Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Ynskjer røyeprosjekt velkomen


Stør satsinga: Landbruksminister Lars Peder Brekk er samd med Fyresdal-ordførar Bjørn Nome om at satsing på røye i Fyresvatn er eit godt prosjekt.

Landbruksminister Lars Peder Brekk ser gjerne at Aketun fisk startar med oppdrett av røye i Fyresvatn.




Aketun fisk i Fyresdal ynskjer å etablere eit anlegg for oppdrett av røye i merdar i Fyresvatn. Verksemda, med god erfaring på rusefiske i same vatnet, vil produsere matfisk av stadeigen røye. I eit anlegg med seks merdar skal ein produsere 300 tonn røye kvart år, basert på ei fôrmengde på inntil 330 tonn.
Både Mattilsynet og Fylkesmannen har på visse vilkår gjeve løyve til etableringa. Fylkesmannen har sett krav til maksimalt årleg forbruk av fôr, handtering av avfall og krav rundt lukt og støy. Utsleppa skal ikkje redusere dagens vasskvalitet.
Mattilsynet har ei retningsline der hovudregelen er å ikkje gje løyve til merdbaserte oppdrett i ferskvatn. Når Mattilsynet opnar for merdanlegg i Fyresvatn er det ut frå vurdering om særs gode naturgjevne føresetnader både miljø- og helsemessig. Vidare kan søkjaren vise til truverdig grunnlag for vellykka drift.

Samrøystes konsesjon
Tysdag sa fylkesutvalet samrøystes ja til å gje Aketun fisk konsesjon til å etablere røyeanlegget.
I vurderinga av saka skriv fylkesrådmannen at det er positivt med utmarksbasert næringsutvikling i fylket. Han meiner søknaden er i tråd med fylkeskommunens regionale planar for nyskaping og næringsutvikling, og også for reiseliv og opplevingar.
– Anlegget vil vere ein pilot for Telemark, og ein av dei få i landet fylkesrådmannen meiner det er viktig å støtte opp om, skriv fylkesrådmannen.
Han peikar også på at foredling og sal av utmarksprodukt kan ha økonomiske ringverknader både for Fyresdal og Telemark fylke, i form av arbeidsplassar og utvikling av produkt og tilbod.

Endra regelverk
Ein annan som er positiv til at Fyresvatn får det fyrste røyeoppdrettsanlegget i norske ferskvatn, er landbruksminister Lars Peder Brekk. Han er bare eit stort smil når VTB spør om han har høyrd om oppdrettsrøyeplanen i Fyresdal.
– Det har eg høyrd mykje om, svarar han, og ser bort på Fyresdal-ordførar Bjørn Nome som har servert opplysningar om prosjektet til Aketun fisk.
Brekk fortel at Landbruksdepartementet i lang tid har jobbe med fisk som næringsveg.
– Eg har tatt Fyresdal-prosjektet inn i departementet. Med bakgrunn mellom anna i saka frå Aketun fisk har me kome med forslag om å endre regelverket for oppdrett og deretter sendt saka vidare til Fiskeridepartementet, fortel Brekk.
Han har registrert at røyeprosjektet i Fyresdal er jobba veldig godt med lokalt, og vidare at det er god tradisjon i området for å drive med fisk.

Bruke piloten
– Er det opp til meg blir Fyresvatn fyrste ferskvatnet i Noreg der det blir lov å drive med oppdrett av røye. Eg ynskjer at prosjektet til Aketun fisk blir gjennomført. Eg håper pilotprosjektet lykkast, og me må bruke prosjektet i Fyresdal som utgangspunkt for å få til fleire slike satsingar, seier landbruksministeren.
– Du må ta deg ein tur til Fyresdal og sjå på fiskesatsinga der, oppmodar bladfyken.
– Ja, det hadde vore veldig moro. Nome og eg får halde kontakten, svarar landbruksminister Brekk.

Halde tradisjonen
Ein godt nøgd Johnny Aketun helsar gjerne nok ein landbruksminister velkomen.
– Det har blitt ein tradisjon å få besøk av landbruksministrar. Så Lars Peder Brekk er også velkomen, smiler Aketun.
Han fortel at han og kona Ingebjørg i Aketun fisk har jobba i mange år med planane om eit eige oppdrettsanlegg for røye. Derfor er det svært hyggeleg at søknaden har gått greitt gjennom både dei faglege og det politiske systemet.
– Me får sjansen til å nå måla me har sett oss. Fyrst og fremst betyr dette ein stabil tilgang på råvarer heile året, seier Aketun.
Han fortel at når produksjonen kjem i gang, vil det bety at dei kan trappe ned dagens innkjøp av oppdrettsfisk. Men det dei fiskar sjølve, og dagens foredling, skal halde fram som no.
På sikt reknar dei med at oppdrettsanlegg og foredling vil gje fire til fem heilårs arbeidsplassar, i tillegg til nokre fleire i slaktesesongen, frå juli til fram mot jol.
Går alt etter planen, vil dei starte med å leggje inn fisk alt i haust.

Klekkeri på Molandsmoen
For å ha oppdrett av inntil 300 tonn røye årleg krev anlegget eit areal på 17.000 kvadratmeter. Anlegget blir plassert utanfor Nesland på austsida av Fyresvatn. Stamfisk blir henta frå same vatnet, og befrukta rogn skal leggast i eige klekkeri i kommunalt bygg på Molandsmoen. Neste vår kjem fisken ut i oppdrettsanlegget og blir fôra i merdane i opptil to år før det er klart for slakting.
Fôrautomatar spreier maten under vatn, uavhengig av isdekke. Fôr som fisken ikkje får i seg, blir samla opp og ført tilbake til eigen tank. Eit system syter for å registrere det som ikkje blir ete og regulerer fôringa deretter. Løysinga gjev kraftig redusering av både svinnet på fôr og faren for opphoping av organisk materiale under merdane.
Aketun fisk har i fleire år drive med næringsfiske i Fyresvatn med storruser og garn, og tek årleg opp sju–åtte tonn fisk. Undersøkingane viser særleg positive utslag for røye, som no er blitt mykje vanlegare i fangsten. Men også sik og aure har fått betre kvalitet.
Aketun ynskjer med oppdrett av røye i merdar å tryggje råstoffgrunnlaget og drifta av verksemda i åra framover. Foredlinga vil skje lokalt der tidlegare Telemarkskyri meieri heldt til.


Artikkelen er publisert 22/09-2011

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president