|
Torsdag 23/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Spydspissen i spleiselaget
 Dreg i lag: Stadutviklingsprosjektet Seljord og sogene er snart komplett. Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen, leiar i Seljord næringslag Gunnar Eilefstjønn og prosjektleiar Harriet Slaaen trekkjer fram samspelet i kommunen.
|
Utkikkstårnet på Bjørgeøyan blir krona på verket i stadutviklingsprosjektet Seljord og sogene.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete får æra av å opne det mykje omtala utkikkstårnet på Bjørgeøyan offisielt den 18. oktober. Det 17 meter høge tårnet i fem etasjar som kostar kring 2,6 millionar kroner, eksklusiv moms, er sjølve prikken over i-en i det fireårige stadutviklingsprosjektet Seljord og sogene.
Dreg i lag
I 2008 sette kommunestyret i Seljord av ein million kroner i kvart av dei fire neste åra. Totalt har det blitt bruka kring 16 millionar kroner, eksklusiv moms, på dei ulike delprosjekta i spleiselaget Seljord og sogene. Telemark fylkeskommune, Kommunal- og regionaldepartementet, Kulturrådet, Koro (kunst i offentlege rom), Telemark utviklingsfond og Seljord næringslag er blant dei som har vore med og bidrege til å realisere dei ulike delprosjekta.
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen trekkjer fram samspelet i trikanten kommune, næringsliv, og lag og organisasjonar som ein grunnmur.
– Me har tradisjon i Seljord for å dra i lag, utdjupar Gunnar Eilefstjønn, leiar i Seljord næringslag.
Næringslivet i Seljord har spytta inn 750.000 kroner dei siste to prosjektåra.
– Både kommunen og næringslaget ynskjer å gjere Seljord meir attraktiv som besøksstad og få dei besøkande til å bli ein dag eller to ekstra. Handelsstatistikken viser at me i kommunen har lykkast bra, men me kan ikkje leggje oss nedpå og kvile, poengterer Eilefstjønn.
«Hårete» mål
Turvegen som skulle knyte bygda saman frå Dyrskuplassen til Bjørgesida er ikkje heilt i mål. Gangbrua over Vallaråi frå Eventyrøy til Bjørgesanden er tatt ut av prosjektet, men elles har kommunen gjennomført det meste i prosjektet Seljord og sogene. For tida blir det arbeidd både med utkikkstårnet og med aktivitetsparken utanfor skulen i bygda.
– Me hadde «hårete» mål. Det skal ein ha, men eg har ikkje tvila ein dag på at det let seg gjennomføre. Om ein set seg slike mål, må ein jobbe seg spent i hel for å klare det, seier prosjektleiar Harriet Slaaen.
– I Seljord er det også eit godt politisk klima. Det er tverrpolitisk vilje til å skape noko og nå felles mål, seier Sundbø Abrahamsen.
Ordføraren synest at dei har fått mykje for dei totalt kring 4 millionar kronene som er lagt på bordet dei siste fire åra, og er oppteken av å formidle at dei kommunale kronene berre er ein liten del av finansieringa av til dømes tårnet på Bjørgeøyan. Dei kommunale utgiftene til tårnet med tilkomst er 500.000 kroner. Største bidragsytar på spydspissen i stadutviklingsprosjektet har vore Telemark utviklingsfond (TUF) som løyvde 900.000 kroner til prosjektet dei meinte vil vere eit fyrtårn i og for Telemark.
– Har du eit godt prosjekt så får du pengar, seier prosjektleiar Slaaen.
Eilefstjønn og Sundbø Abrahamsen er raske med å skryte av prosjektleiaren, og samarbeidspartnarar som Springer kulturstudio og landskapsarkitektane i Feste får også sin del av æra.
Lever i prosjekta
Harriet Slaaen har levd med stadutviklingsprosjektet sidan 2007, og har vanskeleg for å trekkje fram eit høgdepunkt blant delprosjekta.
– Eg lever i alle delprosjekta. Men tårnet har vore den store motivasjonen. Eg gler meg også til aktivitetsparken utanfor skulen kjem på plass. Han blir mykje meir enn eit skuleområde, seier Slaaen, som får fylgje av ordføraren.
– Tårnet er spydspissen. Det blir spektakulært. Eg var ei stund i tvil om det let seg finansiere, seier Sundbø Abrahamsen.
Når prosjektet no går mot slutten, poengterer ordføraren at det er viktig å tenke vedlikehald.
– Me har ikkje gjort dette for moro skuld. Det er fordi me trur det kan auke attraksjonsverdien til kommunen, og skape fleire næringsetableringar. Det har lege i botn. Heile tida, seier Slaaen.
Interessa for å høyre om Seljord og sogene er stor. Slaaen hadde i fjor totalt 25 presentasjonar av prosjektet, og interessa er ikkje mindre i år. Mange kjem på besøk til kommunen, og det kjem også invitasjonar om å kome og fortelje om prosjektet.
Siste store prosjektet i Seljord var «Seljord 93». Også då samarbeidde kommunen og næringslaget tett.
– Det var då noko heilt nytt. Den raude asfalten – som med åra har falma – blei eit landemerke, seier Eilefstjønn.
– Alle suksessfaktorane frå 93 blei tatt inn i Seljord og sogene, legg Slaaen til.
Artikkelen er publisert 01/10-2011
|
Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane

|