då han som 28-åring fekk tilbodet om å bli dagleg leiar for bedrifta med 26 fast tilsette og ei årleg omsetning på meir enn 150 millionar kroner.
– Det er tøft gjort av Funnemark å satse på meg. Det var skummelt å skulle bli sjef over kollegaene mine, men det var ein moglegheit eg ikkje kunne takke nei til, seier Nordstoga, som er rask med å rose dei tilsette.
– Det er så utruleg mange dyktige folk her. Me har ein del unge, kombinert med mange erfarne medarbeidarar, seier han, og har rekna ut at det totalt er 342 år med erfaring i huset.
– Korleis har det fyrste halvåret vore?
– Det er mykje å setje seg inn i, og ein blir ikkje utlært på eit halvår. Eg lærer noko kvar dag, og ingen dag er lik, seier han.


Artikkelen er publisert 21/01-2012

Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane