Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Menneske og mastene


Temjer mastene: Store tekniske installasjonar, og korleis dei verkar på menneska, har interessert Eva Widenoja i årevis. No har industridesigneren på oppdrag frå BKK designa høgspentmaster for leidninga mellom Modalen og Mongstad.

Industridesignar Eva Widenoja, opphavleg frå Seljord, skapar alternative, landskapstilpassa høgspentmaster – eit heilt nytt, banebrytande tiltak her til lands. I arbeidet sitt tek formgjevaren utgangspunkt i alt som spelar ei rolle mellom menneske og ting.




– Mange får ei ubehageleg kjensle av å vera tett på ei stor, teknisk innretning. Som industridesigner legg eg vekt på alt det som spelar ei rolle mellom mennesket og ting. Persepsjon og ergonomi er viktig. Betraktaren, altså folk folk flest, står i sentrum. Når eg nå arbeider med master og trnsformatorstasjonar, set eg mennesket og tingen inn i eit landskap, seier Eva Widenoja.

Banebrytande
Firmaet Widenoja Design AS har nyleg presentert framlegg til utforming av master og transformatorstasjonar for den planlagte leidninga mellom Modalen og Mongstad. I vel eitt år har ho og ektemannen, Christian Aastorp, arbeidd med prosjektet som er bestilt av Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK). At design er inne så tidleg i prosessen, er i fylgje Eva, heilt nytt og banebrytande i Noreg.
– I konsesjonssøknadar blir det ikkje stilt krav om utforming av mastene. Det vanlege er at det visuelle aspektet, og eventuelle avbøtande tiltak, blir vurdert seinare i prosessen. Så her har BKK vore i forkant, poengterer ho.

Nye standardmaster
Bakgrunnen for prosjektet med dei alternative mastene var at Eva i 2008 fekk i oppdrag av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) å leggje eit teoretisk grunnlag for å tilpasse høgspentmaster i ulike landskap. Vidare engasjerte Statnett henne til å utvikle konsept til nye standardmaster, mellom anna master til bruk i skogsterreng.
Mastene som no blir presenterte, er utforma med bein i mørkebrunt limtre og med travers, eller tverrliggjar, av stål, lakkert ljos grå.
– Y-forma, i motsetnad til forma på ei standardmast, delar forma opp i mindre element. Eg har også late meg inspirere av dei knotrete furuene i terrenget der dei skal stå. Når det gjeld traversen tek den avrunda forma opp i seg formene i landskapshorisonten, forklarar designaren.

Alternativ i tre
– Teknisk sett er stålmastene som blir bruka i dag veldig bra. Men bodskapen min er at ein ikkje nødvendigvis treng bruke same masta heile vegen. Master som ikkje er designa for å tole påkjenningane på høgfjellet, kan vera gode alternativ i dalføra, meiner ho.
– Kva er feil med mastene som hittil har vore brukt?
– Haldningane har gradvis endra seg. I fyrste del av førre århundre var master og kraftgater sett på som ein del av det å byggje landet, og blei helsa velkome av folk over alt. Fyrste motstanden kom på 1950-talet. Det skjedde då det låg føre planar om linjer gjennom Nordmarka i Oslo, der nikkersadelen gjekk på tur. Nå er me nikkersadel heile landet. Haldningane har endra seg veldig mykje. Det er grunnen til at me går inn for å få til betre visuelle løysingar.

Arkitekt-pappa
Eva meiner design av produkt som pregar kvardagen vår er utruleg viktig, sjølv om me ikkje alltid er medvetne korleis det påverkar oss. Denne interessa har ho hatt sidan ho var jentunge. Etter å ha budd dei fyrste fem åra av livet i Kviteseid, flytta familien til Seljord, der faren Antti Widenoja hadde arkitektkontor som låg i nær tilknyting til heimen.
– Seint og tidleg var eg på kontoret til far min. Eg hugsar han var veldig oppteken av å tilpasse bygget til tomta og til landskapet, og at me snakka ganske mykje om dette. Me diskuterte også kraftutbygging og kva det førte med seg av konsekvensar – særleg snakka me om det estetiske. Familien min kjende ein del av dei som arbeidde med Sundsbarm-utbygginga, og eg fekk såleis eit innblikk i problemstillingane. Eg minnest me snakka om mastene og om demningane, og eg var kjempeivrig.
Heilt sidan den tid har ho hatt fagleg interesse for feltet.
– Og nå, nå får eg lov til å påverke dette, strålar Eva nøgd.

Mellom design og arkitektur
Industridesigneren og gündaren har levd greitt av faget sitt i kring tjue år. Undervegs har ho funne seg ektefelle og kompanjong i same mann. Dei arbeider no side om side i heimekontora på Langhus og har sonen William på sju år.
Tidlegare har Eva arbeidd mykje med design av medisinsk utstyr og emballasje. I kvar einaste velassorterte daglegvarebutikk kan ein møte resultat av skaparkrafta hennar; plastflaskene til saus, som ho designa for kring ti år sidan. Frå 1990 har ho også sysla mykje med utandørs produkt. Ho likar å arbeide med tekniske ting og installasjonar i grenselandet mellom design og arkitektur, og har tenkt kraftmaster sidan tidleg på 1990-talet. Ho har også arbeidd med estetisk teori for kraftbransjen, og har på oppdrag frå NVE utarbeidd eit teoretisk grunnlag for mastedesign i ulike landskapsrom.
Ho ser landskapstilpassa master som eit alternativ til sjøkablar.
– Desse mastene er ikkje designa for den omstridde leidninga mellom Sima og Samnanger, men syner likevel litt om moglegheitene. Ofte vil inngrepa bli opplevde som mindre om ein tilpassar mastene til landskapet og justerer traseen. Det mange ikkje tenkjer på når dei krev sjøkabel, er at dei miljømessige konsekvensane. Sjøkabel må førast i land, med store, skjemmande ilandføringsanlegg og krafttraséar frå fjæra. Jordkabel medfører, slik dette landet ser ut, å sprengje breie grøfter – inngrep som ikkje er reversible før neste istid. Så luftspenn er nødvendigvis ikkje den verste løysinga, påpeikar ho.


Artikkelen er publisert 09/09-2010

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen