|
Torsdag 23/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Storfebonde i hundreogti
 Halvor Skjulestad er oppteken av at dyra skal ha det bra, noko han får att for som bonde.
|
Med 110 storfe på garden Sitje i Fyresdal har Halvor Skjulestad meir enn nok å gjere. Og han trivst, bare så det er sagt.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
20 år gamal overtok Halvor Skjulestad garden Sitje etter bestefaren Kjetil Reine i 1979. Då var det 3 mjølkekyr, 3 kviger, 4 kalvar og 1 hest på bruket.
– Besteforeldra laga smør, men eg hadde eit mål om at det skulle eg i alle fall ikkje gjere, seier Halvor.
Meieriet ville ikkje hente mjølk frå garden, fordi dei meinte vegen var for bratt opp frå Fyresdal sentrum. Då valde Halvor å byrje med fôringsdyr, og slakta dei når alderen var mellom 18 og 20 månader. På det meste hadde han 40 fôringsdyr.
Bank gav okseslutt
På 1980-talet kjøpte han ein nabogard og overtok dei 50 sauene der.
– Eg gjorde det bra på sau, men har aldri vore så begeistra for slike dyr. Du får aldri ein sau til å gjere noko friviljug, seier Halvor om avviklinga av den drifta.
I 1990 var det snakk om at det skulle bli slutt på å få tildelt mjølkekvote. Då forta Halvor seg å kjøpe ein kvote etter areal, byrja med 8 kyr og kunne levere 59.000 liter mjølk årleg.
I mange år har Halvor hatt oksar på garden, men slik er det ikkje lenger.
– I 2010 fekk eg så bank av ein okse at eg mista lysta på å stelle med dei. Eg skulle ha oksen ut av grinda og då klistra han meg opp etter den. Eg låg i ein haug og var blå frå livet og ned. Alt skjedde så fort. Eg kom meg heldigvis over i ein annan binge, elles hadde eg hatt problem …
Det skulle gå 30 år før han blei tatt av ein okse. Angriparen fekk vere på garden eit par månader etter hendinga, men då venta slaktekniven.
– Eg hadde flytta oksen rundt mange gonger før, og då hadde det gått greitt. Denne gongen hadde han tydeleg fått nok. Dei er så raske!
Det var nokon heilt andre kjensler då han for litt sidan måtte kvitte seg med den 12 år gamle gromkua på garden. Ho måtte slaktast, og då var det andre enn Halvor som måtte fylgje stasdyret ut av fjøset for siste gong.
300 tonn
Halvor fekk kjøpe fleire mjølkekvotar, men så byrja fjøset å bli meir kummerleg. Helsa skranta og det var for tungvint i fjøset.
– Eg hadde ikkje økonomi til å byggje om til lausdrift, så eg bygde på i staden, seier bonden om investeringa i år 2000.
Ti år seinare heldt han seg innafor kostnadsramma på 2,4 millionar kroner då fjøset blei bygd om. Frå og med i år har Halvor ein mjølkekvote på 300 tonn.
– Ein så stor kvote var eitt av vilkåra for at det skal svive rundt. Etter siste ombygging har det blitt mykje lettare i fjøset, seier Halvor.
Frå han overtok gardsdrifta er det investert nær 6 millionar kroner i fjøs og utstyr.
– Det er mykje, og ikkje billig. Og det er ikkje billig å kjøpe traktor heller …
Kommunen og Innovasjon Noreg bidrog kvar med 400.000 kroner og 700.000 kroner til siste investeringa.
– Utbygginga hadde ikkje latt seg gjere utan tilskota. Dessutan sponsar kommunen med 50 prosent når eg kjøper nye mjølkekvotar. Det er ikkje mange kommunar som gjev slike beløp som Fyresdal gjer, seier Halvor.
Skal ha det bra
Dei 33 kyrne hans mjølkar i snitt heile 9.600 liter per ku årleg. Dei beste kyrne kan levere 50 liter om dagen, og i forfjor var det ei som gav 55 liter mjølk dagleg heile vinteren.
Ved kvar mjølkeleveranse blir det tatt prøver for å sjekke om der til dømes er penicillin, bakteriar, sjekkar smaken og om det er tilsett vatn.
– Det er nokon som har prøvde seg med vatn, har Halvor høyrd om.
Fleire gonger er fyresdølen premiert for dyrehaldet, både for at det kjem mykje mjølk per ku og ein topp kvalitet på mjølka. Og mjølka er framleis på topp.
– Reinhald er viktig, veldig viktig. Og for å få god mjølkekvalitet må ein fôre riktig og passe på at kua får nok grovfôr. Dyra skal ha det bra dei også. Nok mat og god trivsel, det er det som gjer at dei yter godt. Det er om å gjere å ha god kvalitet. Det er det ein får betalt for, og det er tilfredsstillande for meg at det er kvalitet over det eg leverer, seier Halvor.
– Halvor er så snill med dyra, og det er heilt strøkent på utsida av fjøset, skyt sambuar Mona Wilberg Jacobsen inn.
