|
Torsdag 23/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Plukkar opp skuteroppmodinga
 Regionordførar Torstein Tveito (Sp) tek imot utfordringa frå nissedalspolitikarane som krev handling frå Vest-Telemarkrådet for å få endra lov om motorferdsel. – Det hadde vore moro å få til ei Vest-Telemark rundt-løype, meiner Kviteseid-ordføraren.
|
Regionordførar Torstein Tveito (Sp) tek utfordringa frå dei to Nissedal-politikarane som ynskjer initiativ frå Vest-Telemarkrådet (VTR) i snøskutersaka.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
Tveito lovar å ta opp saka om endring av lov om motorferdsel til drøfting i rådet når dei har møte fyrstkomande tysdag. Når VTR møtast att i mars, vil han setje ho opp som eiga sak.
– Me tek imot ballen som no er spela til oss, og fram mot møtet i mars vil rådsekretariatet arbeide med ei sak å legge fram for rådet, der resultatet vil bli ein strategi for korleis me skal presse på for å få ei snar løysing, seier Tveito.
Må bryte lova
Han meiner saka er særleg viktig for at innbyggjarane skal trivast der dei bur, spesielt dei yngre generasjonane. Mange gjer seg i dag til lovbrytarar når dei dyrkar interessa si.
– Me må skape gode rammevilkår for den oppveksande ungdomen, og me har gode tilbod når det gjeld både ski- og ballidrett her i Vest-Telemark. Men det er ein gong slik at dei unge med motorinteresse ofte er dei same som har lyst til å bli buande her. Eg tenkjer då til dømes på alle dei som jobbar i Nordsjøen og har lange periodar med fri. At dei skal bli kriminelle fordi dei driv med det dei likar best på fritida, er trist, seier Tveito.
Han trur ei snarleg endring av lov om motorferdsel vil ha mykje å seie for mange av innbyggjarane i regionen.
– Kommunane veit best
I den strategiske næringsplanen for Vest-Telemark har VTR formulert fire mål knytt til ein visjon om å gjera Vest-Telemark til ein levande region, som er attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving. Tveito peikar på at målet om å skape ei sterk regional samkjensle og ein styrka Vest-Telemark-identitet er viktig i argumentasjonen for kommunal råderett over etablering av skuterløypenett og reglar for bruk av desse.
– Det er me i kommunane som veit korleis dette best kan bli forvalta i kvar einskild kommune. Sjå på resultatet i Vinje – det har ikkje skjedd nokon skade der, seier Tveito, som blir forundra dersom ikkje alle dei andre vestteleordførarane også vil engasjere seg i saka.
Må gøyme seg
Skuterfolket må også vise at dei kan innordne seg og vise respekt for traseane, naturen og plantefelt, meiner regionordføraren.
– Lova og regelverket i kvar einskild kommune må sjølvsagt bli respektert dersom me får dette til. Det vil vise seg fort dersom det ikkje skjer, men då har me i alle fall prøva, seier han.
Rett utanfor ordførarkontoret ligg Vest-Telemark tingrett. I gangen har Tveito mange gonger møtt vesttelar som nettopp har fått dommen sin for å ha køyrd snøskuter ulovleg.
– Eg har mykje kontakt med ungdom som er frustrert fordi dei må gøyme seg under ei furu når dei høyrer noko dei fryktar kan vera politi. Me kan ikkje lenger sitje på gjerdet og akseptere at innbyggjarane våre blir lovbrytarar, avsluttar Tveito.
Trur på ei snarleg løysing
Arne Vinje (SV) er ordførar i den einaste kommunen i Vest-Telemark med lovlege skuterløyper. Han deler frustrasjonen over at det har tatt så lang tid å få ei avgjerd frå Stortinget, og seier det er viktig å bruke fleire ulike kanalar i saker som denne – både partikanalar og stå saman om felles utspel.
– Me har pressa på i alle desse åra utan at det har gjeve resultat, men har på ingen måte gjeve opp. No synst eg det har losna. Eg får gode signal frå systemet, seier Vinje, som dei siste åra har hatt besøk av fleire stortingspolitikarar frå SV og då nytta høvet til å informere dei om saka.
– Eg har orientert stortingsrepresentantane om dei gode verknadene og erfaringane me har frå ordninga. Dei signaliserer at dei deler synet mitt, seier Vinje-ordføraren, som understrekar at det står att å få med seg leiinga i det SV-styrte miljødepartementet.
Han er optimist og trur ei lovendring er på trappene.
– Etter kvart trur eg det kjem til å koma. Eg håpar på ei avklaring denne våren, seier Vinje.
Artikkelen er publisert 19/01-2012
|
Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane

|