|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Regional jordmorberedskap i Seljord
 Jordmorberedskap: Samhandlingskoordinator Sissel Bitustøyl har store forhåpningar til etableringa av ein regional jordmorsentral i Seljord frå hausten. Ordninga aukar tryggleiken for dei gravide.
|
Frå hausten vert det etablert ein felles jordmorberedskap for Vest-Telemark i Seljord. Dagens ordning er verken fagleg eller beredskapsmessig forvarleg.
Bjart Schieldrop redaksjon@vtb.no
Samhandlingskoordinator i Vest-Telemark, Sissel Bitustøyl, seier at kommunane skal syte for jordmorberedskap i samarbeid med Sykehuset Telemark. Ei prosjektgruppe med deltakarar frå sjukehuset og kommunane er godt i gang med å leggje til rette for ein framtidsretta og fagleg god organisering av jordmortenesta i regionen.
– Alle fødande med reisetid frå heimen til sjukehuset på meir enn 1 til 1,5 time har krav på fylgjeteneste. I dag er det sjukehusa som har ansvaret for fylgjetenesta for gravide, fortel Sissel Bitustøyl.
Alle dei seks kommunane i regionen deltek i dette prosjektet. I praksis vil det berre vere aktuelt for fem av kommunane, Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Tokke og Vinje, å vere knytt til jordmorberedskapen i Seljord. Fødande i Nissedal som skal til sjukehuset i Skien reiser over Gautefall. I tillegg er det mange vordande mødre som brukar sjukehuset i Arendal.
– Er det nok jordmødre tilsett i Vest-Telemark til å dekke opp døgnkontinuerleg beredskap?
– Nei, ikkje per i dag. No er det til saman fire jordmødre i dei seks Vest-Telemark-kommunane. Nokon har full stilling, medan andre jobbar 75 prosent. Me treng fem heile stillingar for å få vaktdøgnet til å gå rundt, seier Sissel Bitustøyl.
Jordmor tilstades
Etter Bitustøyls oppfatning er opplegget med ein jordmorsentral heilt i tråd med intensjonen i samhandlingsreforma; brukaren skal vere i sentrum for alle tiltaka.
Det skal alltid vere jordmor å få tak i på telefon. Systemet skal fungere slik legevakta gjer. Framleis skal jordmora også jobbe ute i kommunane med til dømes svangerskapskontrollar. Bitustøyl er overtydd om at det ikkje vil vere mogleg å rekruttere jordmødre utan å tilby ein fast vaktturnus. Den tida er over då jordmødrene var viljuge til å reise ut når det var behov for fylgje til sjukehuset utan eit vaktsystem. Ingen vil lenger vere til disposisjon døgnet rundt.
På den psykiatriske avdelinga i Seljord har Sykehuset Telemark ein heil etasje ståande tom. Difor ynskjer sjukehuset den nye jordmorsentralen inn i lokale som ikkje er i bruk.
Ekstra tryggleik
– Eg håper me kan disponere to-tri rom til jordmortenesta. Her vert det mellom anna lagt til rette for at fødande som er engstelege kan få bu på sentralen der det er jordmor tilstades. I Nord-Gudbrandalen har seks kommunar gått saman om eit tilsvarande tilbod med jordmorsentral på Otta. Både jordmødrene og dei gravide er kjempenøgde med nyordninga, fortel Sissel Bitustøyl.
Samhandlingskoordinatoren legg ikkje skjul på at det kan vere ei utfordring å fylle opp jordmorstillingane. Ordna arbeidstid og fagleg oppfylging trur Bitustøyl vil gjere jobbane meir attraktive.
Prosjektet skal utanom felles vaktberedskap syte for rekruttering og opplæring, og hospitering ved føde- og barselavdelingane på sjukehuset i Skien for å sikre jordmødrene i Vest-Telemark fagleg påfyll.
Fastlegeforum
Det vert også arbeidd for å etablere eit fastlegeforum i Vest-Telemark. Bitustøyl seier at dette skal vere ein felles møteplass for legane i regionen.
– Legane er svært sentrale for folks helse og for å få samhandlingsreforma til å fungere. No treng me tilbakemeldingar frå distrikta for å få eit godt oversyn over behova. Det me veit er at i Vest-Telemark sender ein frå seg svært få geriatriske pasientar som til dømes slit med demensproblem, seier Sissel Bitustøyl.
Artikkelen er publisert 15/01-2011
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|