Totalt har Halvor 110 storfe. Av dei er 42 småkalvar. Etter eitt år blir alle kvigekalvar bedekte. Etter at dei har kalva beheld bonden så mange kviger han treng, og resten blir selt. Det hender også at nokon blir slakta. Oksekalvane blir selt etter om lag 4 månader.
– Skal du ha endå fleire dyr enn du har no?
– Nei, no er det nok, kjem svaret raskt.
Fyrste eliteoksen
På garden er det 21 årskviger som skal inseminerast. Sæden kjem frå Geno på Hamar, organisasjonen for norsk raudt fe (NRF). Geno har henta totalt seks oksekalvar på Sitje. Nålauga er ganske trongt for å få levert. 400 oksekalvar blir kjøpt inn kvart år. 120 av dei blir trekt ut til å vere ungoksar. Det blir tappa 2.000 doser frå kvart dyr, og vara blir spreidd over heile landet. Etter fire år er det klart kven som har gjeve sæd med topp avkom som resultat. Dei rundt ti beste endar då som eliteoksar.
Av dei 11 NRF-eliteoksane som styret i Geno valde ut til bruk frå sist oktober, kjem ein frå Halvor, og oksen heite «Skjulestad».
– Geno henta Skjulestad då han var 4 månader gamal, og eg har selt alle rettane på han. Klart eg er stolt av Skjulestadoksen, dette er artig. Dei 20 åra eg har hatt oksar er han den fyrste som har blitt eliteokse. Det kan godt vere eg får sæd frå han, om det passer til kua. Eg har to døtrer etter Skjulestad, seier Halvor.
Han prøvar å få konsentrert kalvinga til august og september.
– Då er det hektisk, men bank i bordet; sist gjekk det utruleg greitt. Så lenge kalven ligg rette fødselsvegen, går det bra. I haust var eg inn og retta på bare ein kalv.
På grunn av kavlinga som ventar blir juli ein månad utan mjølking.
– Den månaden er nesten ferie i seg sjølv, men eg har slåtten … Sist år var det mykje regn. Eg kan ikkje kalle det katastrofeår, men. Håplaust!
Dyktig hjelpar
Arbeidsdagen startar med mjølking klokka 5 om morgonen, for alt må vere klar når mjølkebilen kjem to timar seinare. Fjøsstellet er ferdig klokka 20.00.
– Det har aldri vore problem eller tungt å stå opp tidleg om morgonen, og det er sjeldan eit ork å gå i fjøset. Eg har travle dagar. Er det krise jobbar eg om sundagen også, i tillegg til å mjølke og ta inn rundballar, seier Halvor.
I 2009 hadde han problem med å få tak i nokon som kunne hjelpe med drifta. Halvor hadde ikkje hatt fri ein kveld på eitt år. Så losna det heldigvis. 17. mai det året byrja ein polakk i full stilling på garden.
– Han kan alt, er veldig effektiv og kan dyr. Det er aldri sure miner der, seier ein svært nøgd arbeidsgjevar på Sitje.
Halvor registrerer at det byrjar å bli eit rimeleg skrint landbruksmiljø i Vest-Telemark, og i Fyresdal er det att bare fire mjølkebønder.
– Det er litt trasig. No reiser eg omtrent aleine på dei landbruksmøta som finst, seier Halvor.
Meir godkjenning
Vidare registrerer han at kostnadene aukar, men inntekta fylgjer ikkje med. I 1990 fekk han meir for både mjølkeliteren og kjøtet enn han gjer no.
– Likevel er du optimist?
– Eg ser det er mørke skyer, men eit eller anna må ein gjere. Og eg trivst med arbeidet. Men til tider kunne eg tenkt meg meir fri. Eg fekk ikkje vere med på elgjakt sist haust, men prioriterte å få tak i fôr.
– Når hadde du ferie sist?
– Kan me ikkje bare hoppe over det, svarar han med eit smil.
– Det blir nokre helger av og til. I år blei det bare tull på grunn av slåtten, held han fram.
– Kva er det som driv deg?
– Eg trivst med det eg gjer og å stelle med dyra. Det blir ein livsstil. Men eg kjenner at no må eg avgrense meg etter kvart. Eg kan bare nemne ryggen.
– Kva med framtida?
– Eg er optimist. Om bare politikarane kan få fingeren ut og sjå at maten må produserast. Me kan ikkje gjere som Frp som bare vil importere. Eg kunne godt tenkje meg å få meir godkjenning for jobben eg gjer. Om landbruket blir borte i distrikta, kva er det att då? Og det vil gro igjen over alt, avsluttar Halvor Skjulestad.
Gjev gode døtrer
NRF-oksen Skjulestad med 17 i samla avlsverdi er født 16. oktober 2005. Eliteoksen frå Fyresdal gjev døtrer som mjølkar raskt og har gode bein, spesielt klauver. Toppoksen har ikkje horn og vil nedarve denne eigenskapen til om lag halvparten av avkoma. Oksar utan horn er etterspurde både ut frå eit dyrevernmessig og økonomisk perspektiv, då bonden slepp å utsette kalvane for stress i samband med avhorning, på same tid som han sparar utgifter til veterinær.
Artikkelen er publisert 17/01-2012
|
Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane

|