|
Torsdag 23/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Halvparten fekk pengar
 Banksjef i DNB Vest-Telemark, Henrik Scott-Fjære, seier dei som treng hjelp til å fylle ut søknader til Sparebankstiftinga og Gåvefondet gjerne må stikke innom i bankfilialane for å få rettleiing og hjelp.
|
Kvart år deler Sparebankstiftinga DNB ut større pengesummar i gåve til konkrete prosjekt. Ved sist tildeling gjekk to av fire søknadar frå Vest-Telemark gjennom nålauget. I februar er det ny søknadsfrist.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
To gonger i året deler Sparebankstiftinga ut store summar til større og mindre prosjekt i heile landet. Felles for tiltaka som får støtte, er at dei skal ha verdi over tid og kome mange til gode, særleg barn og unge.
– Det er alt for få her i Vest-Telemark som nyttar seg av dette tilbodet. Folk trur kanskje prosjekta deira er for små, men det er nettopp desse prosjekta Sparebankstiftinga er opptekne av, seier banksjef i DnB Vest-Telemark, Henrik Scott-Fjære.
Pengar til grillhytte
Stiftinga gjev pengegåver til tiltak som skapar aktivitet og samhald i nærmiljøet. Kvar haust og vår, når tildelingane skjer, er det ulike føremål som blir prioritert. I år blir områda kunst og kultur, og nærmiljø, idrett og leik prioritert. Hausten 2011 var det prosjekt knytt til føremåla «Ut i naturen» og kulturminne som fekk midlar.
Kvernhuset på Grimdalstunet var eitt av to Vest-Telemark-prosjekt som fekk støtte. Den andre søknaden som blei godkjent, kom frå Mo bygdelag i Tokke.
– I Mo ynskjer vi å få eit samlingspunkt ute i naturen der unge og eldre kan møtast. (…) Det vi lenge har ynskt oss, er ei grillhytte som ligg sentralt i Mo. Der er det moglegheiter for å ake, gå på ski og ha det hyggeleg, skriv bygdelaget i søknaden, som enda med at dei fekk støtte på 73 000 kroner til å kjøpe ei slik grillhytte.
Lokalt fond
– 15. februar er det ny søknadsfrist, og då håpar me fleire frå Vest-Telemark søkjer. Dei søknadene som ikkje når opp, tek me gjerne med oss vidare til Gåvefondet, som er ein lokal variant. Dette fondet er under avvikling, men det står framleis ein del pengar der, seier Scott-Fjære.
I fjor haust fekk to prosjekt støtte frå Gåvefondet DNB Telemark. Stein Versto fekk 30 000 kroner i samband med utgjevinga av cd-en «Urjen», og Johan Vaa og Kjell Bitustøyl fekk 15 000 kroner til bokprosjektet «Reinen på Hardangervidda».
Artikkelen er publisert 19/01-2012
|
Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane

|