|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Færre unge og fleire eldre innbyggjarar
 Aldergrupper: Forskar Audun Thorstensen har studert alderssamansettinga i Vest-Telemark og konstaterer at det vert færre unge og fleire eldre.
|
Folketalet i Vest-Telemark held seg no relativt stabilt. Den store nedgangen har flata ut det siste året, men alderssamansettinga er berre sunn i Seljord.
Bjart Schieldrop redaksjon@vtb.no
Forskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking har studert dei siste innbyggjartala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) og svingingane i dei ulike aldersgruppene i kommunane i Vest-Telemark.
– Hovudinntrykket er at det vert færre unge og fleire eldre innbyggjarar i regionen. Talet på personar over 90 år aukar. Prognosane fortel at etter 2020 kjem talet på personar i aldersgruppa 80 til 89 år til å skyte i vêret i Vest-Telemark.
– Kva aldersgruppe er den viktigaste med omsyn til å få vekst i folketalet?
– Det er personar mellom 20 og 40 år som er den kritiske faktoren om ein skal få fleire innbyggjarar. Her er spesielt nedgangen i Kviteseid og Vinje urovekkande med omsyn til framtida. Går ein bak tala i statistikken oppdagar ein at det i fyrste rekkje er kvinner som flyttar ut av regionen. Difor vert mangel på kvinner i fødedyktig alder ei stor utfordring, forklarer Thorstensen.
Konsekvens for barnetalet
Når kvinner mellom 20 og 40 år reiser ut ser ein det att i barnetalet. Det siste året er det 12 fleire innbyggjarar mellom 0 og 5 år, men heile 29 færre ungar mellom 6 til 15 år. Det er ei stor endring på berre eit år, seier forskaren.
– Tala indikerar elles at mange ikkje flyttar attende til heimstaden når utdanninga er sluttført. Denne trenden er sterkare i dei kommunane i regionen som ligg lengst unna meir sentrale stader. Varierte jobbtilbod er difor viktig for å auke attraktiviteten som buplass. Her ligg det store utfordringar for kommunane, påpeikar Thorstensen.
Sentralisering
Han underbyggjer funna med at Seljord, som den mest sentralt plasserte kommunen i regionen, kan vise til ei sunn alderssamansetting blant innbyggjarane. Det siste året har kommunen auka folketalet i aldersgruppene frå 0 til 66 år. Samtidig har ikkje talet på dei eldste innbyggjarane eksplodert eller vorte prosentvis større.
– Utan at eg har sjekka kvar flyttestraumen frå Vest-Telemark endar, er det grunn til å tru at mange hamnar i Midt-Telemark. Det er meir sentralt og har eit breidare jobbtilbod. Bø har til dømes den største auken i folketalet av alle kommunane i Telemark med 2,23 prosent vekst det siste året. Til samanlikning er veksten i innbyggjartalet 0,69 prosent i Telemark og 1,3 prosent i Noreg i perioden frå 1. juli 2009 til 1. juli 2010, seier Thorstensen.
Overføringar
Innbyggjartala og alderssamansettinga per. 1. juli i år bestemmer storleiken på dei statlege overføringane til kommunane i 2011. Korleis dei endelege økonomiske rammene vert, er fyrst klart når framlegget til statsbudsjett for 2011 kjem i byrjinga av oktober.
– Endringar i alderssamansettinga kan gje store prosentvise utslag i dei statlege overføringane. 70 prosent av kostnadsnøkkelen som avgjer storleiken på overføringane er relatert til innbyggjartilskot. Neste år er aldersgruppa mellom 80 og 89 år vekta ned. Det vil særleg Tokke tape på i 2011, fortel Audun Thorstensen.
Artikkelen er publisert 09/09-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|